Side 1

Naturskog - kulturskog.

Plantar og dyr.
- bartre
- lauvtre
- busker og urter
- dyr
- fuglar

Fuglar sett i Flora.
 (1912 - 1976)

Litt frå soga.

Mål for ekskursjonar

Kinn.

Svanøy.

Rundt Hovden.

Skogen kjem av seg sjølv.

Nærings- og arbeidsliv

Stader det kan vere verdt å stanse opp ved.

Badeplassar

Nokre dagsturar til skulebruk

Ekskursjon Valvika.

Program for ekskursjon.

Natursti i Valvik.

Orientering i Valvik

 

 

 

 


 





Foto: Frode Klokkernes


Katalogen er tenkt for at lærarane skal finne idear og opplegg i samband med små og store ekskursjonar. 

Denne katalogen var laga i 1977, men mykje av det som er her kan ein og nytte i dag.

 

  Sjølvsagt er det meir ein kunne ha teke med i katalogen. men dette er eit forsøk på ei samla oversikt over ekskursjonsmål i Flora. Merknader og/eller framlegg til endring eller komplettering kan sendast til skulekontoret.

Dei som laga heftet: 
Finn Moe, Flora ungdomsskule
Jon Leif Svardal, Florø barneskole
Arne Færøyvik, Flora ungdomsskule
Asbjørn Nybø, Flora ungdomsskule

Tilrettelagt for Internett 
Leiv-Arne Øien, februar 2000.

Flora er ein av dei vestlegaste kommunane i Noreg og strekkjer seg frå storhavet i vest inn mot høgfjell og brear i aust. Vestlegaste punktet, Sendingane, ligg på 4034'austl. lengde, Ramsdalsheia i aust 5044' a. l. Krogsøya ved Hovden er lengste nord 61028'n.br.
Storleik 686 km2

 

 
Kart over kommunen.

Ein kan seie at Flora er eit Noreg i miniatyr. Her er både kyststrok, fjordstrok og innland. Frå Frøysjøen i nord til Stavfjorden i sør ligg ei rad med øyar skilde frå kvarandre med til dels djupe fjordar.

Hovden (14,8 km2) ligg lengst nord, så kjem Bataldøyane, Skorpa (8,9km2), Reksta (5,7 km2) og Kinn, Askrova (7,8 km2) og Svanøy (10,8 km2).
Austafor desse og meir skjerma av vind og vær ligg Brandsøya ved Florelandet (11,9 km2) og Stavøya (10,1 km2).

Utanom desse er det ein sann rikdom av større og mindre øyar, dei fleste er ubygde. Omlag 30 av øyane i Flora bur det folk på. Mellom øyane og landtungene skjer fjordane seg inn i landet.

Ei grein av Frøysjøen skil Hovden frå fastlandet, lenger sør har vi Hellefjorden som held fram i Norddalsfjorden.

Rekstafjorden går inn mellom Reksta og Askrova og held fram i Solheimsfjorden, deler seg der i Eikefjorden og Høydalsfjorden. Lenger sør har vi Brufjorden og Stavfjorden, som held fram innover i Førdefjorden.

Fjordane er ofte svært djupe, mykje djupare enn havet vestafor. Rekstafjorden er såleis 554 m på det djupaste, Hellefjorden 417 m og Stavfjorden 349 m.

 

Dei fleste av øyane er relativt høge og bratte, men med strandflater her og der som gjer plass for busetjinga.

Høgst er Store Batalden 492 m, 
Skorpa er 392 m, 
Hovden 311 m og Brandsøya 293 m. 

Største vassdraget, Oselva (44km), kjem frå Hyen i Nordfjord og renn gjennom fleire vatn til elva munnar ut i Osen i Høydalsfjorden. I Norddalsfjorden er 2 større vassdrag: 

Norddalselva og elva som kjem frå Sunndalen. Største vatna er Løkkebøvatnet (3,6 km2) og Endestadvatnet (3,5 km2), båe høyrer Oselvsvassdraget til.

  Nord for Norddalsfjorden ligg ei vid fjellmark som tøyer seg inn mot Ålfotbreen.

Her er eit rekkje toppar som når opp over 1000 m. 
Børa er 1192 m, 
Riseloftet 1286 m, 
Keipen 1365 m, 
Ålfotbreen 1385 m. 

Dei 3 siste toppane ligg på grensa til nabokommunane Bremanger og Gloppen. Halvøyane mellom fjordane er noko lågare; Blånipa (Eikejord) er 1021 m og Håsteinen (Høydalsfjord) er 969 m.




Foto: Frode Klokkernes

Berggrunnen i Flora er nokså variert og interessant. I Devontida (for ca. 400 mill. år sidan) har området nord for Norddalsfjorden med tilgrensande område sokke ned i høve til landet omkring. I det bassenget som då laga seg har det då vorte avsett tjukke lag av sand og grus.

Dette finn ein no att som sandstein og konglomerat. Konglomeraten finn ein ut mot kanten av det gamle bassenget fordi grusen blir avsett rett utafor elvemunningen. (Blåkollen, Store og Litle Batalden, Ånnøyane, ymse stader i Norddalsfjorden). Seinare har den gamle havbotnen vorte pressa saman og lyfta opp (under den kaldonske fjellfoldinga) slik at dei høgste fjella i kommunen er gamal havbotn. Elv og bre og havbåra har sidan slipa på fjella og omforma landskapet til dei former det har i dag. Konglomerat frå Devontida finn ein og i området kring indre Høydalsfjorden (Håsteinen, Sunnarviknipa).

Området kring yrte del av Høydalsfjorden + øyane Svanøy, Stavøy og Askrova har berggrunn frå Kambro-Silurtida (ca. 500 mill. år gl.). Her finn ein fylitt, glimmerskifer og grønstein. Desse bergartene er relativt kalkrike og forvitrar lett og gir derfor god og næringsrik jord.

  Resten av berggrunnen er gneisar av ymse slag, Kvartsitt og Anorthositt. Desse bergartene har vorte svært omlaga ved den kaldonske fjellfoldinga, slik at det har vore vanskeleg å finne ut korleis dei eigentleg har vorte danna. På Askrova og Svanøy er små isolerte område med granitt. På Svanøy er der og funne svovelkis, det var gruvedrift der først på 1900 talet.

Elles er det fleire stader tydelege merke etter forkastningar. Standals forkastninga går gjennom Standalen, Håsteindalen, Steindalen og held fram gjennom inste delen av Naustedalen.
Ei anna forkastning går frå Eikefjord til Endestadvatnet og vidare oppover mot Alnakken ved Ramsdalsheia. Forkastninga som førte til at stroket nord for Norddalsfjorden sokk ned kan ein fylgje over Store og Litle Batalden, Skorpa, sør for Ånnøy, over Rota, inn Botnafjorden til Haukå, fylgjer Haukåvatnet og held fram austetter til Grøndalen.

Bergrunnen har svært mykje å seie for plantevoksteren. Tydeleg kan ein sjå dette ved Skorpenova (nørdst på Stavøy). Nordre delen har kurtsitt, der veks det mest ikkje ei buske, medan resten av Stavøy har fylitt og grønstein og er skogrik.