Side 1 2 3 4 

Lova om allmennskule i Norge.

Rode - ei gamal inndeling av bygdene.

Omgangskule.

Krav til undervisning.

Skulehistorie frå Kalvåg.

Om presten Claus Finde og skulen og lærarane.

Claus Finde's legat.

Den gamle tingstova.

Griffelen og skifertavla.

Normalplan for folkeskulen i 1918.

Barnebibliotek.

Skulevegen.

Udelte skular.

Lærarposten.

Fridagen heime.

Ikkje gymnastikk, men leik i friminutta.

Ikkje karakterar.

Borna hadde det same utstyret som vi hadde som born.

Ei historie frå skulen.

Straffemetodar.

Bjørkeriset.

Å be omforlatelse er stort.

Elevane fortel frå Bibelhistoria og Norgeshistoria.

 

 

Om Didrik Kittang

Lova om allmennskule i Norge.

- Den første lov om allmennskule her i landet den var ei lov for Danmark og Noreg. Den var utferda på Kristiania Borg Slott 5.mai 1741.

- Det var sokneprestane som etter regelen skulle ta seg av og organisere skulestellet i bygdene. Her i gamle Kinn, som det den gongen heitte Kinn, var då medrekna Bremanger Kommune, her var det Sigvardt Barup som var sogneprest. Det var han som skulle ta seg av arbeidet. Og han peika ut det han kalla, danna menn, som skulle hjelpe seg med dette arbeidet. Dei ferda ut då det som har vorte kalla: Fundas for Kinn prestegjeld. Ein fundas er ein lov eller regel. Det er eit fundament, vi har det att i det ordet: Fundamentet for skulestellet i ei bygd.

- Det fyrste punktet begynner med at Kinn prestegjeld er hovudsoknet, og det har 56 busettande menn. I Bremanger var det 100 busettande, Svanøy 130. "Det behøves derfor i det ringeste omgåande skoleholdare, ein til hovudsoknet, til virken til like lese til den del av ungdommen i Svanøy sokn: En til Svanøy sokn, en til Bremanger sokn. Flere skoleholdare formår allmuen ikke att lønne. Innskjønnt det behøves flere i den nuværende situasjon."

- I omsyn til lønna til skuleholdarane så skulle kvar bosettande mann, untaken dei hadde svært slette vilkår då, "binde seg til årligen at give til skoleholdaren 8 skilling: Soknepresten, årligen, 2 riksdaler, kirkeeigaren (Det var private som åtte kyrkjene den gongen), årligen 2 riksdaler, så enhver skoleholdar bliver avlagt med 8 riksdaler. Mer tåler allmuen ikke att utlegge, dermed må og skoleholdaren vere fornøyde," står det.
Husmennene dei skulle betale berre halvdelen så mykje, om dei makta det då. Dessutan så kjem til at skuleklassen kan nytte multpenger, slik som helligdagsbrøde og andre frå synda, som man gjorde, og som kunne gå til lønning av lærarar.

 

- Dessutan så var til hjelp for skulekassen i kvar kyrkjelyd, ei bøsse, som gjekk rundt om i bryllauper og samkvem elles i kyrkja, der dei samla inn til skulekassen. I andre ganger om året, så som Fastelaven og Mikkelstider gjekk tavlene rundt i kvar kyrkjesokn til lønn for skulen.

- "Til å innsamle pengane til skulevesenet var det ingen som kunne ta på seg, fordi det var så mykje umakeleg, det var langt og møysomt å fare om kring på alle disse bygdene." Derfor skulle skuleholdarane sjølv samle inn pengane til lønna si. Dette skapte store vanskar. Folk ville ikkje så gjerne betale villig denne lønna, og skuleholdarane fri til å gå å tigge om denne lønna. Dei hadde og rett til å pante ut, men det gjorde dei sjølvsagt ikkje. Til å føre disse inntektene i, det hadde sokneprestane, ei særskilt bok.

- Skulemestarane måtte ikkje meir enn 8 riksdalar kvar, for året. For det skulle han halde omgangsskule frå Mikkelsmesse til 3. April, omtrent seks månader. "Ved leilegheit kunne tillate lenger tid for ungdommen, skal skulemeistaren være forplikta til dette og rette seg mellom vår- og sommararbeide og gjennomgå kvar sitt distrikt, med ungdommen, det dei forige seks månader hadde lært på det." "At intet derav skal glømmes." (Det var ein repetisjon.)

- "Skulemeistaren som unngår å lese, den såkalla den såkalla omgangsskulemeistaren, skulle nyde kost og seng hos bonden mens han held seg på garden og helt skule." Dersom det vart litt lang tid på garden og det kunne bli mykje for ein, skulle "grannane hjelpest åt med å underholde skulemeistaren med mat." "Det blir soleis fastsett at skulemeistaren har sin kost, enten han sjølv vil skaffe seg den, eller den mann han holder sin skule hos, skal have noget visst av uke, nemlig 16 skilling, danske."

 

Rode - ei gamal inndeling av bygdene.

- Distrikta vart inndelt mellom kvar skulemeistar, av prestane, som og anbefalte dei å gå til den garden som han synes var den beste plassen for skulen. Der skulle dei då være i to og tre månader på kvar stad, "alt etter bornenes mengde og stedenes situasjon, og beskaffenhet således." "At den fornøyde undervisning kan skje for alle og enhver, og have allmuen at flytte skulemeistaren henn på det asignerende steder, fra ett til ett annet."

- Ein skulemeistar hadde i sitt distrikt fleire roder, og det er det som det er snakk om her, at dei skal flytte han frå den eine roden til den andre.

- Kva innebar det ordet rode?

- Rode, det er gammal inndeling av bygdene, gardane som høyrde til forskjellige rodar.

- "Sidan det er nødvendig å ha dyktige skulemeistare," står det vidare, "og det er vanskeleg å få fatt i slike, så er det nødt til å ta blant bønder det som kan finne duger til dette." "Og alltid plukke ut dei beste, som gjekk for presten det året." Så det var presten som plukka dei ut. Seminarium, det var ikkje komme skikkeleg i gang enda.

 

 

- Lærarane skulle gå til presten å "lære seg å katigisere og elles få kunnskap å skrive og rekne."

- Denne fundasen er no vedteken i Kinn i 1743, den 4. Juni, og underskreven på Kinn Prestegard av Sigvardt Barup, og disse fem "danne menn". "Danne menn", det var slike menn som presten fann ut var dei mest danna, og skikka til denne oppgåva.

- Og så sluttar det av med, " at fundasen av biskop Ole Bornemann, på hans eksilense og stiftsbefalingsmannens, og eigne vegne, fullkomlig apobere og konfirmere, så at en stesse for etterkommendet tid, skal være og blive en bestandig regel og rettesnor for skolevesenet uti mer bemelte Kinns kall."

- Det er dei siste orda og underskrifta i fundasen.

- Og dette er dei eldste skrifter vi kjenner til om skulen i Kinn?

- Ja, som omfatta kommunane i Bremanger også. Men nå, det som heiter Flora kommune og Bremanger kommune. Dei var eit.

- Skulen kom nå ikkje så godt i gang, men vi veit at det alt første året, i - 41, vart tilsett to skulemeistare i dette store område. Og seinare så kom det tre skulemeistare til, så det var i alt fem.

Omgangsskule.

- Det var omgangsskule og det var vanleg bondestovar som vart nytta til skulen. Det var gjerne den største på garden.

- Ein gammal skulemeistar fortel om korleis han oppleva skulen første gongen: Han seier det slik: Då eg kom til røykstova der skulen var, møtte eg læraren. Han gjekk i kvit

  saueskinnsbukse, svart trøye og svart spøta hue. Utstyret han hadde, det bar han i eit stort skrin, i ein kjepp over aksla. Og dette skrinet det innehelt heile skulen sitt inventarium: Det var ti Herslebs Bibelhistorie, liknande tall Grønngårds Lesebøker, ti reknestavar, ein huspostill, ein Kingo Salmebok og to protokollar.

Krav til undervisning.

- Det som var kravet til undervisninga det var at borna skulle lære å lese, og dei skulle lære kristendomskunnskap. Dessutan kunne dei få lov til å lære å skrive og rekne, om foreldra ynskte det, og elevane synte emne til dette der. Men det var mange som, korkje fikk lære og skrive eller rekne, i den fyrste gamle omgangsskulen. Difor har vi som i dag helt på å bli gamle folk, vi har treft på mange gamle, som slett ikkje kunne skrive.

  - Slik var skulen her i gamle Kinn: Det var ei stor skulestove, med eit stort langbord som stod på eit par tynner. Ved enden av bordet sat læraren. Ved eine sida sat elevane som han skulle lære å lese, og på den andre sida av bordet sat den rada som kunne lese, og som les i kor. Difor vart det som ei, der er nemnt, ei kvennahus lesing, enn dur utan like. Men det var elles mykje dur den stova som skulemeistaren skulle undervise i. Det er mange forteljingar om det.

Skulehistorie frå Kalvåg.

- Såleis var det i ei skulestove som morfar kom til i Kalvåg i Bremanger: Laga til i den eine enden, på den såkalla nystova for skule, og der var to fatt vindu, så der var lyst og fint til skule. Men i andre enden av denne stova, der var det bakstefjøl, og der var det handkvenn som dei mol korn på. Når bestefar skulle undervise der, så kom husmora inn og sette i gang kvenna, og mol mjøl med denne handkvenna. Det var såleis ikkje godt å få det så heilt stilt i skulen.

- Det var mange ting som gjorde at det gjekk seint med å få bygge opp ei skuleordning for dette fiskedistrikte her: Kinn og Bremanger. Det var nok ikkje kome så langt då Claus Finde kom hit som ny sokneprest, i 1785.

 

- Han var prestesønn frå Innvik, og hørte til ei stor, rik presteslekt der. At det at han var rik, det hadde mykje å seie, har vi inntrykk av, når vi nå får høre om Claus Finde. Korleis han ordna skulen.

- Det var 5 skulemeistarar då han kom. Men det var svært vanskeleg for disse skulemeistarane å få noko i lønn. Folk ville ikkje betale og lærarane ville ikkje fare omkring å krevje inn lønna. Dei kvidde seg for det.

- Det var mesta ingenting gjort for skulen og han let ille. Han kalla saman folket og legg dei på hjarte å betale sin skatt til skulekassa. Dette ville dei nødig, dei ville ikkje betale skuleskatten, dei var lite interessert, får Claus Finde inntrykk av.

 

Om presten Claus Finde og skulen og lærarane.

- Men Claus Finde han sette til 5 lærarar likevel han. Og lønna til disse lærarane fastsette han sjølv. Han gav dei lønn etter det han fann ut dei dugde til. Og gjorde like for, frå ein riksdalar, og opptil fire riksdalar for året. Det var no dei gjævaste som fikk fire riksdalar for året. Og detta er halvparten av det som fundasen sette opp.

 -Han kjøpte og ein protokoll, som i dag er den mest interessante boka i Flora kommune. Her fører han alt, rekneskap, liste over lærarar, liste over innkjøpte bøker og kvitteringar frå læraren. 

  - Læraren møttest hos presten ein gong for året, utpå vinteren. Då fekk dei kvittere for lønna si, i protokollen. I dette møte med lærarane, snakka han med dei om skulen, og han var levande interessert i dette arbeidet. Etterpå spanderte han kaffi og gode kaker, på dei. Lærarane såg heile året fram til det møte i prestehuset. Når han slutta sakna lærarane, i mange år, dette møte med presten.
Han førte til protokoll alt han la ut, nøyaktig, og alt han fekk inn. Men det han fekk inn, det var det som kyrkja skulle betale, dei som åtte kyrkja, det gjestgiveri skulle betale, og den part han sjølv skulle betale. Det vart ikkje store inntektene, men det vart heller ikkje noko meir. Men han greidde ut lønna til alle lærarane og førte opp, og underskotet i skulekassa voks frå år til år. Det var kassen skuldige Claus Finde.

Claus Finde's legat.

- Før han døydde sette Claus Finde opp eit legat: Halvparten av rentene skulle gå til skulekassa, og resten til dei fattige i Kinn. Dei skulemeistarane som arbeide for denne vesle lønna, dei kom ikkje så mykje lenger. Når dei fekk dette legatet til støtte, så kunne dei i alle fall få den lønna som var fastsett for dei.

- Det var mange skular rundt om og lærarane for. Den gamle skulemeistaren, som eg alt har nemnt, han kom til Kinn, og vart lærar i distriktet Hovden, Barekstad, Årebrote og Pusarvika. Dette var såkalla rodar, kvart skuledistrikt inndelt i rodar. Til disse rodane måtte då folket skysse skulemeistaren.

 

- Det var mykje skulearbeid for skulemeistaren, men kvar elev skulle ha sine tre månader, etter reglane. Denne regelen fastsette også at skuleplikta skulle vare frå 7-12 års alderen. Men likevel med det unnataket, at dei som var over 10 år dei to siste årskulla, dei skulle være fri å gå på skule. Med dei måtte møte to ganger i året til skuleholdaren for å bli eksaminerte. For dei skulle syne at dei helt ved lag dei kunnskapane dei hadde fått i omgangsskulen.

- I 1860 kom så lova om faste skular. Etter dette skulle det være slutt på omgangsskulen. Skulen skulle halde til i fast eller leigde lokaler. Så mange skular vart det i første omgang ikkje. Det vart å leige lokale dei fleste stadene.

Den gamle tingstova.

- Den første faste skulen vi veit om, som vart bygd, det var i Stavang. Den kom i 1865. Den neste var på Flora, den var bygd i 1866. Det er det vi i dag kallar Malkenes huset.

- Før den tid hadde den gamle tingstova vært nytta til skule, som så mangt elles. Den gamle tingstova her hugsar sikkert svært mange, det er ikkje lenge sidan ho var reve. Ho stod på Helmersgarden, hugsar vi.

 

- Elles så kom det skular rundt om i 1800 og utover. Det kom ein skule på Reksta, den var den første, etter den i Stavang. Det kom nokon gode sildeår då, i 90-år, og det har vell ført med seg at vi fekk så mange nye skular her ute i øyane. Då kom der skule i Barekstad i 1895, i –96 på Krokane, Brandsøya og det kom i Batalden. Men så gjekk det ein del år før det då vart bygd skular igjen. Det kom skular rett nok inn i Eikefjorden, fleire skular oppetter dalen.