16. mai 1860

 

- Flora 100 år -

 

16. mai 1960

 

Korleis byen vart grunnlagd

Vi Carl af Guds Naade, Konge til Norge og Sverige de Gothers og Venders, gjøre vitterliget:

Da hans Majestæt anseer det hensigtmæssigt, at der anlægges et Ladested paa Florøen i Kinns Præstegjeld, Sønd- og Nordfjord Fogderi, Nordre Bergenhuus Amt, skal Hans Majestæt, Ved at laade følge Gjenpart af den Norske Regjerings Indstilling i Sagen med Bilag, indbyde Storthinget til at fatte Beslutning til Lov herom i Overenstemmelse med vedlagte Utkast.

Hans Majestæt forbliver Norges Riges Storthing med al Kongelig Naade og Yndest velbevaagen.

Givet paa Stockholm Slot den 25de Februar 1860.

Under Vor Haand og Rigets Segl.

Carl.

 

Mennene som gatene i Florø fekk namn etter:

Frå Hans Blom og Livius Smitt til Skridshol og Gustav Indrebø.

For ein del år sidan kom det opp gateskilt i Florø. Dei som vitjar jubileumsbyen framove våren og sumaren, vil gjerne merke seg at det er etter måten mange gater med person – namn, og ikkje alle vil vita kva det og det namnet har med Florø eller Sunnfjord å gjera. Vi vil difor her kort – gje nokre opplysningar om dei fleste av personane som er vortne heidra med eit gatenamn.

Fyrst: Den nemnda som vart sett til å taka seg av gatenamn saka, arbeidde med dette frå 1950 og ei tid utover. Nemnda var samansett av Anders Lothe, Johs. Moe, Fru Anna Økland og Ludv. Botnen, med den siste som formann.

Dei retningslinjer nemnda prøvde å arbeida etter, var desse:

  1. Få med kjende personnamn frå Sunnfjord i eldre og nyare tid.
  2. Taka med presonar som har fått namnet sitt sterkt knytt til Florø og som byen difor burde heidra.
  3. Taka med stadnamn i den bydelen det gjeld, og dermed verna om desse.

Men kven er så personane bak namna vi møter? Vi spring over dei som er reint historiske som Ingolv Arneson, Kveldulv og Atle Jarl, dei er vel kjende frå historietimar. Her er berre litt om dei frå nyare tid:


Hans Blom

Hans Blom: Han har no fått namnet sitt knytt til ei av hovudgatene (det som før heitte Skulegata). Hans Blom er sikkert den vi har mest å takka for at dei la ein by her. Han var nemleg formann i den kommisjonen som vart sett ned for å greia ut spørsmålet om å få reist ein kjøpstad i Sunn- og Nordfjord fogderi. H. J. Blom var sokneprest i Kinn i åra 1855-62. Hit kom han frå Rogaland. Der var han vald til stortingsmann, og medan han var i Kinn vart Blom vald til stortingsmann for Nordre Bergenshus (for tingbolken 1859-62). Herifrå reiste han til Trøndelag, og vart tingmann der også. Det høyrer vel til det reint sjeldsynte at nokon har representert 3 fylke på Stortinget, så det kan ikkje vera tvil om at Hans Blom har vore ein kapasitet.

 

Både Michael Sars, Johan Ernst Sars og Georg Ossian Sars har fått namna knytt til gater i Florø (men berre eine gata er opparbeidd)

Michael Sars var og sokneprest i Kinn (1830-39, altså får byen var grunnlagd). Men det var ikkje som prest han fekk eit landskjent namn. Han hadde serleg interesse for zoologi og gjorde fleire grunnleggjande zoologiske arbeid medan han var prest her. Dette arbeidet heldt han fram med etter han kom til Manger som Prest der, og i 1853 søkte Michael Sars avskil som prest og vart professor i zoologi. Då han døydde i 1869 var han ein kjend havgranskar.

Johan Ernst og Georg Ossian var sønene til Michael Sars, og dei var begge fødde i Florø. (Syskenflokken var stor, desse to høyrde til dei eldste. Den yngste – visstnok nr. 20 – var Eva, som vart gift med Fridtjof Nansen).

Om Johan Ernst Sars og Georg Ossian Sars får vi høyra meir jubileumsdagen 16. mai. Her nemner vi berre at dei begge vart kjende menn. Johan Ernst professor i historie og stridsmann for eit sjølvstendig Noreg, - ein sogemann set han ved sida av Johan Sverdrup og Bjørnstjerne Bjørnson i så måte. Georg Ossian vart professor i zoologi som faren, og det var vel gjerne ikkje turvande her å peika på innsatsen hans og minna om at det er han havgranskingsskipet "G. O. Sars" er kalla opp etter.

Livius Smitt (presteson frå Telemark) var sakførar og budde i Florø frå 1868 til 1881. (Seinare byfut i Brevik) Han var ordførar i Florø frå 1874 til 1881. Livius Smitt gjorde godt arbeid i handelsforeininga og var også den som tok opp tanken om å plante skog i Florø. Det skal også mykje vera han å takka at Sunnfjord i 1877 fekk sin amtsskule og at skulen vart lagd i Florø, like eins er det nemnt at det var han som gjorde at "Balder" vart innkjøpt og stasjonert her. Livius Smitt vart også stortingsmann. I 1889 vart han tilboden å verta arbeidsminister i riksstyret Stang, men han så nei av helseomsyn. Dei valde han til stortingspresident i 1890, men like etter døydde han. (Det er den tidlegare Tollbugata som Livius smitt no har fått namnet sitt knytt til)

 

Jens Helmers. Festplassen vert gjerne i minste laget 16. mai, truleg kjem også Jens Helmers gata til å verta teken i bruk.

Jens Helmers åtte Nedre Flora, den eine av dei to gardane som (ved sida av Hesteneset) vart valt til byområde. (Øvre Flora låg- og ligg – under prestegarden). Han tok over garden i 1849 etter faren Per Helmers, - Jens var då 24 år. Jens Helmers var med i bystyret frå fyrste stund og til han døydde i 1898, lengste tida sat han også i formannskapet. Frå 1885 var han hamnefut og losoldermann. Elles var han forlikskommissær og hadde mange andre tillitsyrke. "En verdig representant, en riktig traust gubbe", skreiv E. M. Hole om han.

 

 

Christen Jenssøn, sokneprest i Askvoll 1627-53, er heidra med gatenamn på grunn av arbeidet sitt med "Den norske Dictionarium eller Glosebog", den fyrste norske ordlista på folkemåls grunn og der ikkje lite av Sunnfjordmålet er grunnlaget. Men som prest hadde dei ymist å seia på Christen Jenssøn. Soleis vart han meld til Kapitlet for "ved drukkenskab at have forsømt Kirketjenesten og for slagsmaal". Jonsokdag 1653 drukna han med heile båtmannskapet på ferd frå ei av anneks kyrkjene. (Gate på Tua).

Claus Finde (gate mellom skulen og prestegarden). Claus Finde var sokneprest i Kinn frå 1785 til han døydde i 1816, 77 år. Han var ungkar og rik. Bispen, Johan Nordahl Bruun, var misnøgd med embetsførsla til Finde, "den rigeste geistlige i Stiftet", og i 1814 vart det sendt klage på presten frå 9 menn i Kinn, og bispen gav dei medhald. Men Finde vart ståande. Klagene syner elles berre den eine sida av mannen. Det går fram at han gjorde mykje godt for skulestellet i Kinn, og at han gav "en del av sin betydelige formye til Universitetet og noget lidet til Kinds Fattig- og Skolekasse". I Eikefjord kyrkje har dei ein vakker kalk og disk av sylv. Det er ei gåve til kyrkja frå Claus Finde då ho var ny i 1813.

Kjende sunnfjordingar frå den seinare tid er også heidra med gatenamn i Sunnfjordbyen. Det gjeld mellom andre:

Nikolaus Gjelsvik (1866-1938) frå Gjelsvik (sørtunet) i Vevring, en av våre skarpaste juristar, men og målmeisteren, som har vorte grunnleggjaren av det nynorske rettsmålet. (Professor Gjelsviks veg, frå sjukehuset til Kinn gr.).

Gustav Indrebø (1889-1942), fødd i Samnanger, men faren kom frå Førde. Professor ved folkeminnesamlinga i Bergen frå 1930. Gav ut mange bøker om namnespørsmål, var ein uredd stridsmann og ei eldsjel, særleg når det gjaldt målreising.

Johannes Haarklau, landskjend toneskald, frå Haukedalen i Førde.

Kristian Elster har også si tilknyting til Førde. Han henta emne til fleire av bøkene sine frå Sunnfjord.

Nikolai Astrup, velkjend kunstmålar frå Jølster.

Elias Melvær. Mange av dei eldre hugsar enno den friske talaren. Han budde lengste tida si i og ved Florø. Melvær møtte (som varamann) på Stortinget i 1885, og var med idet historiske ordskiftet om måljamstellinga.

A. Skridshol, distriktslækjar i Kinn 1897-1922, og svært godt omtykt av folket her.

E. M. Hole får namnet sitt knytt til gata frå sørvestre hjørnet av Kvartal 8 til vestre enden av Hans Blomgata. Hole er det enno mange i Florø som hugsar. Han var sunnmøring og kom hit som lærar på amtsskulen, seinare vart han banksjef og hadde ei tid redaktørarbeid som attåt yrkje. Han var ordførar 1897-1901 og 1911-22. Hole gjorde eit storarbeid for skogsaka, og så lenge kreftene rakk, hadde han tilsyn med skogen – som han trygt kunne kalla sin.