Side 2

Bjarne Aarseth fortel om gatenamn i Florø.

Markegata.
Strandgata.
Hans Blomgate.
Jens Helmers gate.
Livius Smithgata.
Micael Sarsgata.
Skridsholgata.
E. M. Holesgate.
Prof. Gjelsviksgate.
Prof. Indrebøgate.
Magnus Thingnesgate.
Tua.
Claus Findesgate.
Lindheimvegen.
Elias Melværgate.

 

Markegata.

Ja, Bjarne Aarseth du er innfødt Florø gut og har greie på mykje av det som har skjedd her, og bakgrunnen for gatenamn og litt av kvart. Kanskje du kan fortelje litt om dette her? Du kan for eksempel begynne med Markegata, kva du veit om den?

 

Ja, Markegata den har sitt namn etter Anders Marken, eller kan vi seie, den plassen som han disponerte og fikk leie av Helmers. Den kalla vi for Marken.

Det var i grunn den ytterste delen av det som vi nå kallar for Markegata i dag. Huset hans det står omtrent der som snekker Høyvik hadde sitt hus, som står i dag. Og løa hans, den låg på den andre sida av vegen, der omtrent som Vassbotten har huset, sin forretning i dag.

Anders Marken, han hette i grunn Anders Florø. Men han blei kalla for Anders Marken, på grunn av at plassen hadde det namnet. Då har jo gata namn etter han, eller garden hans, Markegata.

 

Strandgata.



Strandgata 1921

Når det gjeld Strandgata, kva kan du seie om den?

Ja, Strandgata den har sitt naturlege namn. Fordi alle strandstader, den gata som er nærast sjøen, den blir vanlegvis kalla Strandgata. Der dei har nausta og båtane sine, på ein sånn liten strandstad, så er det naturleg at den gata blir kalla Strandgata.

  Var Strandgata den første som vart oppretta her i byen?


Ja, Strandgata var den første, den opprinnlege gata. Ho var jo ganske smal til å begynne med. Det var sånn at vi kunne kjøre ei handvogn eller trillebår.

Men etter byen fekk bystatus, så blei ho opparbeid utover, etter kvart. I frå Vassbotten, på hjørne der, og utover til Trovik. Så det var i grunn den første gata som blei opparbeid. Sidan så kom då Markegata, og dei tverrgatene som går i mellom Strandgata og Markegata.

Hans Blomgate.

Ja, og så har du då forskjellige gater med namn etter personar. Kan du kanskje seie litt om dei?

Den tredje av dei parallelle gatene som går langs med hamna, det blir jo Hans Blomgate. Den heitte opprinneleg Skulegata. Den gamle skulen låg der som sjukehuset nå er plassert. Så den vart kalla Skulegata til krigen. 


Florø gamle skole.

 

 

  Men etter krigen då fekk namnet Hans Blomsgate. Og det er oppatte kalla etter presten Hans Blom, som var her i Florø, og som var med i den komiteen som gjorde innstilling til at byen skulle ligge her den ligg.

Ja, kanskje du kan fortelje litt meir om Hans Blom? Har du noko spesielle historier om han, kanskje?

Nei, det har eg vel ikkje. Men eg veit han var stortingsmann, og var stortingsmann etter at han reiste her frå staden. Så han hadde jo sjølvsagt innverknad på at staden fekk ein viss utvikling i frå starten av.


Skolegaten i 1930.( Seinare Hans Blomgate).

Jens Helmers gate.

Du har vidare Jens Helmers gate?

Ja, den er jo oppatte kalla etter Jens Helmer, som eide då Nedre Florø gard, som byen er anlagt på. Han var forresten med i bystyret, i byens styre og stell så lenge han levde, til han døde i 1899. Og han gav då eigedomar til det byen trengde, og gav elles tomt til kyrkja, som ligg der.

Han var seinare hamnefogd og losholdar mann her i Florø.

 

  Du snakkar om gardar i Florø. Kor mange gardar var det eigentleg her frå starten av?

Ja, det er i grunn to gards nummer her, det er gard nr. 27 og gard nr. 28. 27 er det som heitte Nedre Florø gard og 28, det var Øvre Florø gard. Det var prestegarden og kyrkjedepartementet som disponerte den Øvre garden og det var Jens Helmers som disponerte og leigde den nedre delen. Altså Nedre Florø gard. Der som byen er plassert. Pluss Havreneset og Hesteneset hørte og til Helmers garden.

 

Livius Smithgata.

Ja, så har du Livius Smith gata?

Ja, Livius Smith, han var jo sakførar her i Florø. Han var jo ein kjent mann, han var og stortingsmann. Og han var i grunn i frå Telemark, men han kom her til i Florø i 1867, og sat seg ned som sakførar her. Han reiste her i frå i 1881, blei utnemnt til byfogd i Brevik, der han døde i 1890.

 

  Han var jo og stortingsmann, men på grunn av helbreden tok han ikkje i mot dei høye embeta som han vart tilbydd.

Han var ein drivande kraft den tida han var her i Florø, og gjorde mykje for staden. Det var han som oppretta "Nordre Bergenhus Amtstidende", som då var fylkes eldste avis.

 

Micael Sarsgata.

Du kan gå vidare når det gjeld for eksempel Skridsholgata? Og Micael Sarsgata, om du kunne seie litt om dei?

Ja, Micael Sars han var jo sogneprest her i Florø. På sidan av sin prestegjerning så dreiv han då osianigrafiske (havforsking) undersøking, her i Fjordane. Han blei jo ein banebrytande mann, på det område, han blei seinare professor i Zoologi ved Universitetet i Oslo.

 

  Her på prestegarden så blei hans to søner født: Johan Ernst Sars og Georg Ossian Sars. De var født her i henholdsvis 1835 og 1837. De er jo kjente folk på sitt område begge to. Og det er jo ein bautastein over dei, i byparken her. Den blei avduka i forbindelse med byjubileet, 100 års jubileet.

Skridsholgata.

Når det gjelder Skridsholgata, for eksempel. Kan du seie noko om den?

Ja, den er oppetter kalla etter gamle distriktslege Skridshol. Han var ein mykje kjend og avholdt lege her i distriktet. Han hadde eit stort distrikt og ivareta. Foruten at han hadde Florø, så hadde han Kinn, Vevring, Eikefjord og Bru. Til det så hadde han og Bremanger. Så han hadde eit stort distrikt å ivareta.

Men han var ein stor arbeidskraft og hadde mange tunge sjøreiser her. Eg trur han var her til 1922. Då reiste han her i frå.

 

  Han var ein mykje kjende lege som hadde godt humør, og folket sette veldig stor pris på han. Gata som er oppkalla etter han, ligg i Hesteneset. Opprinneleg hette den Hestnes gata, men er no bytta om, så den heiter Skridsholgate. Og den som før hette Hans Bloms gate, den låg i Hesteneset, og no er den omdøypt til Hestenesgata.

Hans Bloms gate har vi snakka om før, det var altså den tredje gata som går i frå sjukehuset og opp til kyrkja.