Side 2

Innleiing

Kjøpstad i Kinn.

Sorenskrivar Hans Arentz.

Arentz:Slik er sunnfjordingen.

Leiglendingar.


Fiskarbønder


Fiskarar


Når fisket slo feil.


Dei må tidleg krøkjast.


Stova var ei arbeidsstove.


Sameige.


Basen.


Vintersildefisket - historisk.


Silda kom att.


Sild til heimebruk.


Rike år.


Kald vinternatt.


Framanfolk byggjer sjøhus.


Ringverknader av sildefisket.


Saltebuene vert mange.


Nytt og spanande.


Setjegarnsfiske.


Handelsbuer.


Silda vert førd til Bergen.


Fisket etter vintertorsk.


Rikt torskeår.


Fisk og romantikk.


Bytur med tørka lange.

 

 

garnbitting.gif (7318 byte)
Garnbitting- klave til å feste garnet i.

 

garnnaal.gif (1489 byte)
Garnnål. Ein fylte henne med ein tråd ved bitting av garn. Eller bøting ved reparasjon av garn.

 

vred.gif (907 byte)
Vred til garnbitting. Ein legg tråden over vreden og knytter-såleis lagar ein mauske.

 

sule1.gif (1433 byte)
Sule med messingstreng rundt. I enden av strengen er festa eit blylodd. Til å lodde (leite) etter sild med.


Fiskarbønder.

Såleis vart mange i Kinn sjølveigarar og kunne stelle bruka med større glede. Dei fleste var fiskarbønder, tok si næring frå sjø og land. Dei gode fiska gav dei råd til å koste seg bra hus i tunet etter kvart. Der stod våning og stabbur (ikkje i alle tun), eldhus og løe med flor. Ved sjøen stod eit naust, ei sjøbu til reidskapar og stelling av fisk og eit nothus for nøter og utstyret til desse. Nothuset og nøtene åtte gjerne mange grannar saman På bruket Hellevika kan ein endå sjå alle, desse husa og fleire, her var ei tid halde ting, og her var gjestgivarstad, frå tingstova er berre tufta att og synleg. 

 

For somme bønder vart gardsdrifta etter kvart hovudnæringa. Dei fiska litt, så "dei heldt gryta", slik dei brukte å seie. Dei "pota morten" om kveldane eller grytidleg om morgonane. Til dette bruk hadde dei lange troer med lang taum med fiskekrok med fiskebeite på. Beitet skar dei av buken på palen. Dei rodde og utpå og pilka etter torsk og hyse. Seig seien inn i fjordane, fiska dei og den med krok med beite på. Det kunne tidt bli rikeleg husfisk om ein trefte bort i eit "stål" med sel. Desse forsømde ikkje jordbruket for å drive fiske, men fiska når tid og stund var til det. Derfor hadde ikkje desse serleg stor utrusting av reiskapar. Attåt fiskesnøre hadde dei liner, nokre sildegarn, palegarn og kanskje ei lita mortenot.


Hellevik i Høydalsfjorden - ein gamal gjestgjevar- og handelsstad.

Fiskarar.

For andre var fiske hovednæringa. Gardsdrifta vart attåtnæringa. Dei såg det likevel slik at det dei fekk ut av gardsbruket kom vel med, både havren som godt grautmjøl og halmen som tenleg underlag i sengane. Poteter og fyrst og sist mjølka frå kua var god sikringskost. Dei forsømde likevel ikkje fisket når veret var brukande og det var noko å hale opp f rå sjøen. Fiskarbonden følte seg ofte i den stilling at "alle ting skal gjerast og ingen ting forsømast". Vinters tid kunne dei sutalaust fiske.

 

  Då greidde konene stellet heime. Det var det vanlege at dei stelte i floren. Berre i sjukdomstilfelle gjekk karane i floren og stelte. Dette både - og yrket vart stridast for karane i sommarshalvåret. Då kunne dei ligge ute på sjøen med linebruket om nettene, onna heime på bruket om dagen. Eller det kunne treffe slik at feitsilda stod under land midt i hardaste slåtten. I slike tider kunne viktige ting bli forsømde. Silda gav seg ikkje tid til å vente på at fiskaren fekk tid å ta henne. Derfor sprang karane f rå heile slåttearbeidet, fekk ut notbåten og fekk gjord inn nota.

Når fisket slo feil

Kom det så tider med ''svarte garn " og ''svarte nøter", fekk dei stunder til å ta seg meir av gardsdrifta, då kunne dei rette opp att det som måtte vere forsømt.

 

  Dobbeltnæringa gav derfor eit trygt tilvære for dei som hadde god helse, interesse og innsikt i å drive slik at ikkje sidenæringa vart gløymd og forsømd. Det kravde mykje av både mann og kone. Når barneflokken voks til, kom hjelpa  etter kvart. Det letta slitet for dei vaksne. Det var og ein god "yrkesskule" for dei unge, for både gutar og jenter.

Dei må tidleg krøkjast

Gutane kom med i båten før dei orka letta ei åre.Dei var tidleg med på småfiske, fekk tidleg sitt eige snøre,si eiga potatroe.
Det vart gjerne bestefar som kom til å ta smågutane med i båten og lærde dei den fyrste bruken av reiskapar. Han var kårmann med bra
tid og ro i sinnet, var ein tolmodig læremeister. Heime på bruket kunne han gjere så mangt eit nyttig arbeid frå å slipe ljå og slå med stuttorv til å stelle til settepotetene og såkornet.

 

  Når så småkarane fylgde han mest kvar han for, så lærde dei seg alt det bestefar stelte med. Attåt så hadde han så mykje interessant å fortelle frå tida som låg bak. Bestefar kunne så mangt anna og, han. Han kunne vøle gamle fiskereiskapar. Han kunne stelle til nye. Gutane fekk sjå det og. Dei fekk hjelpe bestefar å sage ved, fekk prøve øksa når bestefar såg at dei greidde det. Og når bestefar klinka saum med klinkehamaren sin, fekk guten halde på saumhovudet med ein hamar eller helst ei øks. Tjæra bestefar båten, fekk guten prøve seg med tjærekosten.

Stova var ei arbeidsstove.

Jentene fekk tidleg vere med mor i fjøsen og fore kyrne og sauene og gi veslekalven drikke. Dei fekk vere med i slåtten med ei lita rive å rake og hesje saman med mor. Det var kvinnfolkarbeid, det. I skumringa samla huslyden seg i staua . Stova (staua) var romsleg og var først og sist ei arbeidsstove. Her sat mor med rokken og spann, og småjenta fekk karde ull. Bestemor strikka sokkar, lubbar og vottar til huslyden, men mest har ho gjerne i tankane fiskevottar og varme lubbar til bruk i sjøstøvlane til vinteren.

 

  Her får og veslejenta spøter å prøve seg med. I same staua har karane drege inn torskegarn og sildegarn, som dei bøter og steller med. Dei bitt garn, både til sildefiske og til torskefiske. Det er på det uvisse kva slag garn det kan mest bli bruk for til vinteren. Dei lagar mest alle reiskapane sjølve. Her får småkarane vere med og. Dei får seg små nette nåler, laga av beinved (kristtorn), eit hardt, glatt og veleigna materiale til dette bruk. Eit snaut og høyeleg arbeid for småkarar er å seise kuler. Dei kler glaskuler med tjukt garn. Desse vert brukte til fløyt på torskegarn.

Arbeidslys i staua.

Før nittenhundretalet brukte dei kola med tran og veik. Ho gav svakt lys. Sidan kom oljelampa i bruk. Ho gav betre lys, men så kosta brennstoffet pengar. Trana fekk dei av fiskelevra, og var gratis. Naturalhushaldet held seg endå ei tid. Ei tredje gruppe av dei som budde ute med havet åtte ikkje jordveg i det heile.

 

  Dei var eit slag leiglendingar, som hadde hustufta eller tuftene på årmål og betalte ei lita leige for tuft til våning, til sjøbu og til naust. Dei arbeidde for tomteleiga på bruket til grunneigaren. Dei dreiv fiske året rundt. Var det ruskever og landligge, var det ikkje så mykje å ta seg til. Rett nok var det stell med båtar og med husa. Dei måtte og sjå om dei fiskereiskapane dei åtte. Ofte hadde dei mindre fiskebruk og hyrte seg inn hos andre til fiske i dei store sesongane i vinterfiske, både med garn og not.

Sameige.

Eit notbruk vart etter kvart omstendeleg og kostbart. Heimefolket her gjekk derfor saman om å koste det. Mange grannar gjekk saman og kosta nothuset og båtane med utstyret som måtte til. Til nøtene batt eller seinare kjøpte dei kvar sine bolkar som dei sauma saman og felte til ei sperrenot, kastenot eller orkastnot. Nøtene var av ymse storleik, og det var vinter- sildnot og sommarsildnot.

 

 

Frå notbåt til gavlbåt.

Det skulle og meir enn ein båt til. Det var båten med nota, notbåten med ein lang rull på sida. Seinare vart denne båten avløyst av gavlbåt, som var tverr bak. Det var og ein noko mindre båt, tilrigga med eit "spel". Det var ein rull tvert over båten. Gjennom rullen gjekk to stakar. Dei feste båten til stranda med ein dregg, tok toget til nota kring rullen eit par gonger og to karar spela nota fram ved hjelp av stakane. Men først måtte dei leite opp silda.

 

Basen.

Karane i notlaget valde ein seg i mellom til bas. Som regel skulle han ha to luter. Basen sat i loddbåten. Ein færing, eller om vinteren gjerne ein seksæring, vart brukt til det. Her tok basen plass med ein lettbåtroar eller to, etter som veret var.

 

  Basen hadde ein lang messingstreng tvinna rundt ei sule. I enden av strengen var festa eit blylodd. Dette slepte basen ut i sjøen når han venta å treffe fram i ein sildedott. Når strengen for gjennom dotten, pikka det i strengen.