Side 1 2 3 4 5

Torader  

Bonde på Løkkebøen.

Utedo og parafinlampe.

Potetkaker og sirup.

Ørret.

Skulen.

Konfirmasjon.

Garden min er 
33 mål .......

Hesten var viktig på garden.

Mange slags reiskapar.

Fjellslått.

Gjødsel og tørka mold.

Kunstgjødsel.

Geiter og ysteri.

Stølsdrift.

Arbeid på garden.



Om Bjarne Løkebø.

Torader.

- Bjarne har du drive lenge med toradaren?

- Ja, eg begynte å spele torader då eg var 18 år gamal. Og no er eg 72 år gamal. Eg spelte då i ein fem seks år på torader, men så skifta eg om til større spel og da spelte eg i heile 40 år. Så slutta eg av igjen med det. Og no har eg spelt torader i 5 – 6 år.

- Korleis var det i di barndomstid. Hadde de tid og høve til å drive med instrument, spel og sånn då?

 

 

- Ja, det var nå interessen som dreiv det. Vi hadde vel ikkje tid, med du veit at om kveldane tok vi oss tid til dette der. Det du har sterk interesse for, det får du igjennom.


Bjarne med torader

Bonde på Løkkebøen.


Garden til Bjarne på Løkkebø

- Du har budd her på Løkkebø i alle dine dager?

- Eg har budd her på Løkkebø`n i alle mine livs dager.

- Slekta di, besteforeldra og foreldra har budd her?

- Dei har og budd her ja. Besteforeldra mine på farssida har budd her.

- Kva slags yrke har dei hatt?

- Dei har vore gardbrukarar.

- Og du er gardbrukar?

 

- Eg er gardbrukar. Det har eg vore sidan eg var 21 år.

- Har du hatt noko anna yrke ved sidan av?

- Nei, ikkje anna enn sagbruket som eg har dreve. Det er no liksom gardssag som dei kallar det for. Det hadde no forresten alle, dei hadde kvar si sag, og dei var drevne med vasskraft.

- Og den har vore i bruk til nyleg?

- Det er ti år sidan no sidan eg har brukt henne. No er den dårleg, det må fornyast skal eg bruke den vidare. 

- Ja, denne stova som vi nå sit i her på garden din er vel ikkje av den nyaste akkurat. Kor gamalt er dette huset?

- Sjølve stova er teflytta her og huset her vart oppbygd i 1930. Stova er flytta her til frå ein annan plass lenger inne på jordet her. Så stova er vel fram i eit hundre år.

- Men i dei seinare år har du bygd på huset ser eg?

- Ja, vi har bygd på huset, modernisert det ikkje så svært lite.

Utedo og parafinlampe.

- Når eg tenkjer tilbake på di barndomstid og romma i det huset som du vaks opp i - korleis var inndelinga kan du sei?

- Ja, det skal eg seie, det var ikkje rare greiene. Det var berre denne stova vi hadde. Så var det stovelemmen opp øver, der hadde vi sengane som vi låg i om natta. Foreldra låg nedi stauene i ei seng der. Besteforeldra mine på farsida hadde eit rom på sida av stovene som dei kalte for kove. Og der var og ein lem oppå som dei kalte for kovelemmen, der låg dei oppå kovelemma.

- Dei ungane sov dere fleire stykker på eit rom?

- Ja, vi var alle på eit rom. Vi var fire sysken altså, så vi låg alle på stovelemma.

- Men hente det og at det låg flere i ei seng?

- Det hende vi låg to i ei seng.

- Når vi no ser på korleis tilhøva er i dag, kva synest du om den store forskjellen som er blitt i så måte?

- Ja, det tolast ikkje samanlikning, i dag og so som det då var. Du veit det var lite folk hadde å hjelpe seg med, lite penger hadde dei då i tredve-åra. Du veit kva tider det var. Eg kan berre fortelje det at eg var med litt på sånne småjobbar dei kalte for "dagværstiltak" til å byggje vegar for. Der stod vi for kr.1.50 for dagen og arbeida.

- Når det gjeld toalett-tilhøva, korleis var dei tidlegare? Frå den tida du fyrst hugsar og framover?

- Ja, det var utedo. På alle gardane var det utedo. Dei hadde ikkje noko anna enn det.

- Kor lenge er det sidan du fekk vassklosset her?

- Sjølve vassklossetet det er ikkje meir enn 10-15 år gamalt. Vi hadde og utedo oppe i løa, fullgjødselkomme.

 

 

- Korleis var det tidlegare med å få lys og varme i huset? Korleis klarte dere det før elektrisiteten kom?

- Då hadde vi parafinlampe og parafinlykter. Lykta brukte vi i fjøsen når vi skulle stelle der om kveldane. Når vi skulle opp i løa og hente høy, var det å ta med seg lykta og då blei det mørkt i flora. Vi hadde berre ei lykt.

- Har du høyrt om, eller kan du huske andre ting å skaffe lys med enn parafinlampe og lykter?

- Ja, eg hugsar bestefar min laga noko sånne trefliser som dei kalte for spik. Dei var vel oppi en halv meter lange desse spikane. Dei var tynne omtrent som eit knivblad. Og dei brukte dei til å tenne i enden på og "lyse seg med" når dei skulle gå ut i gangen eller noko. Det var ikkje lys der vinterskveldane når det var mørkt, hvis du skulle ut der å sjå etter forskjellige ting. Eg hugsar bestemor mi gjekk med denna spiken. Vi var redd at ho sette fyr på , fordi glørne for av og ned under golvet. Det var hol i golva ut i gongen, eit sånn gisse golv. Så det var nifst! Vi var redde mange gonger at ho skulle sette fyr på huset.

- Parafinlamper og lykter var det dere brukte til dess dere fekk straum her?

- Det brukte vi til vi fekk elektrisk straum ja.

- Kor lenge er det sidan då?

- Nei, det er vell no ein tjue år sidan vi fekk elektrisk.

 -Når du no tenkjer tilbake, og på dei endringane som har skjedd, for eksempel på då de fekk elektrisk straum. Kva har du å seie til det?

- Ja, det vil eg seie: Det er eit stort gode det vi no har fått av elektrisk kraft. Vi har godt med lys og vi har djupfrysar, radio og fjernsyn. Det er ikkje å samanligne på nokon måte. Vi kunne tru at vi bur på ein annan klode.

- Kunne du tenkje deg å gå tilbake til parafinlampa og lykter sånn som vi hadde det? Eller er det utenkjeleg?

- Heilt utenkjeleg!