Side 4

Innleiing

Kjøpstad i Kinn.

Sorenskrivar Hans Arentz.

Arentz:Slik er sunnfjordingen.

Leiglendingar.


Fiskarbønder


Fiskarar


Når fisket slo feil.


Dei må tidleg krøkjast.


Stova var ei arbeidsstove.


Sameige.


Basen.


Vintersildefisket - historisk.


Silda kom att.


Sild til heimebruk.


Rike år.


Kald vinternatt.


Framanfolk byggjer sjøhus.


Ringverknader av sildefisket.


Saltebuene vert mange.


Nytt og spanande.


Setjegarnsfiske.


Handelsbuer.


Silda vert førd til Bergen.


Fisket etter vintertorsk.


Rikt torskeår.


Fisk og romantikk.


Bytur med tørka lange.


fiskesule.gif (2776 byte)
Fiskesule, brukt til å hespe fiskesnøre på.

 

 

klepp.gif (1221 byte)
Klepp, å kleppe inn, ta inn større fisk (kveite) med.

 

 

hytte.gif (1256 byte)
Hytte, å hytte inn, ta inn fisk med.


lage_hamp.gif (6700 byte)
Vi lagar forsund av hamp. 4 trådar tvinna rundt 4 skeier festa i bjelken i taket. 2 karar med kvar 2 skeier fletter forsund.

 

skei.gif (2699 byte)
Skei på hespa  hampetråd.

Nytt og spanande. 

Det var uroleg og spanande den tida fiskarane samla seg i øygarden. Heimefolket bisnast på alle båtane og store farty som kom siglande. Dei måtte snakke med dei nyst komne og frette nytt av dei. Dei måtte og ha tak i sildeoppsynet. Det fylgde godt med. Elles hadde karane seg visse turar til utsynsstadane for å sjå etter sildesyner: fugl og kval. 

 

Det var alltid så uvisst kvar silda kom under land. Ho kunne komme inn Frøysjøen, inn Hellefjorden eller sige forbi og gå til land lenger sør: Ho kunne komme inn vesta for Kinn og sige inn både nordafor og sunnafor Kinn. Då var det beste vona for rikt fiske. Det var og så uvisst kva tid silda tok land. Karane rekna med å vere klar til å ta mot silda straks jula var over. 

Roing og slit heile veka. 

Når så silda kom, vart det ei roing og eit slit frå tidleg morgon til seine kvelden. Var veret roleg, vara slitet til helga. Då vart det stilt. Så tok det til att med ei ny veke med same slitet.

 

  Sildegarna sette dei ved Sverslingane og Kvitingane. Det kunne hende at fiskarane trefte sildedottar høgste dag på veg ut mot garnfeltet, då sette dei garna gjennom stimen. Det kalla dei å sette i åte. Silda gjekk i åt, mengder av smådyr. Då kunne dei ta last på båten i eitt drag. 

Setjegarnfiske. 

Om kveldane sette dei garna til botnen. Om morgonane rodde dei utatt til fangstfeltet og drog garna. Dei hadde ein lang rull på eine sida og sleit garnet over rullen. Det var hardt slit. Så rodde dei til lands og tina garna, d.v.s. rista silda av garna. Silda vart levert til oppkjøpar. Den tida mælte dei ikkje silda i mål (150 1) eller i hektoliter. Dei talde silda og selde på tal, i store hundre d.v.s. 120 sildar. Dei rekna jamnt 4 store hundre. Dei talde opp 8 halvhundre (60 stk.) og la til ei talsild for kvart halve hundre. Såleis vart i alt 488 sildar i tynna. Kjøparen stod på bua og song ut for kvar fullfane. Teljarane skulle vere utruleg snøgge å telje opp, så lossinga oftast gjekk fort unna.

 

  Sildekjøparane kom helst frå Bergen med store seglskuter. Bergen var næraste kjøpstaden då. Med seg hadde dei rikeleg proviant. Noko av det vissaste var brennevin. Det var mykje nytta ved kjøp av sild. Mange let seg nok lure ved hjelp av det. Var det rikt fiske, nytta kjøparane seg av det og slo prisen ned. Det er nemnt tidlegare. Dei fiskarane som hadde saltebuer, og hadde sytt seg tomtynner og salt til fisket, var ikkje i beit. Dei tok silda opp på si eiga bu. Dei sette i gang å kverke og salte silda sjølve. Kvinnfolk og ungar kom til og hjelpte karane så godt dei kunne. Fylte sildetynner vart rulla bak om bua og lagra på ein platting. Der vart dei lagde i fleire høgder (tirar). Silda måtte ein sjå om ved tid og høve og fylle saltlake på, forlake.


BAREKSTAD I 30-ÅRA. BÅTEN MED TØNNELASTA ER "HÅKON"  BYGD I BATALDEN Av BERTEL BERTELSEN OMKRING HUNDREÅRSSKIFTET. 


HER ER EIT ARBEIDSLAG SOM JOBBAR MED SILDESALTING. BILETET ER FRÅ CA. 1930. 

Handelsbuer. 

Langs skipsleia låg handelsbuer. I Furesund var ei slik handelsbu. Ho står endå. Dei som segla indre leia stogga gjerne i Furesund og handla. 

 

  I Kinnesund ved ytre leia var ei handelsbu. Handelsmennene i desse buene hadde serskilt rett til å ha lager av brennevin og selje. 


GJESTGJEVARSTADANE SOM VART OPPRETTA PÅ 16-TALET, SKULLE VERE SKYSSKIFTE FOR DEI DANSKE EMBETSMENNENE SOM REISTE LANGS KYSTEN. DESSUTAN SKULLE DEI VERE HANDELS- PLASSAR FOR FOLKET I BYGDENE OG FOR TIL- REISANDE FISKARAR. FURESUND UTANFOR FLORØ VAR EIN SLIK HANDELS-PLASS. DEN VART OPPRETTA OMLAG 1630.HER I FURESUND OVERNATTA KRISTIAN DEN 6. MED FYLGJET SITT PÅ NOREGSFERDA I 1733. 

Handelsmannen i Kinnesund kjøpte inn 50-60 fat brennevin til vinterfisket. Trongen til brennevin vart nok størst når det var ruskever og landligge. Då rodde karane over til Kinnesund og fekk seg brennevin. Då vart det gjerne mykje søl. Det vart elles ein sterk reaksjon mot denne trafikken i siste helvta på attenhundretalet. Det fanst og småkjøpmenn som dreiv litt handel. Dei hadde ikkje denne retten å selje brennevin, men fuska litt i faget. 

Men var veret lagleg, og det stod sild på grunnane eller ho gjekk fram på alle sund og vågar, var det slikt hektisk liv i fiskeværet at brennevinet fekk fred. Då kunne det berre bli ein dram hos sildekjøparen ved levering av fangst. 

 

 

Så minka fisket litt etter kvart, eller det tok brått slutt. Silda hadde sett ned i djupet og seig frå land. Fiskarane tok reiskapane på land og hengde til tørk. 

I rad og rekke stemnde fjordbøndene inn etter fjorden. Sildekjøparar og fiskarar sørafrå stemnde  søretter. Alle var på heimveg. Nokre spanande og interessante vinterveker var slutt. No tykte mange i Øygarden at det vart stusseleg. Dei sakna det yrande livet mellom øyane. 

 

Silda vert førd til Bergen. 

Ut på vårparten når noko av vårarbeidet var frå  seg gjort heime på bruket, kom fjordafolket attende til øyane med jakter og lasta inn vintersilda og siglde til Bergen. Desse jaktene lasta 70-80 tynner sild. 

 

Lands lut. 

Hadde det vore godt landnotfiske om vinteren, hadde fiskarbøndene, heimefolket, ei lettvunna forteneste, nemleg landslut. Dei sa gjerne at dei då "fiska med tørre vottar". Landsluten var 3% av brutto fangst for vintersild. Notlaga måtte betale landslut til dei som åtte strand der notkarane laut ta tau iland.

 

  Der det var gode sildevågar kunne det bli ein bra slump med pengar. Landeigarane bytte pengane seg i mellom etter visse reglar som dei i si tid hadde vorte einige om. Den dagen karane kom saman og delte landsluten, vanka det både mat og drykk. 


SILDESTENG I BATALDEN. I FORGRUNNEN:PENTA - EIT TAU SOM HELD BÅTAR OG NOT UT FRÅ LAND.