Side 3

Innleiing

Kjøpstad i Kinn.

Sorenskrivar Hans Arentz.

Arentz:Slik er sunnfjordingen.

Leiglendingar.

Fiskarbønder


Fiskarar


Når fisket slo feil.


Dei må tidleg krøkjast.


Stova var ei arbeidsstove.


Sameige.


Basen.


Vintersildefisket - historisk.


Silda kom att.


Sild til heimebruk.


Rike år.


Kald vinternatt.


Framanfolk byggjer sjøhus.


Ringverknader av sildefisket.


Saltebuene vert mange.


Nytt og spanande.


Setjegarnsfiske.


Handelsbuer.


Silda vert førd til Bergen.


Fisket etter vintertorsk.


Rikt torskeår.


Fisk og romantikk.


Bytur med tørka lange.

 

 


skimle.gif (2185 byte)
Skimle er ei kvitmåla fjøl, festa til eit tynt tau. Ein noko lang stein er festa til fjøla som søkke.

 

 

snore.gif (3458 byte)
Snøre

 


Blekksild

Vintersildfisket - historisk.

Det var vintersildfisket som gav rikdom her i havskjera i gamle Kinn. Det er gamalt å ro fiske her. Om vi søkjer attende til Grim Kveldulvson si tid, så kan vi lese at han og huskarane hans for om vintrane ut til havet på sildefiske med garnbåt. Då drog dei same ferda som mange etter dei har gjort i mannsalder etter mannsalder, frå Dalsfjorden, Førdefjorden, Eikefjorden og Norddalsfjorden, ut til Kinn og Batalden og rodde fiske.

 

I Snorre kan vi lese om at det året Håkon Jarl tok styringa i landet, seig silda inn til land. Olav Kyrre grunnla kjøpstad i Bjørgvin mykje med tanke på at der nordover i skjergarden var så rike fiske. Kring 1500 kom tusen skip frå Danmark, Holland, Frankrike og England for å kjøpe sild. Då må det ha vore ei rad med rike sildeår. I 1559 har her vore så mykje sild at prisen gjekk ned til 4-6 skilling tynna. Det var lite når ein samstundes kan lese at tretynna (tomtynna) kosta 18 skilling. Heilt til 1860 var Bjørgvin (no Bergen) vår kjøpstad.

Silda er lunefull.

I 1565 heiter det at i februar såg folk silda "stå for land, men finge intet derav". Det er Absalon Pedersen Beyer som opplyser dette i Kapittelsboka. Vi skjønar såleis at vintersildfisket ikkje var årvisst, men når silda seig til land, kunne det vere i store mengder. Sorenskrivar Hans Arentz skriv om fiskarnæringa i skriftet som er nemnt:

 

  "Skulde derfor noget av alle disse Næringsmidler kunne forskaffe Søndfjord nogen mærkelig tilvæxt her efter sin folkemengde, måtte det visstnok være Fiskeriet". Men det er ei ustadig næring. "Var det samme Vished og Bestandighed som Qvægavlingen, måtte Søndfjord blive, efter disse Stæders Beskaffenhed, både folkerigt og formuendes Landskab".

Silda kom att.

I det 17.hundreåret har det innimellom vore gode sildeår, og forbi hundreårskiftet. Kring 1740 vart silda borte att her. Ho søkte land lenger sør på kysten. Folk grunna nok på kva som kunne vere årsaka. Dei gjekk i seg sjølve og tenkte: Er vi sjølve skuld i dette. Er det straff for fylla, for banning og kalling og slagsmål? Det gjekk rett nok ofte vilt for seg når store mengder sild "kokte" i sjøflata og mange notlag låg klare til "å la not og sperre kring sildedotten. Då var nervane spente både hos bas og mannskap.

 

  I slike stunder kunne basrøystene skjere gjennom lufta og nøtene fauk over båtripa etter kvart som karane ved årane rodde alt det årar og keipar tolte. Det kveste seg til reine sildeslag. Arntz held det ikkje urimeleg - "at Søndfjord med disse og flere Synder kan have fortjent denne eller andet Slags Refselse, - men umiddelbart har dog vel aldrig været". Etter nokre år kom silda til land att. 1751 og 1752 vert nemnde som rike sildeår. Då er serskilt nemnde kastevågar i Batalden og Domba. Der er gode kastevågar, og det vart tekne gode fangstar. Det er vel dei rett store sildeåra det vert skrive om, og så dei fælaste svartåra.

Sild til heimebruk.

Heimefolket i Kinn vakta på silda og var jamleg ute og leita etter sild, og fann sild 6g ofte, om det ikkje var dei store mengdene. Dei fiska sild til heimebruk. Silda vart salta i tynner, men dei hengde mykje opp til tørking. Dei flekte henne og tredde henne inn på stenger.

 

  Dei sperra og to og to sildar saman ved å smette eine hovudet inn i hitt og hengde sildeparet over staurar under taket i eldhuset, i løa eller i naustet. Såleis hadde dei rikeleg tørka mat i lang tid fram over. Attåt poteta var det ein herleg rett, etter at poteta hadde blitt vanleg og god folkemat. Større fangstar vart salta og tekne med til kjøpstaden når det var samla nok til ei byferd.

Rike år. Lov om vårsildfiske, 1851.

Retteleg storfiske høyrer vi så først om f rå 1811 og utover til 1873. I desse åra tok silda land i store mengder. Det samla seg mykje fiskarar. Dette førde til at det kom ei lov om vårsildfisket i 1851.

 

  Med denne lova fylgde skipinga av fiskeoppsyn og serskild domar. Det vart eit siglande politi. Heimefolket rådde ikkje grunnen åleine, mange framande fiskelag søkte hit. Frå denne tida vart det meir pålitande meldingar.

Kald vinternatt.

Frå gamalt hadde folk f rå fjordbygdene hyrt seg med fiskelag uti øyane. I dei rike sildeåra som no fylgde rusta mange frå fjordbygdene seg ut med båtar og garn og drog ut til havet for å drive fiske på eiga hand. Etter oppgåver vi har, var her i fiskeværa samla 5600 garnfiskarar i 1854. I 1860 hadde talet stige til 6500. Fem år etter var talet dobla til 13000. Den første tida fekk desse tilreisande seg husrom hos heimefolket her ute. Dei trengde seg saman så godt dei kunne. Det vart likevel ikkje rom til alt folket. Somme måtte dra båtane inn over land, kvelve båten og søkje ly under kvelvet. Dei måtte bu så nær fiskeplassane som mogeleg.

 

  Det var med årar og segl dei kom seg fram. I rasveret måtte dei ofte ty til næraste land. Det er fortalt om ein vinterdag at karane låg og drog sildegarna på Ytrøykyllaren, då det rauk opp austarok. Dei laut natte over på Kyllaren. Det var før fyren vart bygd der. Der er ulendt og vanskeleg å dra båtar på land. Så måtte karane halde varmen i seg den lange, kalde vinternatta med å slost, ta ryggjatak, slå nevebask, trampe og tråkke, Ein fjordmann fraus i hel den natta, Det var ikkje liv for veike folk. Den gongen hadde fiskarane ikkje fått seg oljekle. Dei brukte overkle av geiteskinn. Dei verna vel betre mot kulden. Så lenge karane rodde eller drog garn var det ikkje vanskeleg å halde seg varme. 

Framanfolk byggjer sjøhus.

Etter kvart sytte dei tilreisande fiskarane seg hustufter ute p~ øyane og bygde seg sjøbuer. I 1860 var talet på slike buer kome opp i 368 i Kinn prestegjeld.

 

   Det gjekk nemleg gjetord om fisket i Kinn. På Voss møtte eg for mange år sidan ein gamal harding. Straks han fekk vite at eg var frå Kinn, sa han: "I gamle dagar sa me i Hardanger : Far til Kinn og bli rik", 


BU OG HUSMILJØ PÅ KINN. FRÅ FORRIGE HUNDREÅRET.

Ringverknader av sildefisket.

Det var såleis ikkje berre folk frå dei indre sunnfjordbygdene som sytte seg sjøhustufter. Namn på buer som Bernerbua på Tansøya og Lemkuhlbua i Batalden fortel noko om det. Desse buene står endå på plass. Kjøpmenn i Bergen bygde saltebuer her. Dei rigga og til båtar med garn og nøter, leigde folk til å drive dei her ute.

 

  Kjøpmennene kjøpte 6g sild, hadde folk til å kverke og salte silda. Silda vart så frakta på jekter til Bergen. I 1860 var her i fiskeværa 276 slike farty som berre førde sild her i frå. Folk frå avstengde bygder tykte det var noko av eit eventyr å få reise ut og vere med på fiske i denne tida. Det var eit yrande liv omkring i væra. Så mange båtar, så mykje folk. I dei store saltebuene stelte dei silda i første høgda, kverka henne og salta henne i tynner. Sildetynnene trilla dei utom bua. 

Tusen på tusen 

Så snart det frettest at silda var under land, kunne det på ei vekes tid strøyme til tusen på tusen for å vere med på fisket. Det kom båtar i alle vikar og vågar. Folk mest kvar ein vende augo. Så alt utstyret som vart teke på land: Garn, tog og kaggar, nistebommer, skjørholkar og øldunkar, dungar med ved, tomtynner og senghalm i sekker. Det var prating og roping på så mange målføre.

 

  Rauk så veret opp, galdt det å få båtane på land, så ikkje dei vart knuste. Det var seksæringar, slagkeipingar og femkeipingar. Det var folksamt, så det var ikkje vanskeleg å dra del opp. Men så mange båtar trong mykje plass, så dei laut dra dei langt inn over land, inn over myrane. Ein har derfor funne festepålar langt innpå øyane. Dei var til å feste båtane i, så vinden ikkje skulle fare av med dei. 

Saltebuene vert mange. 

Beste garnplassane var norda for Kinn, ved Ytterøya. Fiskarane ville bu så nær fiskeplassane som råd var på grunn av roinga. Her ligg ei lita øy, Nærøya. Det er fortalt at her kunne det i fisketida vera 1000 til 1500 menneske. Her vart det etter kvart bygde mange hus.

 

  Det er nemnt 30 Skimle er ei kvit- sjøbuer. Det var ein liten by. På dei større måla fjøl, fasta øyane, på Kinn, i Vågen (Rognaldsvåg), på Skorpa til eit tynt tau. på Askrova (og Tansøy), i Batalden, i Barekstad, ja heilt aust for Flora, i Veiesundet stod saltebuer.


EIT ARBEIDSLAG OPPSTILT FOR FOTOGRAF. BILETET ER FRÅ KINN - FØR l.VERDENSKRIG. 

I andre høgda på saltebuene stelte dei til sengeplassar, Der var kokeomn, så dei kunne stelle seg mat. På desse bualemmane kunne bu eit par båtlag: Kvart båtlag var 6 - 7 mann. Det var gjerne 6 karar i årane og båtføraren ved roret. Søringane kom nordover fordi fisket slo feil på deira kantar.   Dei kom frå heile kysten like til Lindesnes. Folk som stimla slik saman kunne ha mykje å lære av kvarandre. Det kunne vere det som galdt fiskereiskapar og bruk av desse. Dei vart kjende med andre seder og skikkar, fekk høyre soger og segner frå andre bygder.