Side 1 2 3 4 5 6 7 8

Oppgåver:

Finn tittel
Kryssord

Oppgåver som skal løysast ved Astruptunet:

Ark 1
Ark 2

Om besøk ved Astruptunet

Lenker:
Astruptunet, Museumsnett

Astruptunet,
Jølster Web Design.

 

I Paris fekk han sjå bilde av mange kjende kunstnarar. Han mala noko sjølv og, men i dag finst det berre to akvarellar frå Paristida hans. Ingen veit kor resten av bilda er blitt av. Kanskje dukkar dei opp ein dag?

Etter berre 3 års utdaning ville han heim til Jølster. No ville han male heimbygda si, som han syntest var så vakker og fengslande.

Etter kvart mala Nikolai Astrup mange fine maleri, del fleste frå Jølster. Men bilda hans kunne vere ganske forskjellige.

Han mala bevisst i ulike stilartar. Nokre ganger mala han litt mystiske stemningsbilde med få detaljer og store, mørke flater. Då kunne bilda hans likne på maleria til Edvard Munch. Andre ganger la han vekt på å få med mange detaljer, samtidig som han brukte klare, fine fargar. Då kunne bilda minne om dei som Harald Solberg har mala (han som brukte nesten 15 år på å male bildet "Vinternatt i Rondane ").

På "Svanø hovedgård" heng eit stort maleri av Nikolai Astrup. Dette bildet er heilt ulikt del fleste andre maleria hans. Malemåten han brukte då han mala dette bildet kallast naivisme.


Svanøy hovedgård

Han malar bevisst naivt, eller barnsleg som vi ville ha kalla det. Menneska, husa og landskapet verkar klønete mala. Men fleire andre kunstnarar valde også å male på denne måten. På dette maleriet kan vi forresten kjenne igjen Nikolai sjølv, og også den kjærasten han hadde den gangen.

 




Interiør med stor blå krukke

Nikolai var ein av Noregs flinkaste grafikarar. Ein grafikar skjer ut eller rissar inn eit bilde på ei plate. Sa legg han farge på treplata og trykkjer plata mot eit ark. På denne måten far han eit trykk, kalla eit grafisk blad. Nikolai brukte treplater der han skar (snitta) ut motivet med treskjerarjarn. Spesielt for Astrup var at han brukte oljemaling når han trykte bilda sine. Han mala plata med fleire fargar. Sa la han papiret oppå og trykte papiret ned mot plata med ei valse. Grafikk der ein brukar treplater, blir kalla tresnitt. Det var berre Edvard Munch som laga like fine tresnitt som Astrup her i Noreg.