Side 1 2 3 4

Frå skinnbåten og flåten til Sunnfjordbåten og Holmedalsjekta.

Sunnfjordbåten.

Smeden.

Toftene og masta.

Ror og styrestag.

Hambora.

Syfteband og revband.

Kva var segla laga av?

Årar.

Motoren kjem.

Holmedalsbåten.

"Eidsvollsbåten."

Skipsbygging på Svanøy.

Holmedalsjekta.

Med seglbåt til Bergen.

Varebyte.

Vanskeleg kunne det vere.

Holmedalsjekta på museum.

Forskjellige typar

 

 


Østerstang - å ta opp østers frå sjøbotnen med.


Steinhelle med rund stein. Var brukt å knuse krabbe på til agn etter"krabbetorsken". Dei rørde med ulltråd rundt angelen med krabben.




Didrik Kittang


Småbåtar med spreisegl og med gaffelsegl ved moloa i Florø. Biletet er frå slutten av 1800-talet, og er utlånt frå Sjøbruksmuseét.

 

Heftet er tilrettelagt av Olav Solheim, Flora Pedagogiske Servicesentral.
Tilrettelagt for Internett av Leiv-Arne Øien, oktober 1999

Frå skinnbåten og flåten til Sunnfjordbåten og Holmedalsjekta.

Steinhelle med rund stein. Var brukt å knuse krabbe på til agn etter "krabbe- torsken" Dei rørte med ulltråd rundt angelen med krabben.

Folk ved havet har nok tidleg freista å lage ein farkost som del kunne kome seg ut på sjøen med. Det er rimeleg å tenkje seg at det var skinnbåtar frå først av. Sidan bygde dei seg flåtar av stokkar. Dei kom seg ikkje langt frå land på desse. Så hola dei ut i trestokkar, forma til med sine primitive reiskapar så dei fekk etter kvart båtskap. Då kom dei seg lenger frå land.

 

  Dei kara seg no fram over sund, kyllarar og vikar. Med einfelde reiskapar dreiv dei i fangst. Med stenger, forsynte med bein-oddar spidda dei fisken. Krabben var lett å kare til seg på bergsida og på bratte hamrar, der den leita etter føde. Med to armar av tre med ei klo i eine enden forma dei ei stor knipetong, som dei fanga østers med. Frå bronsealderen og fram til våre besteforeldre si tid kunne folk fange østers i sunda og vågane her. Derfor kunne bestefar hjelpe oss smågutane med å lage østerstong.

 

 

Sunnfjordbåten.

Frå den einfelde trebåten av uthola trestamme voks etter kvart fram ein verkeleg båt og ulike båttypar langs kysten. Sunnfjordbåten kom til å skilje seg ut frå båttypar sunnan og nordan for oss. Inni fjordbygdene bygde folk båtar. Der var rikare med materialar. Men folk på øyane bygde sine båtar. Her var verre å finne gode materialar. Dei henta derfor båtbord, materialar til kjøl, stamnar, spant og renger inni fjordbygdene. Dei drog ein tur og samla inn slike materialar om våren eller sommaren, hengde trevyrket i naust og lade til tørk. Når hausten med ruskever kom, tok karane til å økse på stamnar, spant og renger.

 

 


Å økse eit fint og godt kjølbord av ein tjukk furuplank var eit arbeid som kravde godt handlag og nøgne augemål. Så vart båten borda opp. Borda vart feste til stamn, spant og su med trenaglar, duppa i tjære. Dei stod i naustet med arbeidet, Det var ofte så romsleg at der var plass til ein storbåt. Jektene laut nøye seg med å stå i Jektestøa. Støa ber endå det namnet, men jekta vantar. Ho vart borte når motorbåtane kom. Gamle Arne var den siste som bygde jekt på Keitongen.

Jarnet vart teke i bruk i båtbygginga. Dei klinka saman suene med jarnsaumar og ro. I førstninga var rørne firkanta, seinare vart dei runde. Borda vart framleis feste til spanta og esinga med trenaglar. Det har vore brukt like fram til vår tid.

Smeden.

I grannelaget var oftast ein smed. Heime vart han kalla Navresmeden. Rette namnet var Rasmus. Men han laga altså navrar og. Den som bygde båtar, hadde då endeleg bruk for navrar av ymse storleik frå rivenavar til dragnavar. Smeden laga og styrelås og lykkel til roret og ymse anna til båten. Han laga dregg til båt og til notpenter.

SUNNFJORDBÅTEN - ein vakker båt med gode sjøeigenskapar.

Etter kvart utvikla det seg sunnfjordbåtar i ymse storleikar, frå færingar til jekter. Dei karane som bygde sine eigne båtar ute på Øyane, hadde røynt seg til kva eigenskapar ein god fiskebåt skulle ha. Denne røynsla gjekk frå far til son. Såleis prøvde dei ut den ideelle sjøbåten. Med slik utforming av kjølbordet i sunnfjordbåten blir han flatbotna, fin og rund i forma. Han har gode halsar. Han er lett å ro og ein stø og god seglbåt, roleg og påliteleg i sjøen. Ligg vinden etter eller tvert på sida, skyt han god fart. Han er tregare når han skal beite, eller når han kjem ut i tung sjø. Då sigler gjerne nordfjordbåten frå han. Den flate botnen gjorde at han lasta mykje.

 

  Det høvde bra når han skulle brukast til sildefisket. stø som han var, låg han sikker og roleg i rokdrivet frå Batalden, Kinn og Alden. Var han drygt lasta, letta han seg fint straks ein fekk seglet opp. Han lettar seg under segl, sa folk. Dei båtane ein endå kan sjå, ber vitnemål om vakkert og godt frå seg gjort arbeid. Karane sette båtane godt inn med tjære, og sidan smurde dei båtane kvar vår med tjære. Så mange finns ikkje no. Kan nemne ein sunnfjordseksæring (losbåten) som står i eit naust i Batalden. På Keitongen står ein Læring (100-150 år), Han kom i si tid f rå Hovden. Båtane var merkeleg tette. Dei spann eit tog av nauthår som dei la i bek mellom borda, i sua. Seinare fekk dei strie av hamp som dei smurde med råtjære og brukte til tetting. Til naglar valde dei god, "feit" fure, som ikkje hadde lett for å rotne. Desse trenaglane svarva dei ut i ei trolade og tilpassa eit visst navarshol, I kveldseta sat karane og laga trenaglar. Det skulle mykje til i ein båt, endå om ein brukte saum i suene. Så bora dei hol gjennom bordet og spantet, bordet og ranga og keipane på ripa. Dei duppa naglen i tjære og slo den inn i. På innsida skar dei ei kløft i naglen med ein kniv og dreiv ein kile inni. Då heldt det, men kilen måtte gå på tvert av veden i spantet.

Toftene og masta.

Toftene er flate på oversida, men runde under. Ofte vart det nytta hunbord til tofte. Mastetofata laga dei av noko betre og tjukkare ved. Midt i tofta var teke ut eit hakk for masta. Ho hadde ein tapp i nedste enden. Den sette dei ned i ein klamp med hol i, som høvde for tappen. Såleis stod masta fast når ho vart avstaga og vanta.

 

 

Tilfaret.

Så laut dei ha tilfar i båten. I botnen legg dei tiljer, som er breiast midt i båten og smalnar av frametter og baketter. Tiljene har namn etter det rommet dei ligg i: styretilja og sigletilja. Til sigletilja er klampen med sporet for masta festa. Ho ligg mot bandet (spantet), halde på plass med ein klamp på kvar side. I framskuten og bakskuten ligg plittane. Dei spissar av mot eine enden, mot halsen. Fjølene på tilfaret går på tvert av båten og er festa til ein åke (anke) som ligg langs med kjølen. Her brukte dei trenaglar.