Side 5

Innleiing

Kjøpstad i Kinn.

Sorenskrivar Hans Arentz.

Arentz:Slik er sunnfjordingen.

Leiglendingar.


Fiskarbønder


Fiskarar


Når fisket slo feil.


Dei må tidleg krøkjast.


Stova var ei arbeidsstove.


Sameige.


Basen.


Vintersildefisket - historisk.


Silda kom att.


Sild til heimebruk.


Rike år.


Kald vinternatt.


Framanfolk byggjer sjøhus.


Ringverknader av sildefisket.


Saltebuene vert mange.


Nytt og spanande.


Setjegarnsfiske.


Handelsbuer.


Silda vert førd til Bergen.


Fisket etter vintertorsk.


Rikt torskeår.


Fisk og romantikk.


Bytur med tørka lange.

 

Fisket etter vintertorsk. 

Sorenskrivar Arentz seier om torskefisket at det "stundom faller ganske lykkelig, men andre åringer meget maadelig og ringe Folk frå Kinn drog derfor ofte nordover til Sunnmøre på torskefiske. Torsken var vissare der. Der lærde oldeforeldra og besteforeldra våre og å fiske med garn og line etter vintertorsken. Torsken kunne då og sige inn på Bremangerhavet og ofte inn på Bremangerpollen. 

I 1780-åra er det fortalt om gode innsig av vintertorsk. Det var stor og feit fisk. Fiskarane fekk frå 5 til 10 skilling stykket. Her var handelsmenn som kjøpte fisken. Mange heimefiskarar sløgde,flekte og tørrsalta fisken i la på buagolvet. Det gjorde dei om kveldane. Seinare - ut på vårentørka dei torsken til kleppfisk. 

Oftast vart torsken ståande nokre veker på grunnane vestafor øyane, Frøyaskjera, Aralden og Batalden. Det hende han seig inn fjordane og. Kring 1800 hende det merkelege at torsken seig heilt inn i Sogndalsfjorden. Der samla seg mange fiskarar. Sommne hadde då teke til å fiske med torskegarn, andre brukte snøre med rykk. Det kom derfor til strid mellom dei som fiska med garn og dei som brukte snøre. Dette førde til at det i året 1800 kom ein kongeleg plakat med forbod mot å fiske med garn innafor ei oppsett grense. Folk frå fjordbygdene i Sunnfjord søkte ut til havet og låg på fiske i Buelandet, Kinn, Batalden og Bremanger. 

Dei som såg  syn med å koste garn, gjorde det, men mange sytte med det. Dei nytta snøre med rykk og blekksildar. Den fisken som beit på slikt agn var rekna for å vere magrare enn garnfisken rettnok. Torsken var ventande inn på grunnane i februar. Mars var torskemånad. Torskefisket kunne somme år dra ut i april. 

Sist på syttenhundretalet var det dårlege fiskeår. Det tok seg ikkje oppatt i det nye hundreåret heller. Det er meldingane frå fylkesmannen som fortel om fiskeinnsiga. Dei er ikkje så heilt å lite på, for fiskarane heldt det gjerne for seg sjølve kor stor fangsten var. Dei gjorde det med tanke på fiskelukka. Dei gjorde det og av omsyn til tidend eller skatt, då som no. Heimefolket stelte med fisken sjølve og omsette han til bygdene eller kjøpstaden. Såleis kom han ikkje med i statistikken. Frå 1811 eit halvt hundre år utetter var det rikt sildefiske, og torskefisket kom i skuggen. Sjeldan er det nemnt sildefiske og torskefiske same året. Elles hadde veret så mykje å seie og. 

I stormande ver kunne det vere vanskeleg å berge reiskapen. Det er ofte tale om stor garnskade. I 1890-åra ser det ut for at det gjekk mot rikare torskefiske. Når det somme år vert liten fangst, vert det klaga på veret. Folk meinte at torsken stod under land, men det var uråd å våge seg ut med reiskapar. Det var torskefiske utetter dei første tiåra etter hundreårsskiftet til 1912. Då melder fisketilsynet at fisket "må kaldes rikt simpelthen". Det var godt fiske i Selje, Vågsøy, Bremanger og Davik. Torsken gjekk så nær land og søkte inn i Fjordane. 

Maskinar driv båtar og spel. 

I Kinn dreiv folk med garn m.a., søra for Reksta austover like inn til Flokenes, Her var fiskedampskip og motorbåtar komne til, og desse hadde mykje garnbruk. Båtane hadde etter kvart fått garnspel og linespel. Det var blitt mindre slit å drive fiske. Maskiner dreiv båtane fram. Spela sleit opp den tunge ilen og garnlenkja.

  I kring 1908 var det komne motorbåtar i Rognaldsvågen og på Kinn, i Hovden, Barekstad, Batalden og Askrova. Karane sette motor i gamle storbåtar, men andre kosta seg like godt ein dekksbåt, serskilt bygd for motor, Året etter var det mykje styggever. så det var store tap av reiskapar. Karane vart nøydde å prøve seg med garnset i vikar og pollar. Der stod torsken. Serleg mykje fiska dei i Bremangerpollen.

Fisk, men ikkje fiskemottak.

I Kinn var det og bra med fisk, men der hadde folk ein annan vanske å stridast med. Der var ikkje fiskemottak. Fiskarane måtte fare til Kalvåg, ja like til Måløy for å selje fisken. Det vart strevsamt endåtil for dei som hadde motorbåt. 

  Overgangen til motorbåtar gjekk heller raskt, endå så skeptiske fiskarane var frå først av. Alt i 1914 seier oppsynssjefen: "Her er de gamle robaate en saga blott". Fiskarane fann snart ut at dampskipa vart for tungvinte farkostar å manøvrere inne på sund og trange pollar. Det var greiare med høveleg store motorbåtar. 

katle.gif (7160 byte)
Katle (vabein) , rull å dra fiskesnøret over. Ordet brukt i dag på Island

Torsk til 36 øre stykket ..... 

1913 vart retteleg ein styggeversvinter. Det var mykje garntap. Garnseta vart ståande over i dagevis og tok skade. Men lei på, synte det seg at torsken hadde trengt inn på vikar og pollar. Der gjekk det å arbeide med garn endå om det var vind og tung sjø. Det vart mykje torsk dregen opp på Bremangerpollen det året. Medelprisen var 36 øre stykket. 

 

 

Året etter var det storfiske heile vegen frå Selje til Solund. Og gjennomsnittsprisen var komen opp i 40 øre stykket. I heile fylket vart oppfiska over 5 mill, torsk. I Kinn prestegjeld over 350 tusen. 

I 1916 såg det ikkje så lovande ut. Torskefisket kom seint i gang. Det var nemleg vintersildfiske først på vinteren det året, noko som sjeldan hende, at sild og torsk kjem same vinter. Likevel vart det denne vinteren og oppfiska nær 5 mill, torsk. 

 

 Rikt torskeår. 

Dei 3 åra som no fylgde hadde ringare fiskeinnsig. Men så kom det svære fiskeåret 1920. I februar kunne fiskarane merke at torsken stod under land. Veret var så stormande at det mest ikkje var råd å kome på sjø. Fekk ein ut nokre torskegarn,  så gjekk det gjerne nokre dagar før ein fekk dra garna. Så reint på slump oppdaga folk at torsken stod inne på vikane. Det vart rikt fiske på Barekstevika, søre Bataldevika og andre stader. Det vart eit eventyrleg fiske i Kinn. Av ein totalfangst i fylket på vel 5 mill. vart 1 mill. oppfiska i Kinn. Prisen var det året komen opp i 1 kr. stykket. 

 

  Året etter vart ringare i Kinn, så folk drog nordover til Bremanger. Der var storfiske. Til Bremanger hadde det kome fiskarar f rå Møre. Det var eit yrande liv. Der var fiskebåtar av ymse storleik. Der var skøyter og Møresluppar. Der var robåtar f rå færingar til fembøringar. Garnbåtar og rykkfiskarar om ein anna. Både garnkarane og rykkjarane laut sjå seg vel  føre før dei slepte ut i garn eller fiskesnøre. Det var fort gjort å kome bort i andre sine reiskapar. Det året vart det oppfiska 3 mill. torsk Bremanger. Halvparten av dette vart ført inn til Kalvåg. Mange møringar førde fisken heim til Møre. I Kinn vart oppfiska noko over 100 tusen. Etter dette berre minka det med fiskeinsiga til Kinn. 

Torskefisket ebbar ut. 

1926 var siste torskeåret i den bolken vi no har høyrt om. Torsken kom seint under land. Det lei midt i mars før folk merka noko til torsken, då var han komen inn i fjordane. Han søkte inn gjennom Nordfjord.

  Ved Bryggja fiska dei fisk i mange veker. Han søkte inn på Bremangerpollen det året og, men ikkje med slik tyngde som tidlegare år. I alt vart noko over 2 mill. oppfiska i heile fylket. I Kinn kom ein litt over 81 tusen. 

Fisk og romantikk. 

Det fylgde noko romantikk med denne vårvinna. Jenter og gutar kom saman og fekk nye vener, mange vener. Å få vere med på fiskeberga var noko dei såg fram til. Så var det då eigne pengar å tene, om det ikkje var så stor slumpen. Lei på og fisken var tørr, kom store jakter f rå Bergen og henta han. 

Linefiske i djupet. Våren er ei god og vakker tid ute ved havet.  Det er lange bolkar med roleg, stilt ver. Då kunne karane Våge seg lenger vest til Havskallane og Grunnskallane. Dei søkte ut til djupet etter djupvassfiskane, brosma og langa. Langs fjellkanten stod aueren. Dei sytte seg agnsild og egnde brosmeliner. Ein og annan storangelen sette dei på etter kveita. Det var nokre mil å ro.

 

 Derfor låg dei der ute natta over, neste dag og så lenge agnet var gagn i. Dei drog liner, kleppa inn brosme og lange. Somme tider kunne lina flotne opp. Brosme og lange kunne ligge i lang rad bort etter sjøflata. Djupnafisken hadde det laget når han vart halen nedan f rå djupna. Han skaut mage. Så egnde dei lina på ny og sette ut att. Etter eit par timar var det å dra line på nytt. Sola seig i havet. Det var ikkje så lenge ho var borte, så kom ho rund og blank sigande opp att or havet. Det var ved solnedgang og ved soloppgang det var vanskelegast å halde søvnen borte. Det kunne vere plagsamt. 

Så kom heimroren. Han var seig om ikkje ein vestabris kom lageleg, så ein kunne sette segl. Då kunne nokre ta seg ein lur, og ein sat vakt ved roret. Han måtte i alle høve ikkje sovne. 

Bytur med tørka lange. 

Brosma vart salta i tynner. Langa vart kløyvd og hengd usalta på hjell til tørk. Det var fin salsvare til bykjøpmennene. Ho var så dyr at såvidt småkarane fekk ein liten flip før karane skipa tørrfisken inn i storbåten som låg klar for byturen. Det var ei vare som stod høgt i "kurs". 

 

  Med seg heim att f rå byturen hadde karane pynt og gode saker til småjenta og småguten. Ein fin hovudklut til kona eller noko anna pynt hadde dei og. Dei provianterte for vinteren: mjøl og gryn, krydder, salt og sukker. Dei hadde med garn og tau til fiskereiskapar, tjære og måling til båtane og til husa. 

Sognetur med saltfisk og poteter i byte. 

I oktober samla grannane seg i jaktestøa. Dei smurde lunnane godt med grute (botnefall f rå lysa (levra), sette ryggane til jakta, og med song gleid ho sakte ned gjennom støa og ut i sjøen. No lasta dei inn saltfisken, brosme, torsk og anna og siglde til Sogn ein dag vind frå vest eller nord gav god bør inn fjorden.

 

I Sogn bytte dei fisken hos gardbrukarane med poteter: ei tynne fisk med fire tynner poteter. Dei bytte til seg eple og pærer og. Derfor såg ungane med spaning og glede fram til den dagen karane kom att f rå sogneturen.

 

 


GAMALT FISKARTUN FRÅ KLOKKERNESET PÅ REKSTA, SLIK VAR SMÅBRUKA UTE MED HAVET.  HUSA ER SAMLA KRING EIT TUN. FRÅ VENSTRE PÅ BILETET: SJØBU, VEDHUS, VÅNINGSHUS, ELDHUS (I SKUGGEN AV TREA), LØE NED FLOR, NEDANFOR NAUSTET MED BÅTSTØ. VI VEIT DET HAR BUDD FOLK PÅ DETTE SMÅBRUKET MINST 200 ÅR ATTENDE I TIDA. DEI HUSA SOM NO STÅR PÅ GARDEN ER BYGDE FRÅ 1915 OG UTETTER. (Foto: Frode Klokkernes)

FORKLARING TIL YMSE ORD OG NEMNINGAR.

Sperrenot Not som ein sperrer med, stengjer over vikar og sund med.
Kastenot.  Not som ein kastar rundt sildedotten ogdreg fram mot land, trengjer silda saman.
Orkastnot.  Mindre not som ein kastar inni sildestenget med og tek med høvelege slumpar under sildeopptaket ved levering av sild.
Sekssæring. Båt med 3 par keipar og årar (seksåring).
Gavlbåt. Båt utan stamn, men tverr bak, gavl.
Skilling.  Gamal mynt, brukt fram mot vårt hundreår.1 dalar = 120 skilling (5 ort).1 dalar svarte til 4 kr. (400 øre)1 skilling = 400 øre : 120 = 31/2 øre.
Hyrt seg: Gjort avtale om fiskelag for sesongen.(Sv. til "påmønstring").
Skjørholk. skjør er surmjølk. Holk er kjerald av tre,lagga, ofte tilstelt for å bere på ryggen(fatle), brukt til å bere mjølk heim frå stølen.
Slagkeiping. I framrommet -(slagrommet) sat ein mann med "parar" (2 årar). Han "sat på slaga" og heldt kursen, om ikkje der var ror på. Bak etter sat 3 mann på kvar side med kvar si år. Ofte brukt til havfiske.
Femkeiping.  Større båt med 5 par keipar og årar.
Bisnast på. Sjå med forvitne (nysgjerrighet, forundring) på noko.
Sildeoppsynet.  Eit siglande politi som vart skipa under dei rike sildefiska her midt i førre hundreåret (1851) til å halde ordenpå fiskefeltet m.m. Det hadde domsmakt, gav mulkt m.m.
Full fane.  Ved levering av sild skreiv (rispa med kniv) strek for kvart mål. Femte strek vart sett på skrå (diagonalt), full fane.
I beit. Stod ikkje opprådde, visste utveg.
Fuska litt Selde ulovleg, utan løyve. Ein kar med lita krambu iRognaldsvågen "Synte bukk", stor eller liten bukk. Ein betalte ulikt for stor eller liten, slapp inn i eit bakrom og fekk seg stor eller liten skjenk.
Garnspel

Linespel.

Spelet roterte vassrett. Ein la garnet,tau, eller line inntil den roterande skiva. Skiva var driven med krafta frå svinghjulet i motoren ved ei reim over på reimskive som dreiv aksel, vidare tannhjul til loddrettståande aksel i spelet.
ile Stor stein med taustropp i for feste av tau (oppstøa)~ som i øvre enden var festa til "dubl", som var ei bøye, kagge eller seinare blåse.
Poll. Lang smal vik (bukt).
Garnkarane. Karar som fiska med garnbruk.
Rykkjarane. Karar som fiska med snøre og rykk. I Sogndalsfjorden delte dei opp fjorden i felt for rykkjarar og garnkarar.
Havskallane. Fiskeplass langt vestan for Sendingane, vestlegaste skjeret. Fiske etter djupvassfisk.
Grunnskallen.  Ikkje så langt vest, grunnare.
Aueren. Djupvassfisk, og kalla rødfisk (uer).
Dei sytte seg. Tyder her å skaffe, få til rette (besørge).
Lunnane. Her runde stokkar som dei la i båtstøa og drog båten på.
Grute. Når fiskeleveren stod ei tid i tynne, seig eit botnefall ned, kalla grute. Ein smurde lunnane med grute ved sjøsetjing og ved landsetjing av båtar.Då glei dei lettare.

 Teikning: Dag Kittang, Didrik Kittang
 Sildefiske ved Batalden fotografert av Vest-Foto.
Foto av Hellevikja:
Harald J. Stavang  
Foto av
Gamal gard på Reksta: Frode Klokkernes  

Dei andre bileta er utlånt frå Sjøbruksmuseet.