Side 1 2 3 4

Frå skinnbåten og flåten til Sunnfjordbåten og Holmedalsjekta.

Sunnfjordbåten.

Smeden.

Toftene og masta.

Ror og styrestag.

Hambora.

Syfteband og revband.

Kva var segla laga av?

Årar.

Motoren kjem.

Holmedalsbåten.

"Eidsvollsbåten."

Skipsbygging på Svanøy.

Holmedalsjekta.

Med seglbåt til Bergen.

Varebyte.

Vanskeleg kunne det vere.

Holmedalsjekta på museum.

 


GAFFELSEGL.

SEGLET ER FESTA TIL GAFFEL SOM KAN HEISAST MED TALJER OPP ETTER MASTA. BÅTEN HAR FOKK OG.

 

 

  RÅSEGL.

 

SPREISEGL.

SPREIET SPILA SEGLET UT FRÅ MASTA OG OPP. DET GJEKK DIAGONALT TIL ØVSTE OG BAKERSTE HJØRNET PÅ SEGLET FOKKA ER KOMA TIL. (Seglet framom masta)

 

 

  SEGLBÅT MED TOPPSEGL GAFFELSEGL FOKK OG KLYVER.
  SPELBÅT (TVERRSNITT)GJENNOM RULLEN GÅR 2 SPAKAR (RUNDE STOKKAR). TO KAR SPAKAR (DRIV RULLEN RUNDT) OG RULLAR NOTATAUET RUNDT OG DREG NOTA FRAM. BÅTEN ER FESTA TIL LAND MED EIT TAU.

Kyllaren: Trang vik eller våg.

Spant: Vert og kalla band fordi det bind båten saman, saman med bekken (tverrbjelken).

Rang: Ranga er fremste og bakerste spantet, ligg i begge skutane. Spanta, ranga, bekken m.m. vert kalla "innveden" i båten.

Kjølbord: Bordet næraste kjølen, var forma ut av ein tjukk plank.

Sud: Fuge i båt, der kanten av eine bordet ligg ut over det andre, slik som sudtak på hus. Ligg borda side ved side inn til spantet er båten kravellt.

Jakt/jekt: Jekter er vel oppr. fleirtalsform for jakt. Elles vert det sagt jakt og jekt i eintal. Jakt er ei stor jakt, jekt ei mindre jakt. Ute med kysten var dei mindre enn inni fjordbygdene, som Holvikjakta i Gloppen, som førde 70-80 mål famneved på byturane. Farty med ei mast.

Esing: Langs øvre kanten av øverste båtbordet ligg eit noko tjukt trestykke (smalt bord) frå rang til rang, det er esinga. Over og utanfor esinga ligg eit bord, kalla ripa. 

Styrelås: Styrelåset var festa til stamna litt nedanfor esinga. Den hadde to lykkjer. På roret var festa ei lykkje som fall inn i mellom dei to i låsen. Gjennom desse tre lykkjene stakk dei ein liten jarntein, lykkjelen, som låste roret til stamna.

Notpente: Eit tau festa til nota med dregg eller ile i andre tauenden strekte ein ut nota. I båten hadde ein og pente av ei trestang med krok og pigg i eine enden til å strekkje ut segl med eller skuve f rå land eller dra båten til land. Likna vår båts-hake.

Færing: Fire-åring (4 årar) 

Halsar: Fremste delen av båten frå sjøflata ned til kjølen. Halsen var velforma på sunn- fjordbåten, er det sagt. Fremste delen av seglet vart og kalla hals, t.d. på fokka.

Beite: Var ofte sagt å krysse, dvs. sigle i sikksakk-kurs mot vinden. 

. . Side 4: . Side 5: Side 6: Side 7: . 

Trolade: Ein dreiebenk som dei dreia naglar på. Dei dreia først ei lang stang, troe. Kappa opp i høvelege nag lar etter kvart ein brukte.

Ranga: Spantet (bandet) i begge endane i båten (skutane).

Tilfaret: Det lause utstyret i båten: tilje, plittar o.l. 

Tilje: Treflakar lagde i slagrommet, seglrommet og styrerommet for å gå på. Trefjøler lagde tvert på ein åke. 

Plittane: Lagde i begge skutane, gjorde same tenesta som tiljene.

Lotet: Der nederste del av stamnen møtest med kjølen kalla lotet - i bakskuten. 

Råsegl: Første form for segl, utspila på ei rund stang oppe, råa, kunne heisast opp etter masta, eitt skaut i kvart hjørne var festa til klampar på kvar side bak i båten. 

Hambora : Opprinneleg hol for å dra eit tau gjennom for å heise segl. Seinare ein jarnring kring der ein feste vant, stag og trinser eller taljer for tau til heising av segl. Her feste for utstyret, hamen - kledning til båtriggen. Råsegl rådande i viking-tida og lenge etter. Då gaffelsegla kom til, vart masta lengd med ein mastetopp over hambora. Samansett ord ham-bora.

Vant: Tau frå hambora til begge båtsidene. Dei støtter av masta. Stag er tau f rå hambora til stamnen framme, og for å støtte masta.

Skaut: Tau fest i nederste og bakerste hjørnet av seglet. Det var ein klamp på kvar side til å sette skautet fast i, men slik at ein kunne få det laust i ein fart.

Bidevind: Vind på skrå framafrå inn mot seglet. Vind bakfrå hadde dei på låringen.

Auskjeret: Oftast kalla ausfatet. Brukt til å ause sjøvatn ut or båten med. 

Hamlebandet: Frå først av band av vidje, seinare av tau, gjekk rundt åra og festa i keipen. 

Femkeiping. Båt med 5 par årar og fem par keipar.

Vengebåt: Båt med kahytt eller dekk over bakskuten.

Teikning: Dag Kittang, Didrik Kittang 

Foto av motorbåten Leif: D. Kittang