Side 1 2 3 4

Frå skinnbåten og flåten til Sunnfjordbåten og Holmedalsjekta.

Sunnfjordbåten.

Smeden.

Toftene og masta.

Ror og styrestag.

Hambora.

Syfteband og revband.

Kva var segla laga av?

Årar.

Motoren kjem.

Holmedalsbåten.

"Eidsvollsbåten."

Skipsbygging på Svanøy.

Holmedalsjekta.

Med seglbåt til Bergen.

Varebyte.

Vanskeleg kunne det vere.

Holmedalsjekta på museum.

Forskjellige typar



Holmedalsbåten.

I ei båtgrav i Holmedal fann dei ein båt som professor Sheteleg meinte er frå det niande hundreåret. Båten er ein femkeiping og er 9 m lang. Etter det fine arbeidet å døme må han ha vore tenkt til skyssbåt. Han har vore bygd av uvanleg tynne eikebord. Dei har vore klinka saman med jarnsaum. Der var surringsklampar på borda som på eit vikingskip. Kjølen var hogd ut av ein eikestokk. Diverre fann dei ikkje så mykje att av båten i grava at dei kunne rekonstruere han.

 

"Eidsvollsbåten".

Den mest kjende sunnfjordbåten er vel den eidsvollsmennene, president Christie og nokre andre bergensarar nytta til ferda f rå Bergen til Lærdal i 1814 på veg til Eidsvoll. Denne båten vart bygd på Svanøy i futen J.W. Nagel si tid. Han døydde i 1788. Båten vart ombygd etter 1814, med bakke framme og ein gallionsfigur fremst. Han vart då så tung f ramme, var ikkje lenger brukande til skyssbåt. Som parade- båt på Puddefjorden tykte bergensarane han var staseleg å sjå til. Han vart øydelagd under krigen ved ei krigshandling.

 

 

Skipsbygging på Svanøy.

Hans Nielsen Hauge kjøpte Svanøy. Han skøytte eigedomen over til ein ven f rå Hallingdal, Ola Torgeirson, fødd på Helling i Ål 1778. På Svanøy dreiv han gard, fiske, sagbruk og skipsbygging. Attåt dreiv han saltbrenning nokre år. Han tok borgerskap i Bergen og var kjøpmann der.

 

   I 1804 sette han i gang med skips- og båtverv. Her bygde dei mange av desse vengbåtane som enno finst att nokre av. I Flora er såleis ein teken vare på. Skrivarar, futar og amtmenn brukte desse på embetsferdene sine. Båtane var måla kvite med raude og svarte lister. Dei var vakre å sjå til, og skilde seg lett ut frå dei vanlege bruksbåtane i Sunnfjord. Det er teke vare på ei av dei gamle jektene og, nemleg Holmedalsjekta.

Holmedalsjekta.

Denne jekta vart bygd på Vindheim i Holmedal. Byggjar var Sjur Vindheim i Holmedal. Jekta lastar om lag 40 tynner sild og er vel i kring 200 år gamal no. Jekta har veng (hytte) bak, men ikkje glas, berre to små hol på sidene. Ein "spesialist" for seinare kringom og bygde om vengen i jektene, slik at han vart romslegare og då sette han to glas i spegelen. 

  Slike jekter var det i ymse bygder og ute ved havet. Dei var ofte pynta med utskjeringar i styret, gjerne med fargar i raudt, kvitt og blått eller andre fargar. Seglet var av drivande kvit lin. Jekta skaut god fart i lageleg vind. Det er fortalt at ho drog f rå Holmedal kl. 9 og var i Bergen kl. 16.

Med seglbåt til Bergen.

Var det motvind, måtte karane ro, og då gjekk det ikkje fort. Årane var tunge, 4,40 m. lange. Her ute med havet var årane til jaktene lenger, opp til 7,70 m. 

 

  Derfor passa karane på å ta turar til Bergen når det slo om til nordavind. Så stogga dei i byen nokre dagar til vinden skifte om til sud, då strekte dei segl og drog heimatt. Det var viktig å nytte "børen"

Varebyte.

Jaktene frå indre bygder førde med seg til byen kjøt, smør og ost, trematerialar, bork, tynner og band- buntar og brensel, bjørk og or. Attende hadde dei med mjøl, salt, tyvarer og tauvarer, garntråd til fiskereiskapar og jarn, tjære. Ute med havet nytta dei jektene til sildeføring, salta sild i tynner. Om sommaren tok dei byturar med tørka lange og salta torsk og brosme, lever og rogn. Heimatt hadde dei med seg om lag same slag varer som folk f rå dei indre bygdene, men noko meir av matvarer, mjøl og gryn og kavring.

 

 

Dei gjorde og større innkjøp av tau og garn til fiskegarn og nøter. Våre forfedre bytte varer.

Fiskarane tok seg turar til Sogn om hausten og bytte til seg poteter og frukt i salta fisk. Vanleg var det fire tynner poteter for ei tynne fisk. Folk ute med havet ferdast mykje.

 

Vanskeleg kunne det vere.

Det var eit slit å kome fram ofte. Vinden var ulagleg. Då var det å baute seg fram, krysse som dei ofte sa. Det var ikkje betre når jakta vart liggjande i vindstilla.

 

  Inni fjordane kunne ein og bli liggjande i "daudvatnet", kom ikkje av flekken. Då måtte dei fire ein lettbåt ned frå vengen og "buksere" jakta laks, d.v.s. slepe jakta ut or "daudvatnet".

Holmedalsjekta på museum.

Som nemnt er Holmedalsjekta teken vare på. Det var Sunnfjord Museum i Førde som først fekk overlate jekta. Saman med nokre andre sunnfjordbåtar vart ho då plassert i "Bataldebua" som museet hadde fått tak i. Det var ei av dei store saltebuene som stod i Fanøyvågen. Firma A.Haave, Florø, åtte bua og selde henne for 800 kr.

 

  Bua vart plassert på den gamle muséplassen på Skorpa i Førde sentrum. Då museet skulle flyttast der f rå til Movika, tykte muséstyret og andre muséumsfolk at det var naturlegare at bua og båtane vart flytta ut til havet. Kommunane her var viljuge å ta mot både bua og båtane som dei fekk vederlagsfritt. Dette vart så opptaket til eit fiske-bruksmuseum.