Side 1 2 3 4

Slik opplevde eg 9.april.

Blendings- gardiner og flyangrep på Florø.

Rasjoneringskort.

Matmangel.

Gotteri var ukjent.

Folk kom nærare kvarandre.

Skulegang.

Farleg å ha radioapparat.

Englandsfarten.

Fredsdagen 8.mai.

17.mai.

Heimefront- styrkane og nazistane.

Lite skader i Florø.

 

Slik opplevde eg 9.april.

- Ja, Bjarne Aarseth du budde her i Florø du 9.april 1940, då krigen begynte?

- Ja, det gjorde eg. Og eg hugsar jo godt den morgonen når vi fekk meddelese om at det var krig i landet. Eg kom i frå soveværelset og inn i stua og slo på radioen, og då fekk eg til min store forskrekkelse høre at vi så og seie var hærtatt.

- Tyskarane var kome i land i Kristiansand, i Narvik, og var på veg inn Oslofjorden. I Narvik der blei to av våre marinefartøy senka. Der gjekk ned to Florø gutar. Allereie den 9.april.

 -Det blei jo ein voldsom omvelting for oss, i og med at krigen kom til Noreg. Vi blei jo så og seie tatt på senga! Og det blei jo ein heil omstilling for alle som budde her i landet, som andre plassar, der det er krig. Vi hadde vanskeleg for å innstille oss til den nye levemåten, men vi blei jo fortruleg med det litt etter kvart.

- Tyskarane kom ikkje med ein gong her til Florø. Dei kom her først i mai månad med nokon få menn, der dei tok oppstilling i gatekryss og liksom overtok Telegraf og Telefon. Det var no mest for syn skyld. Men seinare kom dei jo her med større styrkar. Den første kommandanten som var her, var ein oberst Wagner. Han var "Orskommandant" her på staden. Og dei okkuperte nå lokalane her: Bridablikk, Bedehuset og to av skulane. Der innkvarterte dei troppane sine.

 

- Utpå våren neste år så gjekk dei i gang med stor bunkers bygging her. Befestning av Florø. Den var basert på at dei skulle beherske innløpet til Hellefjorden. Især på Storåsen og borte i Søre Havreneset, der vi gav namnet: Kanon stillingane. Der blei det jo grava og støypt bunkers.

- I førstninga hadde dei då, her på Nore Havrenest, laga nokon kanonstillingar, der dei hadde nokon gamle franske kanonar. Dei stilte dei opp foreløpig, mens dei venta på nytt utstyr, når bunkersen var ferdig. Desse kanonane var gamle franske kanonar som høyrde til frå forige verdskrig. Dei blei flytta til Søre Havreneset seinare. Då stillte dei opp telefonstolpar som var mala svarte, som peika utover mot Hellefjorden, for liksom å demonstrere at dei hadde kanonar.

- Det var temmeleg mange tyskarar her då, for det meste. Dei var vel ein 12-15 hundre tyskarar. I Russeleiren, som låg der som Flora hallen nå er bygd, der var ein par hundre russarar som var tatt i arbeide her på kanon stillingane, rundt om her i Havreneset,

 

Blendingsgardiner og flyangrep på Florø.

- Dei fleste som budde her, dei måtte evakuere her i frå. For tyskarane tok gardane. Folk måtte flytte frå husa her og inn i byen, eller andre plassar der dei kunne finne husrom.

 -Det blei jo litt uvant når det lei ut på hausten, vi måtte til med blending. Vi måtte feste opp gardiner av svart papir, som vi hengte opp for vindua når klokka blei i 5-6 tida om kvelden, når det begynte å bli mørkt. Tyskarane passa alltid nøyaktig på at alt var skikkeleg blenda. Det var sjølvsagt for at dei var redd for flyangrep.

 -Nokon flyangrep her i Florø, i den forstand, blei vi jo spart for. Men til gjengjeld så fekk jo Molde, Namsos og Elverum, vite kva det var, i starten av krigen.

 -Eg hugsar før kapitulasjonen, så låg vi på Storåsen. Vi hadde sånne lytteskjermar, som vi venta på tyske fly, som kom sør i frå. Der hadde vi knappar oppe og når vi trykte på knappen, når vi oppdaga eit tysk fly, då gjekk flyalarmen inne på den gamle elektrisitet verk tomta, inne i byen. Slik at folk blei varsla om at nå var det eit tysk fly i anmarsj, så at dei kunne gå i kjellar eller skjul.

 -Vi byttast om å liggje på Storåsen. Det var vakt heile døgnet. Men det var jo lyse sommaren då. Men det blei det jo slutt på, i og med at det ikkje blei noko alvor her i den forstand.

 -Vi hadde likevel tre angrep her på Florø. Det første var 2. el. 3.juledag i 1941. Då låg det ein jagar ute ved Stabben, som skaut ut ei lysbombe, eller to. Den lyste opp heile hamna og så fyrte dei laus på to lastebåtar som låg der, eller vaktskip, som tyskarane hadde. Disse her båtane kjørte nærmare hamna og buene, for å komme seg i skjul. Ein av dei båtane kjørte seg opp i Lammetun sin bu, og blei hengjande fast der. Når han skulle ut igjen så rakna bua saman.

 -Lastebåten som blei treft ein halv meter over vannlinja, i maskinrommet, fekk ein skade, for den blei liggjande nokså lenge før den kom vidare.

 - Det andre angrepet av betydning, det var to engelske torpedo båtar, som kom inn bak Rota, det var i –43, i mars tenkjar eg. Kom inn bak Rota og svinga inn og mot Landbruket sin bryggje, der låg to lastebåtar som hadde matvarar, som skulle vidare nordover til forsyning for tyskarane. Dei kom i frå Danmark, så dei var visst lasta med kjøt og flesk, og gode ting. Dei fekk kvar sin torpedo og vart senka der.
Når dei skulle tilbake igjen same vegen, runde neset på Langøyane, tok den bakarste båten for knapp sving og gjekk på land på Per holmen. Ein av tangane på Per holmen. Der måtte den første båten ta opp det mannskapet, for han stod så tungt på at dei fekk han ikkje ut.

 

  Dei la sprengladning på han, men det virka ikkje. Så den torpedo båten låg på den plassen han kjørte på land, om morgonen, så då kunne vi beskue han her i frå Hesteneset.

- Tyskarane tok han då på sjøen, fekk han flott, og sette han opp på Sindre sin verkstad for nærare gjennomsyn.

- Det tredje store angrepet, det var i –44, i november:

- På slutten av krigen så var engelskmennene og amerikanarane nokså einerådande i lufta her, når det gjaldt Nordsjøen og Noreg. Det var temmeleg store flysveip, som kom innover her, så si til dagen. Her over Florø kom dei på veg bort mot Gulen, der var konvoi hamn. Der samla tyskarane lastebåtar i påvente av at det skulle være ein samla konvoi som skulle sørover eller nordover. Og der var engelskmennene flittige å bombe og skyte.

- Det låg ein del tyske vaktbåtar her i hamna, både utafor og innafor moloa. Ein dag det kom eit sveip her, så var det ein av vaktbåtane her som fyrte på flyet. "Sveipen" dei gjorde ein sving tilbake igjen og pepra då heile hamna med ganske tunge maskin kanonar, 22 millimeters. Det gjorde ein forferdeleg virkning og det var eit reint blodbad på vaktbåtane.

- Etter den tid så fortsette engelskmennene, sjølvsagt, med sine vanlege turar her over, men tyskarane løyste aldri meir nokon skot mot flysveipene som kom over her.

- Elles så var det jo sjølvsagt treffingar ut i sjøen og litt forskjellig slikt, men det var ikkje noko av betydning her i Florø. Det var bare slikt som vi gjerne høyrde om at det var hendt forskjellige ting: Forskjellige angrep på båtar og slikt. Bl.a. blei det jo senka ein båt her ute med Nærøya, i ein flykamp her. Men dei tre angrepa eg har nemnt no, dei merka vi jo godt her i Florø.

- Men kva med disse her angrepa, kva meinar du var eigentleg hensikten med dei?

- Ja, hensikten med det første angrepet det var jo sjølvsagt å senke dei båtane som låg inne i hamna. Dei hadde vel materiell som skulle brukast til tysk krigføring.

- I det andre tilfelle var det forsyningsbåtar som låg inn på hamna, som dei visste om hadde matvarar frå Danmark, som skulle brukast til tyskarane her i landet. Så dei senka båten av den grunn, for å hindre tyskarane å få varene fram.

- Det siste det var jo sjølvsagt tyskarane sjølv som utløyste. Hadde dei ikkje skote der så hadde heller ikkje engelskmennene angrepet. Men i og med at ein av dei skaut på flya, så kom dei til bake igjen og gjorde eit raid over hamna. På den måten fekk tyskarane ein lærepenge.

 

Rasjoneringskort.

 -Nå var det jo ganske store forandringar, når det gjaldt mat, klede og slike ting, i forhold til det dykk var vande med når krigen kom.

- Ja, det blei plutseleg ein formidabel forandring når det gjaldt mat, for ikkje å snakke om tobakk. Det var det første folk merka, det blei plutseleg slutt på tobakk. Vel og merke fekk kjøpmennene det, når det kom litt orden i forholdet. Kvotar, men dei strakk aldri til, til alle. Det var ein heilt ny situasjon for folk at dei skulle være utan tobakk.

 - Det same var det med dei andre matvarene: Mjøl og brød. Like dann feitt, smør altså, og forskjellige andre ting. Klede og alt slikt. Det kom på rasjoneringskort. Der fekk man tildelt ein fast kvote etter kor stor familien var, p.r. mnd. Og det måtte man innrette og klare seg med.

 

  - Mjølk, potetar og fisk var det ikkje noko regulering med, her på små stadene. Og det var jo eit gode at vi fekk fisk, potetar og mjølk. I byane var det sikkert verre, der var det vanskeleg å få tak i mjølk, og til dels potetar. Folk måtte då begynne å dyrke potetar i sin eigen hage, lure til seg og innrette seg slik at dei kunne ha ein "villagris", som vi kalla det. Slik at dei hadde kjøt og litt potetar på si.

- Kleda var mykje dårleg, for dei var innblanda med cellull. Det var papirstoff, som ofte ikkje tålte vete, for då revna dei. Så det var dårlege greier.

 

Matmangel.

- Var det i grunn for lite mat? Var det naud nokon gong under krigen, meiner du?

- Ja, i mange tilfelle så var det nok litt vanskeleg for folk å skaffe den maten dei burde få. I sær slikt som feitt og til dels slik som brød, kunne det bli for lite av. Det mjølet vi fekk kjøpe, det var innblanda, det var ikkje det mjølet vi elles brukte. Det var innblanda med eit slags surrogat, både mjølet og andre ting, for å helde kvantumet.

 

  - Kaffien var jo og surrogat. Brøda var veldig grove, det såg ut som om det var sagmugg i dei. Slik virka dei når du skulle ete dei.

- Det var nok reint kveitemjøl å få, men det var som regel forbeholdt små barn, spedbarn. Slike som måtte ha, for eksempel kvit graut og semulegryn. Det var forbeholdt småbarn.

- Elles var det vanlege kveitemjølet vekke under så å seie, heile krigen. Det var som sagt dette her surrogat mjølet man hadde til å hjelpe seg med.

 

Gotteri var ukjent.

- Ja, du nemner barn. Korleis var det eigentleg å være barn under krigen?

- Ja, dei hadde det ikkje sånn på G, som dei har det nå barna. Dei måtte jo klare seg uten, med alt dette her som vi elles importerer. Det var mange barn her, som etter krigen ikkje hadde greie på kva sjokolade var for noko, heller ikkje bananar. Og appelsinar. For slike ting som sydfrukt og slikt, hadde dei ikkje peiling på før etter krigen.

 

  - Men det trur eg ikkje at dei hadde noko skade av, vis dei elles fikk rikeleg med mat som fisk, potetar og mjølk. Så trur eg ikkje at barna hadde nokon naud i matvegen. For det var jo først og fremst dei som fekk det som var det beste. Vi andre fekk jo klare oss med det som var igjen.

Folk kom nærare kvarandre.

 - Elles så vil eg seie det at det var jo hyggelege ting under krigen og, sjølv om det var ein vanskeleg tid å komme igjennom. På grunn av blendingane og at tyskarane hadde lagt beslag på mange av lokala her i byen, så kom folk meir saman til festlege lag, innandørs, hos kvarandre.

- Kino var det smått med. Vis det var tyske filmar, så gjekk man ikkje på det. Det var norske filmar vi gjekk på. Elles var det smått stell. Sjølvsagt, dans og slikt, det blei jo helde for ungdomen. Dei laga seg flaka utandørs, og hadde forskjellige ting. Men som sagt, når det var mørkt om vintaren og slikt, når det var blenda. Så gjekk folk til kvarandre. Vi hadde ikkje radio, for den var jo inndragen. Men sjølvsagt, nyheiter frå England, det ordna vi oss slik at vi alltid fekk greie på.

 

  - Det at vi gjekk til kvarandre og fekk god tid til å snakke saman, hadde festlege lag, det var ein god ting. Folk kom i saman og dei kunne sitte heile kveldane og synge nasjonale songar. Det meiner eg var ein veldig hyggeleg ting.

- Foreiningsliv slik som vi kjenner det i dag?

- Nei, foreiningane dei så å seie gjekk under jorda med det same tyskarane kom. Vi var litt redd for at vis dei fekk tak i arkiver og liknande, kva dei ville bruke det til. Vi hadde jo seinare noko som heitte "arbeidstenesten", og det ville dei gjerne bruke medlemslistene i foreiningane: Skyttarlaget og alt dette her. Der prøvde dei å gøyme vekk alt som hette bøker eller det som var skreve av medlemslister.

- Foreiningslivet, fotball og idrett, det låg nede. For det at alt skulle jo drivast i tysk regi, og alt muleg. Vi hadde jo ein Næss, og greier, og dei skulle prøve å arrangere idrettsstemne. Og det var berre nokon få menn som deltok. Men elles mindre foreiningar som hadde små lokalar, som dei kunne samlas om, det blei sjølvsagt driven.