Side 1

Innleiing

Kjøpstad i Kinn.

Sorenskrivar Hans Arentz.

Arentz:Slik er sunnfjordingen.

Leiglendingar.


Fiskarbønder


Fiskarar


Når fisket slo feil.


Dei må tidleg krøkjast.


Stova var ei arbeidsstove.


Sameige.


Basen.


Vintersildefisket - historisk.


Silda kom att.


Sild til heimebruk.


Rike år.


Kald vinternatt.


Framanfolk byggjer sjøhus.


Ringverknader av sildefisket.


Saltebuene vert mange.


Nytt og spanande.


Setjegarnsfiske.


Handelsbuer.


Silda vert førd til Bergen.


Fisket etter vintertorsk.


Rikt torskeår.


Fisk og romantikk.


Bytur med tørka lange.


 
Fiske og levesett i gamal tid.
Didrik Kittang

INNLEIING.

Dette heftet har vorte til etter oppmoding frå Flora Pedagogiske Servicesentral. I første rekkja er det laga med tanke på å dra fram i minne og ta vare på det som enno fins att frå den gamle sjøbrukskulturen her ute ved havet.

"Om hundre ar er allting gløymt -" vert det sagt i eitt av forfattaren Rasmus Lølands bøker. Det er nok så alt for sant. Minna om dei rike sildefiska midt i førre hundreåret er så å seie utviska. Det står nokre få sjøbuer att av dei nær 350 her var i gamle Kinn på 1860-talet. Det fins rett nok nokre grunnmurar spreidde rundt på øyane. Dei fortel ein del om det som var.

Våre besteforeldre og oldefedre kunne fortelje om kor makelaust fort det heile vart borte. Brukande trevyrke vart selt og brukte ved byggjing av hus andre stader og i kjøpstaden. Ei heil bu, Bataldebua, kom på museum. Sunnfjord Museum fekk nemleg kjøpt henne av firma A. Haave i Florø for 800 kr. Ei slik saltebu med losji i andre høgda kan vi sjå på Tansøy.

Elles står eit par i Batalden enno. Slik gjekk det etter kvart med dei gamle båtane og. Etter kvart som motoren vart teken i bruk i fiskebåtane, kom det nye båttypar til, gjerne med dekk. Dei var bygde for motordrift. Dei gamle seglbåtane vart sette i fjæra. Dei vart forsømde med vedlikehald og rotna opp etter kvart.

Før i tida var tradisjonane meir levande i heimane.

I tregenerasjonsfamilien gjekk historiane og forteljingane vidare i kveldseta mens dei venta med å kveikje lampa. Bestemor og bestefar kunne fortelje, og den yngste generasjon lytta spent. Borna vart tidleg med i arbeidet på land og i båten og lærde både gardsstell og sjømannsstell. Men ikkje berre det. I mange heimar der foreldra makta det, gav dei borna sine bokleg lærdom og.

 

 

 Det er fortalt om mor til den første ordføraren i Kinn (1837) at ho lærde borna sine å lese og skrive og rekne, og ho hadde ein stor barneflokk. Ho skulle i alle måtar vere ei dugande kvinne. Det vart oftast mødrene som tok seg av slik skulering.

På 1700-talet stod det ikkje så rart til med skulestellet. Det er nemnt at det var 4 omgangsskulehaldarar. Dei skulle ta seg av skulen i heile Kinn prestegjeld, i alle sokna, og Bremanger sokn. Dei for f rå rode til rode og heldt skule i den største stova i grenda. Der samla ungane seg kring eit langt bord som låg på to tomtynner, og ved eine bordenden sat skulehaldaren. Det meste av utstyret til skulen hadde han med i skreppa si.Omgangsskulen var nær knytta til heimane, Opplæringa vart derfor og så jordnær. Under arbeidet med lov om faste skular, var der mange som såg ein fåre her. Mellom desse opplysningsprestar f rå den tida. Såleis den kjende presten Nils Hertzberg, ein mann med vidtfemnande interesser og ein føregangsmann i jordbruk. Han meinte at der faste skular vart innførde, vart alt overlate til skulealderen, og det er ikkje bra anten for foreldre eller bom. Når han skildrar korleis det er der heimen tek del i undervisninga, vert han reint patetisk: " -- det er et syn hvorover Guds Engle maae glæde sig, når man på sin Vandern kommer ind i Bondens Stue, see der Barnet legge sin Bog på den arbeidende Moders Knæe og rettes i Staving, Læsen af hende,ja vel og vækkes til en og anden Religions-Idee. 0, den uendelige Taalmodighed, den moderlige Langmodighed og ømhed maa dog gjøre et ædelt Indtryk i det spæde Hjerte, ædlere end selv den tolmodigste Skoleholders".

Somt i tida tyder på at vi og i skulen har fått syn for dei nære ting. Metodikklæraren vår på lærarskulen sa gjerne: Ta til med det kjende og søk derfrå utetter mot det ukjende. Vi har vel ofte hatt så lett for å hoppe ut i det ukjende før vi kjenner bygda eller byen. Så veit vi då meir om Napoleon enn om han oldefar.

Det opprinnelege namnet på kommunen vår var Kinn, oppkalla etter det kjende sjømerket, Øya Kinn med Kinnaklova. Då var kommunen større enn den er i dag. Heile Bremanger kommune høyrde og til. Grensa gjekk i nord til Vågsøy i sør til Askvoll.

 

Kjøpstad i Kinn.

I 1860 vedtok Stortinget å leggje ein kjøpstad i Kinn. Det var for å skape betre vilkår for alle dei tusen fiskarane som i mange år på rad hadde søkt hit til dei rike vintersildfiska. Næraste kjøpstaden var då Bergen. Det er tjue mil dit. Byturen med seglbåt tok ofte lang tid. Valet fall på garden Flora, som då elles var delt i to: Prestegarden og Helmersgarden. Helmersgarden og innmarka til Prestegarden vart kjøpstad. Kjøpstaden fekk namnet Florø. Det danske språket var i sambandet med Danmark vorte vårt 6g, fellesspråket. Stadnamna vart innpassa i dette språket. Flora vart til Floren, som Rota og Skorpa og Reksta vart til Roten osv. I folkemålet livde namna vidare, og kommunen har no si gamle opprinnelege dativ-form Flora, men akkusativen er og like levande i tale-målet: Eg er på Florene.

Først 5 år seinare fekk byen sitt eige kommunestyre. I 1866 vart Bremanger skilt frå Kinn. Mange år etter kom ei ny fråskiljing. Bru og Eikefjord vart i 1923 eigne kommunar. I 1964 vart dei fire småkommunane samla til ein storkommune. Bremanger heldt fram som eigen kommune. Den opprinnelege storkommunen hadde vilkår for å vere ei sterk eining med mangsidig næringsgrunnlag. Rikt fiske ute ved havet. 

Først og fremst vintersilda som i lange tidbolkar årvisst stima inn over grunnane og år om anna søkte heilt inn i fjordar, sund og vikar. 

 

Somme vintrar kunne torsk og sei sige inn over grunnane. Utanom sesongane var det viktig med det daglege fiske, småfisket, året rundt.

Inni fjordbygdene voks fure. Fura gav byggningsmaterialar til hus av alle slag. Av fura laga dei båtar, tynner og fiskekassar. I Eikefjord laga dei tynner på dei fleste gardane, likeeins kassar. I småskogen var rikeleg ved til brensel.

  Jordbruket gav gras, korn og poteter. Frå kua fekk dei mjølk, ost og smør. Frå sauen kom ull og kjøt, og frå geita mjølk, ost og skinn.  

Når så distriktet fekk eit kjøpesenter, ein kjøpstad, var det rimeleg at folk såg lyst på framtida.Vonbrotet kom likevel brått og uventa. Vintersilda som hadde vore årviss kom ikkje under land i 1873.Det vart fleire svartår, år folk levde "f rå hand til munn". Dei daglege hovedmåltida var fisk, fisk til middag og fisk til kvelds. Så fekk då båten og fiskereiskapar av ymse slag stor plass i fiskarbonden sitt liv og arbeid. Som fjordbonden kjæler for og steller vel med merra si og krøtera, slik kosar fiskaren seg ved og stelle fint med båten sin.  

Men fiskarbonden er bufast. Han steller og vel med tunet sitt. Dei gode sildeåra gav økonomi til å syte seg materialar til husbyggjing på bruket. Det vart etter kvart mange hus f rå naustet og sjøbua ved sjøen til våningshuset, løa og floren, eldhus og arbeidshus. Kring tunet ligg bøen, hans eigen med åker og eng. Det gir han tryggleik og velvære og godt matstell.     

 

FISKE

Når vi nærmar oss 1800-talet, finn vi ein god del opplysningar om folk og levemåte her i bygdene ved havet. Som beste kjelda i så måte reknar vi sorenskrivar Hans Arntz si "Søndfjords beskrivelse" å vere. Skriftet vart skrive kring 1785. Det vart prenta nokre år seinare.

 Sorenskrivar Hans Arntz.

 Arntz var av utanlandsk ætt, men livde sitt lange liv i Sunnfjord. Han voks opp i Askvoll, der far hans, Fredrik Arntz, var sokneprest. Han vart forresten sistpå biskop i Bjørgvin 1760-1774. Faren ville ikkje sende gutane ut på skular, men gav dei sjølv opplæring fram til studenteksamen.

   Difor livde Hans sine ungdomsår i fiskarmiljøet i Askvoll kommune. Han kom så ut og fekk studere jus. Som jurist kom han attende til Sunnfjord. Han var sorenskrivar her i over 30 år. Det meste av denne tida budde han i Dale i Sunnfjord. 

Han reiste mykje i Sunnfjord, og i Ytre Sunnfjord. Kona hans var og bunden med ætteband her. Ho var dotter til futen Nagel, som då åtte Svanøy og ei rad med sunnfjordgardar, som hadde lege under Svanøybirket. (Birk er nemning på eit slag rettskrinsar på landsbygda etter Christian VIS lov.) Arntz hadde såleis god bakgrunn for å kunne skrive om livet her ute i Øygarden, og det gjorde han. 

Arntz: Slik er sunnfjordingen.

 Han skreiv om topografien i Sunnfjord, om fjordane og dalane, om Øyar og skjer, om luft og verlag, om jord og vokstrar, om dyr, fuglar og fisk. Han skreiv om folket, liv og levevis, om seder og skikkar. Han reknar opp m.a. tolv nemningar sunnfjordingane har på vindretningane. Han tykkjer sunnfjordingane er tunge i setet, tunge i sinn og skinn, melankolske. Det finns rett nok sangvinsk og flegmatisk huglag, men sjeldan det koleriske.

 

  Sunnfjordingen er grundig, med god naturleg dømekraft. Sunnfjordingen har interesse for lovkunnskap og har godt minne. Almanakka brukar han flittig og reknar ut ver og vind etter aspektene. Han studerer draget i lufta og har gode vermerke. Til kvardags lever folk av havregraut eller havresuppe,, sild med flatbrød og surmjølk, utblanda med vatn. I helgane eit lite byte på maten, då er det gjerne kjøt og sodd, flesk og erter.

Leiglendingar.

 Hans Arntz var noko oppteken av dei sosiale tilhøva. Han hadde berre eitt barn, ei dotter. Ho døydde tidleg, vart berre 14 år gamal. Ekteparet sette derfor opp eit testamente, då dei ikkje hadde ervingar. I testamentet laga dei det slik at dei bøndene som sat som leiglendingar på dei gardsbruka som sorenskrivaren fekk med "Svanøygodset" (Svanøybirket), skulle få tilbod om å få bruket utan betaling, men med atterhald om at bøndene skulle ta på seg å syte for dei fattige.

 

  Tok dei ikkje mot det tilbodet, skulle bruka bli selde på auksjon, og medelen gå til eit legat for dei fattige. Dette skulle kvart prestegjeld stelle med og syte for. Ikkje alle leiglendingane vart samde om å godta atterhaldet i testamentet. Det gjekk derfor etter føresegnene. Gardane vart selde, men til svært rimelege prisar. Samla sum som såleis fall på Kinn (her medrekna Bremanger som låg til Kinn då) utgjorde 145 spd. 21 sk.

 Flora Pedagogiske Servicesentral.
Tilrettelagt for Internett av Leiv-Arne Øien, september 1999