Side 1 2 3 4

Frå skinnbåten og flåten til Sunnfjordbåten og Holmedalsjekta.

Sunnfjordbåten.

Smeden.

Toftene og masta.

Ror og styrestag.

Hambora.

Syfteband og revband.

Kva var segla laga av?

Årar.

Motoren kjem.

Holmedalsbåten.

"Eidsvollsbåten."

Skipsbygging på Svanøy.

Holmedalsjekta.

Med seglbåt til Bergen.

Varebyte.

Vanskeleg kunne det vere.

Holmedalsjekta på museum.

Forskjellige typar segl.


Ror og styrestang.

Styregreiene er roret og styrestanga. Roret var før i tida festa til ei lykkje nede på lotet og eit styrelås oppe. Gjennom styrelåset gjekk ein styrelykkjel. Han gjekk gjennom ei lykkje på roret. På roret var ein pik nede. Denne stakk ein ned i lykkja på lotet, og låste med lykkjelen oppe i låset. Seinare fekk dei ein styretein festa til lotet og ei klauv i nedste enden på roret. Roret med klauva kunne ein føre ned over styreteinen. Med dette festet var det lettare å få roret på plass. Det kom vel med, serleg i tung sjø med skavl. 

Det var heller ikkje så utsett for at garn og liner skulle henge seg fast, slik som i piken. Til roret festa dei så styrestanga med styretunga. Mellom desse var eit ledd.

 Etter at dei hadde festa styretunga i roret, la dei styretonga ned i lesida. Så kunne dei heise seglet.


Større bilete, klikk på det!

 Lange tider var råseglet brukt. Masta stod nær midt i båten, rekna mellom stemna. Masta skulle vere så lang som rundmålet rundt båten om Kjølen midt på båten. Dette var lengda på masta til bolten i hambora (dvs, festet for slag og vant). Toppen kom i tillegg om det var brukt topp då.

 

Hambora.

Masta var jamtjukk til hambora. På store båtar hadde dei 2-3 vant på kvar side. På små båtar brukte dei ofte to vant p å vindsida (i lu) og eitt på lesida.

Segla vart betre og betre.

Segl var brukt på store og små båtar. Det var råsegl f rå først av. Dei var breiare nede enn oppe og like i kvart skaut. I segla var heile dukar i midten.

  På kvar side var innsette splittdukar til å auke breidda nede. Med slik form på seglet kunne ikkje vinden presse båten så hardt over til sida. Etter kvart røynte karane seg til segl med ulike skaut. Fiskarane tok seg lenger ut på sjøen og dreiv fiske på havskallane. Då brukte dei større båtar. Det vart mykje sigling og mindre roing. Det vart mykje bidevindsigling og kryssing. Segla vart tilmåta slik sigling.

Syfteband og revband.

Elles regulerte dei vindtrykket mot seglet ved å slakke i skautet, men og ved å. dra i svftebandet, eit band dei drog seglet saman med midt på. Bandet gjekk tvers over seglet i nokre treklossar. Ved å dra i syftebandet og snurpe seglet saman, letta dei båten i vindroser og skavlar. Seinare fekk dei sett inni segla "revband". Med dei kunne dei rulle saman seglet nedanfrå. Det var f leire rader "revband", slik at seglet kunne gjerast mindre etter som vindstyrken auka.

 

 

Draget. Rakken.

Seglet heisa dei opp og fira ned med draget, eit tau som gjekk gjennom hambora og var festa midt på råa. Rakken gjekk som ein klave kring masta. Det var ei trehovd, festa til råa med band, rakke- bandet. Rakken var laga av eine og fint tillaga, slik at han ikkje sette seg fast i masta. Til rakken var festa ei line, rakkelina, som dei hala seglet ned med.

 


STORT AUSESKJER TIL STØRRE BÅTAR. HANDTAKET VENDER INN OG GIR BETRE BALANSE. DET STØRRE OG DJUPARE TEK MEIR SJØ.

 


SKVETTAUSESKJER TIL SMÅ BÅTAR.

Kva var segla laga av?

Kva segla var laga av har det vore mange gissingar. Vi veit i alle fall at dei har vore voven av ull, av hamp og av lin. Ullsegla var vel dei eldste. Ute med havet heldt folk sauer. Her var lett å få tak i ull. Ullseglet var tungt. Hampen var lettare. Etter kvart vart segl av hamp og av lin teke i bruk. Segla vart barka med bjørkebark for å halde seg lenger.

 

 

Auskjeret.

Auskjeret hadde plassen sin i bakrommet. Det var laga for ei hand, og heitte då skvettauskjer. I større båtar hadde dei eit større med handtak for to h ender og noko annleis forma. Det tok meir sjø.

 

Årar

Årane har ymse lengd og står i eit visst høve til breidda på båten: 2 gonger breidda av rommet ved keipen med lommen i tillegg. Skapet på årebladet ymsa noko. Årane er firkanta med avrunda kantar og meir og meir avrunda ned mot bladet. Dei ligg i keipen mot keipsneven og hamlebandet. Hamlebandet er laga av ridvundne trerøter. Seinare vart tau teke i bruk til dette.

Penta brukte dei gjerne til å spile ut eine skautet under sigling. Elles vart penta nytta som båtshake. Det var ei stang med ein krok og pik av jarn i eine enden.

 

 

Frå råsegl til Spreisegl.

Råseglet vart etter kvart utskifta med spreisegl. Her var framsida festa til masta. Ei trestong, spreiet, stikk ein inn i ei stropp i øvre og bakerste hjørnet på seglet og fester hin enden med eit tau nede ved masta. Her nytta ein ei rennelykkje, slik at spreiet var lett å ta laust og få ned. Framma for masta sette ein fokk, festa til stamnen og staget og oppe til masta. Spreiseglet vart mest nytta til mindre båtar, færingar og seksæringar. Til større båtar fekk ein gaffelsegl. Storseglet er her festa til ein gaffel, ein trestokk som med gaffelform grip om masta og med taljer i gaffel og mastetoppen vert heist eller fira. På jakter og større farty vert nedste kanten av seglet festa til ein bom. På større båtar kjem og klyver til, festa til ei klyverstang som stikk fram om båten. I maksvær heiste ein gjerne toppseglet og. 

 

Motoren kjem.

Motorar vart tekne i bruk i førstninga av 1900-talet. Fiskarane hoppa ikkje på det med ein gong. Dei var for det første litt utrygge på ein maskin. Dei visste kva årar og segl var. Der var det menneskeleg vit og krefter som avgjorde alt. Framdrifta låg m.a.o. i menneskeleg makt. Mange meinte og at bråket av maskinene kunne skremme bort fisken. Etter kvart som folk skyna at det ikkje var så ille, kosta fiskarane seg motor i storbåtane. Det skulle så lita omvøle til.

  Men somme sytte seg nye båtar, bygde for motor. I Batalden bygde såleis Bertel slike båtar. To av desse er endå til: "Schamrock" i Batalden og "Håkon" i Barekstad, Dei er rett nok ombygde f rå klinka (sua hud) til kravellbygd. (planka). Det er gjort på Svanøy. Dei opprinneleg klinkerbygde var svært vakre i forma. Gamlekarane la mykje vekt på at båten hadde fine liner ned riktig "spring" (stigning mot stemna). Mange slagkeipingar og femkeipingar vart sette i nausta og sjeldnare brukte. Så forfall taket på nausta, båtane vart skadde, og det heile rotna bort med åra. Men enno finst både naust og gamle båtar somme stader, men dei er få.