Side 1 2 3 4 5 6 7 8

Oppgåver:

Finn tittel
Kryssord

Oppgåver som skal løysast ved Astruptunet:

Ark 1
Ark 2

Om besøk ved Astruptunet

Lenker:
Astruptunet, Museumsnett

Astruptunet,
Jølster Web Design.

 

Då Nikolai hadde budd i Jølster nokre år, møtte han ei svært ung jente frå bygda som han blei forelska i. Ho heitte Engel til fornamn. Då dei gifta seg var ho endå ikkje fylt 16 år.

Nokre år seinare kjøpte Nikolai og Engel ein liten gard som heitte Sandalstrand. Det er garden som i dag blir kalla Astruptunet. Her samla Nikolai fleire gamle, små hus.

Han bygde og eit atelier i gammal stil på garden. No kunne han drive gardsdrift ved sidan av å male. Det likte han godt. Særleg begeistra var han for å jobbe i hagen. Der kunne han dyrke blomstrar, grønsaker og rabarbra. Han hadde meir enn 10 forskjellige sortar rabarbra!

 



Engel og Nikolai fekk etter kvart mange barn. Heile familien hjelpte til med å drive garden. Men garden var liten og Nikolai hadde sett seg i gjeld for å kjøpe han. Så økonomien var dårleg. Det var lite pengar å tene på gardsdrifta.


Nikolai og Engel Astrup

Nikolai Astrup tente heller ikkje nok på bilda sine til å betale gjelda si. Men sjølv om dei hadde dårleg råd, måtte Nikolai iblant reise til utlandet for å bli inspirert av andre kunstnarar. Dessutan var det viktig for helsa hans å komme til varmare strøk iblant. Det hende Engel og var med han på reisene hans.

Sjølv om Nikolai var mykje sjuk, kunne han vere riktig uforsiktig med seg sjølv. I januar månad kjørte han i open bil frå Jølster til Førde. Han blei forkjølt, fekk Lungebetennelse og kom aldri meir tilbake til sitt kjære Jølster. Han døydde i Førde, berre 47 år gammal.