Side 1 2 3 4

Slik var det å gå på skule.

Ungane kappsprang med bilen.

Å reise til Bergen med båt.

Leikar.

Hest og kjerre.

Vinterleikar.

Banar, heilt spesielt for Florø.

Bjarne Aarseth.

Fødd i Florø 24.juli 1912, død 7.august 1987

Personalsjef ved Ankerløkken Verft, Florø.
Var levande oppteken av historia til fødebyen og vegen vidare framover. Kåserte og skreiv mykje om minne frå barndoms- og ungdomstida.


Slik var det å gå på skule.

- Ja, nå kjem nå du inn på skulen. Og då vil eg gjerne få greie på kva du kan fortelje om skulen her i Florø. I frå den gongen du gjekk og gjerne tidlegare.

- Ja, den første skulen her i Florø, den som var bygd til det formålet, det var vel det huset som Malkenes har nå. Men det blei jo straks for lite og så blei det bygd eit nytt ,stort skulehus i 1890. Det stod jo der som no Fylkessjukehuset er, på den tomten. Det var eit stort trehus. Der var det jo plass for Folkeskulen og Middelskulen.


Florø gamle skule.

- Den kommunale Middelskule, den blei oppretta i 1903, her i Florø. Og den var og i det huset. Men det brann ned i 1918, og frå den tid hadde vi ein nokså sørgjeleg tilværelse, når det gjaldt skuleforholda her i Florø. Vi måtte gå i forskjellige lokalar rundt om i byen.

- For min eigen del gjekk eg i første klasse i Breidablikk, lokalet Breidablikk. I andre klasse gjekk eg i kjellaren i gamle Bedehuset. I tredje klasse gjekk eg i første etasje i Bedehuset. Og i fjerde klasse gjekk eg i tingstova. Men då var vi kommen fram til 1922, og då brann rådhuset ned i tredje og fjerde etasje. Då blei tredje etasje i rådhuset innreia til skulerom, så vi fekk fire klasserom der i den etasjen. Pluss rådhussalen i andre etasjen. Dermed flytta Folkeskulen inn der, og der gjekk eg då ut skulen, til eg var ferdig i sjuande klasse. Middelskulen, den helt til i Håve sitt hus, der som Stjernekjøp hadde forretning.

- Det er jo klart at då blei jo forholda nokså provisorisk i dei årene før vi fekk Rådhuset innreidd, men likevel, etter forholda, hadde vi ein god skule her i Florø. Vi var jo privilegerte fordi vi fekk ganske tidleg fekk ein 7-årig skule, som gjekk dagleg. Og den gongen gjekk vi alle dagane i veka, seks dagar. Etter forholda må vi seie at vi hadde ein god Folkeskule her i Florø.

- Lærarane var i grunn dyktige og flinke. Og dei viktigaste faga den gongen var…. Vi hadde no ganske få fag i forhold til det dei har i dag. Dei viktigaste faga blei norsk og rekning. Og det var dei faga som det var lagt mest vekt på, at barna skulle læra. Elles var det jo vanleg å ha historie, geografi og naturfag, og helselære og alt det her som hørte med. Men som sagt norsk og rekning, dei var dei viktigaste faga som det var lagt mest vekt på.

- Skulemateriellet var forholdsvis bra. Eg går ut i frå at vi fekk dei vanlege bøkene som verserte rundt på skulane i landet. Men vi måtte betale bøkene sjølve, og det materiell vi hadde.

- I dei første klassane, trur eg, når eg gjekk på skulen, så hadde vi fri, når det gjaldt kladdebøker og skjønnskrifts bøker. Vi hadde jo den gongen noko som heitte skjønnskrift. Men elles måtte vi betale utstyret sjølve. Frå fjerde og femte klasse trur eg vi betalte alt sjølve.

- Ja, og når det gjaldt det utstyret som lærarane hadde og hjelpe seg med. Var det kritt og tavle og ikkje noko anna?

- Ja, det var stort sett kritt og tavle. Vi hadde sjølvsagt kart: Europakart, Noregskart og nokon plansjar, når det gjaldt helselære og slike forskjellige ting.

- Helselære og naturfag hadde vi ein del plansjar. Det var stort sett det vi hadde av utstyr.

- Kva slags fag likte du best, Bjarne?

- Ja, eg har alltid likt norsk og rekning godt. Og historie og geografi. Det er dei fire faga eg har vært interessert i alle dagar.

- Disiplinen på skulen den gongen. Det kan det være interessant å høyre om?

- Ja, når det gjeld disiplinen så trur eg det er stor forskjell på dagens skule og den gongen.

- Det var disiplin i skulen den gongen, vi hadde veldig respekt for læraren, og det var ikkje uro i klassen på nokon måte. Vi kan vel seie at det går etter den gamle songen: "Da klokka klang, så fort vi sprang, og ingen stod igjen og hang osv." Så vi hadde disiplin i rekkene og nokon uro i klassen var det ikkje. Det var meir sjeldan noko slikt. Vi hadde respekt for læraren og vi var interessert i å lære. Det var gjennomført disiplin i skulen.

- Såg dykk på det som verdifullt å lære?

- Ja vi gjorde det. Eg trur dei fleste elevane var interessert i å lære. Sjølvsagt, det var jo den gong som nå, kanskje enkelte som ikkje var så gløgge på skulen, ikkje var så interessert. Men stort sett så var dei fleste interessert i å gå på skulen og lære.

- Hadde læraren nokon spesielle midlar, som dei tok i bruk, vis elevane ikkje stelte seg slik som reglane tilsa?

- Nei, det kan eg ikkje seie. Eg veit at før min tid så var det faktisk noe som heitte spanskrør, på skulen. Når dei hadde forbrote seg og sånn, så fekk dei juling med spanskrøret.

- Men i min tid så var det ikkje noko slikt. Vis det var nokon uregelrett, var det sånt som læraren rydda opp i direkte. Men eg såg aldri at dei la hand på elevane. Det gjorde dei ikkje. Men når dei fekk tiltale på den måten som læraren brukte den gongen, så respekterte dei det.

- Kva hugsar du eigentleg best frå skuletida di, om eg skal seie det sånn?

- Nei, vi synes det var interessant å gå på skulen. Vi hadde det koseleg på mange måtar. Om sommaren så hadde vi regelmessig skuletur. Det gjaldt som regel bare ein tur i nærheten, for eksempel inntil Osen med ein kuttar, som vi fekk leige om sommaren. Eller ein tur uti Batalden, og det syns vi var underholdning den gongen. Vi var ikkje så godt vant. Det var ei oppleving å være med på ein skuletur den gongen.

- Når det gjaldt skulevegen. Har du noko spesielt å seie om den?

- Nei, den var jo kort for alle som gjekk på Florø Folkeskule. For det var jo eit ganske lite område byen hadde. Så nokon skuleveg var det ikkje noko å snakke om, for nokon av elevane, uansett kor dei budde hen innan for bygrensa.

- Kor store var klassane jevnt over?

- Ja, dei kunne jo være litt forskjellige. Men det var vel ein 15, kanskje opp i 20 stk. i kvar klasse, den gongen. Det var ganske mange barn, sjølv om byen var liten, så var det mykje barn og store familiar. Det var gjerne familiar på ein 6-8 menneske, den gongen. Så det blei ganske mange barn. Ja, klassane var opp i ein 15-20 elevar.

- Var det noe då som heitte Middelskule, her i Florø? Og som du Bjarne gjekk på. Kan du seie noko om det?

- Ja, Middelskulen de blei i grunn starta tidleg her i Florø. Det vil seie at det var i gangsett ein privat Middelskule, før hundreårsskiftet. Men det var privatfolk som hadde sett i gang og dei hadde ikkje eksamensrett, så dei måtte reise andre plassar for å få eksamen.

- Men i frå 1903, eller 1904, så blei skulen kommunal. Den fekk namnet Florø Kommunale Høyare Allmenne Skule. Sidan drei dei den like til den gjekk over til realskule, som den seinare blei kalla.

- I den gamle Middelskulen der hadde vi sjølvsagt, mykje mindre fag enn dei har no. Men hovudfaga det var norsk, engelsk, tysk og matematikk. Og i dei hovudfaga hadde man 6 timar for veka, i kvar av dei faga der. Elles hadde vi dei vanlege skulefaga på sidan av, slike utfyllingsfag som historie, geografi, litteraturhistorie, naturfag og kjemi. Men som sagt, hovudfaga var dei fire faga som eg nemnte.

- Skulen den var 3-årig. Når vi var ferdig med 3.dje året, blei det tatt eksamen. Det måtte betalast skulepengar den gongen, så vi betalte 12 kroner for månaden i min tid. Ja, 12 kroner det første året, og 15 kroner det andre året, trur eg. Litt meir tredje året. Enkelte fekk jo friplass og andre fekk halv friplass, slik at dei slapp med halve betalinga. Elles så måtte dei betale alt skulemateriellet sjølv. Bøker og alt som dei trengte til undervisninga.

- Men det var sikkert ein god skule, for ein hadde få fag og mange timar i kvart av faga. Ein fekk til egna seg nokså mykje kunnskapar på ein slik skule.

- I 30åra blei det andre fag inn i skulen og den blei omdøypt til Realskule. Men det skal eg ikkje uttala meg om, for eg var då ferdig på Middelskulen i –29. Så eg har bare opplevd Middelskulen i den gamle form.

 

Ungane kappsprang med bilen.

- Når du hugsar den fyrste bilen som kom i Florø, og alt det som då hente i forbindelse med det. Kan vi høyre litt om det?

- Den fyrste bilen det var i grunn ein personbil. Vi hadde ein fabrikk her i Florø som heitte Rauma Saftfabrikk. Den låg der som Vestlandsbanken (Fokus) er nå, i eit tidlegare trehus. Og disponenten der, ein sunnmøring. Eg hugsar ikkje namnet hans.


Første bilen i Florø.

- Han hadde ein fireseter Chevrolet. Og den brukte han til fornøyelses kjøring om søndagen, når det var fint vær. Då kjørte han frå bygningen der som han hadde bilen ståande, på hjørnet der, og kjørte opp i Markegata. Altså i Hansebakken og inn Markegata. Opp i Skulegata, som vi den gongen kalla Hans Blomgata. Inn med Malkenes, dvs. vegen gjekk opp på oppsida av Malkenes sitt hus, i mellom Breidablikk og Malkenes. I ein bakke der stod eit stort tre, som vi kalla for Storetreet. Der måtte han kjøre på ein av sidene der.

- Der køyrde han inn på Tua, den gamle vegen inn på Tua. Lenger kom vi ikkje den gongen, for vegen vidare ned til Kanalen den var så smal at han kunne ikkje køyre bil. Litt problemer var det å få snu innpå Tua der, for å få han riktig retning ut over igjen.

- Då hadde omtrent alle byens gutungar sprunge i lag med bilen innover på Tua. Det var ei stor hende kvar gong han køyrde bil om søndag ettermiddag. Så det var ei oppleving for oss å sjå den første bilen. Ja, det var litt av eit oppløp kvar gong, søndag ettermiddag, han fant ut at han skulle ta seg ein tur på Tua og ut igjen.

- Korleis såg den bilen ut?

- Ja, det var ein fireseter Chevrolet, sånn som han slår opp, med kalesje over. Hjula var sånne trehjul med gummi på. Det var altså trespiler i hjulnav den gongen. Og elles var den no open, med sånt frontglass. Ein fireseter altså, ein ganske liten, nett bil.

 

 

  - No når dei bygde Vestlandsbanken, og grov i tomten der, så fant dei delane av den gamle bilen der, liggjande. Han hadde ikkje tatt han med seg. Antageleg var det ein bruktbil han hadde kjøpt.

- Kor stor fart fekk han på han?

Nei, det var jo ganske smale vegar og knappe svingar her innover, så det var jo ganske moderat fart. Vi gutane klarte godt å halde følgje med han.

- Dykk kappsprang med bilen altså?

- Ja da, vi kappsprang med bilen og hang på så godt vi kunne.

- Ja, det var vel litt av eit oppstyr da på søndagen, når dette her skjedde?

- Ja da, vi passte på å møte opp og kikke på om han skulle ha seg ein tur. Når han kom ut og begynte å rigge seg til, var alle Florø gutar, gutepatruljen, ute å gjekk.

- Og seinare kom det lastebil. Var det slik å forstå?

- Ja, eit par år seinare fekk Kristoffer Kinn, anskaffa ein lastebil. Den blei jo brukt til å køyre ved, kål og elles varer til forretningane her i byen. Det var ein alminneleg Ford, han hadde. Ein to tonn Ford.

- Og den første drosja?

- Ja, det var Sverre Andersen som fikk den første drosja her. Eg trur det var i –24 eller –25, han anskaffa den. Det var jo alminneleg køyring her på staden. Det var jo ikkje noko større vegar, vi kunne jo ikkje komme lengre inn enn på Krokane, i vert fall.

- Vi var jo isolert når det gjaldt veg, så det blei bare by køyring her i gatene, med drosjebil.

- Ja, kven var det helst som nytta seg av drosja då?

- Nei, til å begynne med hadde folk fornøyelse av å kjøre bil. Det var jo ikkje akkurat noko formål, i den forstand, det var bare for av nysgjerrighet dei ville ha seg ein drosjetur: Om søndagen eller laurdagen. Men elles var det jo viss dei skulle til ein eller anna fest, eller selskap, og det var styggevær og sånn…. Eller dei hadde bruk for ei drosje.

 

Å reise til Bergen med båt.


Sendingen II 

- Når det gjaldt båt trafikk. Eg går ut i frå at mykje av reiselivet den gongen det gjekk med båtar? Kva kan du seie om det?

- Ja, vi var jo henvist til sjøvegen den gongen. Det var jo ikkje veg forbindelse til Førde. Den kom først etter krigen. Så før den, i 1930 årane, var vi henvist til båtane. Og då var det jo Fylkesbåtane og Hurtigrutene som var kommunikasjon middelet her i Florø. I –20 årene då hadde vi fast stasjon av "Balder" og "Stavenes" her. Det var jo gamle kjende båtar som var mykje brukt her, rundt om i fjordane. Balder gjekk jo gjerne på Bremanger og øyane rundt om her. Stavenes han gjekk mest på Førdesfjorden og Dalsfjorden.

- Elles til Bergen var det jo sjølvsagt Nordfjord båten, som var brukt, og Hurtigrutene. Vi hadde jo Møre Ruteselskap, dei hadde og faste ruter her. Vi hadde gamle "Nordfjord" gåande, eller treskoen, som vi kalla han. Den gjekk for ein billig penge til Bergen. Der kosta billetten til Bergen kroner 3.75.

- Elles så hadde vi "Sendingen" i –20, -30 årene. I –30 årene kosta turen kroner 2.50, sidan 5 kroner. Då fekk vi kaffi og i tillegg. Det var rimeleg å reise den gongen, men det var jo ikkje den reise trafikken som i dag. Turen til Bergen var regna som ein svær reise den gongen.

- Endå tidlegare så var det segl og årar som dykk brukte. Har du noko greie på korleis det fungerte?

 

  - Ja, Fylkesbåtane kom jo ganske tidleg her omtrent ved byens grunnleggelse. Dei kom eit år før, i 1859. Fylkesbåtane var tidleg ute her med "Framnes", men det var jo ikkje ofte anløp den gongen. Det kunne være ein gong for veka, eller noko slikt.


Framnes

- Hurtigrutene hadde heller ikkje noko faste anløp til å begynne med, men sidan så fekk dei fast anløp sjølv om dei ikkje gjekk til kai. Dei måtte ro ut med båt her i frå. Når Stephansen ekspederte Hurtigrutene, då rodde dei ut med båt på vika og ekspederte der.

- Men segl skutane, dei kan eg ikkje hugse så godt. Vi hadde jo ein del segl skuter her, men det var i grunn før min tid. Så det har eg ikkje vidare peiling på akkurat… om det var drevet sånn rutefart med segl båtar. Eg veit det gjekk sjakt båtar her i fraktfart, Bergen – Ålesund. Men det er vel meir uregelmessig. Ikkje noko faste ruter.

- Syklar, det fekk dykk omsider?

- Ja, syklar det kunne vi telje på ei hand, av det som var av syklar i –20 årene. Det var ikkje så mange som hadde syklar her. Og ikkje var det så mykje å bruke sykkel til heller. Det var jo ikkje så lange vegar. Nei, det var ikkje så mange syklar i –20 årene. Det var ikkje det!

- Det mest alminnelege var å gå, rett og slett?

- Ja, det var "apostlanes hestar" vi brukte mest ja.