Side 1 2 3

Lærar og skuleinspektør.

Store forandringar i skulen.

Leik og moro.

Skulevegen.

Frå skule i private hus til moderne skulebygging.

Skikk og bruk i heimen.

Kyrkjegang.

Preiketekstar og salmesang i heime.

Helg og høgtid.

Gardsdrift.

Båtbygging.

Klær og moter.

 

Om Abraham B. Steinhovden

Lærar og skuleinspektør.

- Nå sit vi her på Bjørnset hos deg, Abraham, og du skal fortelje litt om skulen og din tid i skulen. Når du skriv ser eg det at du brukar A.B. Steinhovden under stykkene dine. Kva står det eigentleg for?

- Ja, det står for det at: Far min han heiter Bertil, og så var det at i Steinhovden var det tre stykker som hette Abraham og difor så begynte eg med dette namnet A.B. Steinhovden. Det har eg brukt sidan eg var en 25 år.

- Så du var født i Steinhovden, her i no Flora kommune, og tidlegare Bru.

- Ja , eg var født i 1900 i Steinhovden og voks opp i Bru kommune.

- Så bar det på lærarskulen med deg, og du har vore lærar i…. Kor mange år forresten?

- Ja, eg begynte på Lærarskulen i 1930 og har vore lærar til i1968.

 


A.B.Steinhovden byggjer hus 
saman med Gustav Nydal.
(Foto: Firdaposten)

- Dei fleste av dei åra var du i gamle Bru kommune?

- Ja, dei fyrste tre åra flytte eg litt på meg, for eg var vikar dei to, tre fyrste åra. Så var eg tilsett i Eikefjord og var der i 3 år. Derifrå bar det til Nordalsfjorden, til Solheim skule. Der var eg i 6 år.

- Så flytte vi opp til Tingvoll. Eg var i Nordalsfjorden i alle krigsåra, og eit år til. Men i Tingvoll vart vi værande berre 1 år. Det var ymse ting som gjorde at vi då flytte tilbake til Bru.

Frå skule i private hus til moderne skulebygging.

- Då kom vi då til Bjørnset skule. Der var no ikkje skulehus, men vi bygde oss nå et hus her…. Eg tenkte nå å flytte vidare, men det vart no ikkje noko med det. Mest fordi at da vart det utlyst ein skuleinspektør post i Bru. Den søkte eg og vart tilsett. Og såleis vart vi værande her meste tida.

- Eg såg mykje på det der at skulane… Vi hadde 14 skulekrinsar, men berre 7 av disse hadde skulehus. Og eg hadde det for meg at det måtte gjerast noko for at dei andre krinsane, som nå ikkje hadde skulehus, også måtte få skulehus.

- Over ein tiårsbolk då fekk vi bygd tre nye skulehus og fekk ombygd og påbygga to av dei eldre skulehusa. Og fekk og laga fleire leikeplassar, som somme skulehus ikkje hadde. Det var no særleg Høydalen, Svardalen, Nordal skule og Sunndal skule som ikkje hadde skulehus.

- Det vart det en del av disse krinsane som og vart sammen slegne, av desse som hadde udelte skular. Slik at det då vart skulehus i alle krinsane til slutt.

- Korleis var det med… Den siste tida di var du skuleinspektør og du arbeide på skulekontor. Korleis var det den gongen, var dykk mange på skulekontoret?

- Nei, på skulekontoret var det no slik at disse mindre kommunane her så var det bare halv post som skuleinspektør og halv post i skulen. Det var tre dager i skulen og tre dager på skulekontoret. Eg hadde mitt skulekontor her i heimen. Eg likte godt det arbeide: At eg kunne ha halv post i skulen og halv post på kontoret.

- Samtidig som eg var skuleinspektør så var eg også formann i skulestyret i mange år. Ja, eg trur det var 18 år i Bru. Og seinare då vi vart samman slegne, desse fire kommunane her, vart eg valt til den fyrste formann i Flora skulestyre. Eg var då i 4 år. I denne tida så hadde mykje av mitt arbeide på skulekontoret også.

- Det var nå slik at alle skuleinspektørane som var i disse fire kommunane vart oppsagde då, like før samanslåinga av kommunane. Då var det slik at ein som var skuleinspektør i Kinn, han flytte til Førde. 

 

- Han som var skuleinspektør i Eikefjord hadde nådd aldersgrensa, og kunne slutte. Då var det bare han som var i Florø og eg som var att. Men eg hadde bare tre år igjen til aldersgrensa, og søkte ikkje skuleinspektør posten i Florø. Det vart då Kolle som vart tilsett der ja.

- Det var i grunn et interessant samarbeid vi hadde på skulekontoret, både med Kolle og med Bjørg Jansen. Så det var ei hyggeleg tid dei åra eg arbeide der.

- På nokre av desse plassane der du var som lærar var det ikkje skulehus. Korleis var det å være på ein plass der dykk altså måtte ha skule hos private?

- Og det var nok mange stader det var vanskeleg med å få skikkelege tilhøve, slik som han kunne ønskt. Det var jo slik at når en var i et privathus, måtte dei som åtte huset arbeide der også. Det kunne være mykje som forstyrra. Elles var det vanskeleg på mange måtar.

- Det var ein stad eg høyrde gjete at dei hadde ein liten smågris inn i stovene, eller det var kjøkkenet, eg trur helst at det var. Det var nå gjerne slik at denne grisen var det noko dei skulle stelle med, og det var alltid om morgonen når dei hadde kristendomstimen i skulen. Då var det ikkje råd til å høyre mannemål inni skulerommet.

 

- Slik kunne det være fleire plassar der en måtte skule i privathus. Somme stader var det no kanskje slik at det låg litt utanom der dei arbeide i det private, der gjekk det no betre.

- Korleis var det med oppvarming i dei gamle skulehusa?

- Ja, det var då til å fyre med ved det. Det var no gjerne nokon som hadde teke på seg å legge i omnen om morgonen. Hadde vil lite granne betaling for det, tenkjer eg. Like eins var det med reinhaldet, det var nokon som var tilsett å skulle holde reint, vaske kvar dag. Dei også hadde vel nokon betaling ja. Enn det ikkje var slik som i dag då, med betalinga.

Skulevegen.

- Den fyrste skuleposten din Steinhovden, kan du fortelje litt om det?

- Den fyrste skuleposten eg hadde det var ved Langedal skule i Eikefjord. Det var eit lite skulehus som stod inne på kleivane, som dei sa. Og står visst der endå.

- Då var det mange krinsar i Eikefjord skulane også. Der var mange som hadde lang og dårleg veg til skulen, av dei borna som søkte i skulen i Langedal. Eg tenkjer på ovanfor Listene, der det då ikkje var nokon veg. Men nå har dei no fått veg der og. Der var berre en enkel skogsstig.

- Samleis i frå Agledalen, måtte dei også traske på ein sånn liten gangveg. Dei måtte gå tidleg i frå heimen for å nå fram til skolen klokka ni.

- Kor lange tid pleidde dei å bruke på skulevegen?

- Ja, det trur eg no at dessa der som eg nemnde, dei måtte bruke tre kvarter kvar veg.

- Og elles var det slik at dei måtte både ro og gå ofte til skulen, tidlegare?

- Ja, her på Bjørnset var det no slik. Det var no nokon som hadde barn frå Fanevika, som søkte skule her på Bjørnset. Mora måtte skysse dei med båt over fjorden, og så måtte dei då gå tvers over, gjennom skogen. Men elles dei i frå Sandvika, det var no motorbåtskyss dei hadde.

- Var det nokon plass at ein kan sei at det var farleg skuleveg som dei måtte igjennom, desse her elevane som du hadde?

- Nei, eg trur ikkje akkurat at eg kan peike på noko som var så farleg at eg ville nekte barna å gå, slik som en har hørt om andre stader. Det kunne være dårleg veg, slikt, men ikkje farleg for ras eller noko slekt noko. Og det kunne no hende at det var så mykje storm at ikkje skyssbåten kunne komme fram, men det var no ikkje ofte.

- Men tungt kunne det nok være i alle slags vær og føre, skulle eg tru, og komme seg til skulen tidlegare?

- Ja, det er sikkert! Det var no ikkje alltid så kjekt å take ut om morgonen i ruskevær, regn og storm, som det kunne være. Dei hadde det ikkje så bra alltid.

- Dersom vi sammenligner med slik som det er i dag da elevane blir køyrd med buss, og det hender og med drosje, og flotte båtar til skulen, så er det vel en veldig forskjell?

- Ja, det må vi sei at det er forskjell på no og for ein 20-30 år sidan, korleis det er å ta seg fram til skulen.

- Då vi skulle begynne med ungdomsskulen i Flora, då var det fyrste tanken at vi skulle bygge internat. Dei skulle bu på internat dei som hadde lang veg og ikkje kunne fare heimat igjen til heimen sin. Men vi kom til det at det måtte være betre at barna kunne få komme heimat til kvar ein skuledag. Difor fikk ein då bestilt disse skyssbåtane, som har gjort god teneste såleis. Vi meinte det vart betre at dei kunne få komme heim at igjen til sine heimar.

- Ja, dykk såg vel litt på økonomien og, kva kunne være det beste i såmåte kanskje?

- Ja, det kunne det være og. Veit ikkje kva som kunne værte billegaste. Det kunne no hende det at det med internat kunne værte billegare for kommunen, men vi tenkte på heimane at det måtte være det som tente dei og borna best.

- Nå har det gått slik at det har blitt fleire og fleire fag i skulen og det har blitt ein forskyving av timetalet, kan en sei. Korleis var det på den tid då du begynte som lærar, kva slags fag var dei viktigaste då?

- Ja, dei som var rekna som hovudfag, som vi seier, det var no norsk, rekning og kristendomskunnskap. I kristendom då hadde vi ein time for kvar dag, vanleg. Dei andre faga, kanskje har det vorte fleire timar med norsk og rekning, elles som det var då? Men det er no kristendomsfaget som har mist mest timar. No er det vel berre to timar for veka, før var det seks.