Side 1 2 3 4 5 6 

 

 

 

Tekst: Sigurd Vederhus 1978


Foto: Frode Klokkernes

Selja og Kinn.

Ein samlande helgen for Vestlandet.

Opphavet til Sunniva legenden.

Einar Seims teori.

Er dette løysinga på "gåta" om Kinna-kyrkja?

Kinna-kyrkja har hatt mange eigarar…

Ein tur til Kinnakyrkja.


Kyrkja utvendig.
Kyrkjeklokkene.
Våpenhus.
Murane.

Kyrkja innvendig.
Lektoriet.
Altarnisjene.
Altaret i koret.
Altarskåp med helgenfigurar.
Altartavla.

Epitefiet
Preikestolen med preikestolhimlingen.
Skipet
Almissebøssa
Steinkross
Stol i renessansestil
Benkane
Plankar med inskripsjon

Området rundt kyrkja.

Kyrkjestova
Borni-segna

Oppgåver.




Bakgrunn og historie.

Kyrkja på øya Kinn i Flora er den eldste i Sunnfjord. Kinn er nemnd i legenden om St. Sunniva og Seljemennene, og det er vel truleg at denne kyrkja har noko av same bakgrunnen som klosteret og kyrkjene på Selja. Det finst også ei særskild segn om Kinna- kyrkja.

  Der blir det fortalt at ho er bygd av ei kvinne som heitte Borni, som dreiv i land på Kinn.

I soga om Olav Trygvason fortel Odd Munk om hendingane på Selja. Han legg til at mange jarteikn synte seg og på ei øy som heiter Kinn , der det og var fleire heilagmenne som var i følgje med Selje-mennene.

Selja og Kinn.

I den latinske helgensoga Acta Sanctorum in Selio vert det sagt at ein storm skilde båtane i Sunniva-følgjet. Ein flokk dreiv i land på Selja og ein annan på Kinn, der dei livnærde seg av fiske.

I Flateyjarboka, skriven nær 200 år etterpå, står det at både Selja og Kinn var ubygde øyar, men store bygder låg ikring.

  Folket på fastlandet klaga til Håkon Jarl, og han fòr til øyane med ein stor hærflokk, væpna som til slag. Kva som hende på Kinn blir ikkje nemnt, medan det som hende å Selja blir fortalt utførleg. Den historiske verdi av desse forteljingane som er tidfeste til tida like før år 1000, er vel tvilsam. Irsk soge kjenner ikkje til noko prinsesse Sunniva.

Ein samlande helgen for Vestlandet.

Dr. Arne Odd Johansen har prøvd å finne det historiske grunnlaget for desse heilagstadene ved å granske dei gamle landskapslovene for Gula-, Eidsiva-, Frosta- og Borgating. Ingen av desse lovene nemner Sunniva, men fastset 8. juli som messedag for dei heilage som kviler i Selja og Kinn.
Desse lovene må vere ned skreve på slutten av 1000-talet og byggjer på ein endå eldre munnleg tradisjon.

 Sunniva blir først nemnd i ein lovtekst frå 1276. Ut frå dette er det grunn til å tru at sogene om namnlause helgenar på Selja og Kinn er det opphavelege, og at legenden om Sta. Sunniva vart utforma seinare, kanskje med grunnlag i segner som vart fortalde på Selja, på same vis som Borni-segna har vorte fortald på Kinn. Det var nok ein klår trong for ein samlande helgen for Vestlandet i denne tida. Sunnivaskrinet vart ført frå Selja til Bergen i 1170.

 

Opphavet til Sunniva legenden.

Den eldste skriftlege meldinga om Seljemennene finst elles i eit skrift av Adam frå Bremen frå ca. 1070. Han skriv om 7 menn som ligg og søv i ei hole i Noreg. Like eins nemner han at nokre av dei 11 000 jomfruene i Ursulafølgjet kom dit og vart nedgraven av fjellet. Her kan vi då kanskje finne opphavet til Sunniva-legenden.

 

 

Einar Seims teori.

Bonden Einar Seim på Kinn meinte at denne øya kan ha vore buplass for kristne einebuarar, og at dette kan vere grunnen til at det seinare vart bygd kyrkje her.

Nokre forskarar, m.a. biskop Fridjof Birkeli, meiner også at Kinn og Selja kan ha vore senter for kristne eremittar og misjonærar frå den keltiske kyrkja i Irland og på dei Britiske Øyane. Denne kyrkja hadde ei sterk eremitt- og klosterrørsle, og medlemmene søkte einsemd og fred på avsidesliggande øyar. Vi kjenner også til at det frå større kloster, både på Iona på Hebridane og andre stader, vart innvigde og utsende misjonærar som gjekk om bord i båtar og skulle la seg drive dit Gud ville.

 

  Dette minner om Sunniva-legenden. Vi veit at det var slike keltiske kristensamfunn både på Island, Orknøyane og Shetland. Der fortel også stadnamna at det har budd papar, keltiske eremittar. Slike namn har vi ikkje på Vestlandet, men elles kulle det vere truleg at desse folka også nådde hit. Steinkrossane som står rundt om i Sogn og Fjordane tyder også på kristen påverknad før år 1000.

Er dette løysinga på "gåta" om Kinna-kyrkja?

Bakgrunnen for kyrkja på Kinn og klosteret på Selja kan ut frå dette vere slik: Ein gong på 800- eller 900 talet dreiv keltiske einebuarar i land på desse øyane. Dei dyrka Gud i einsemd og fred, og dreiv kanskje også misjonsarbeid. Dei vart mistrudde og hata og møtte martyrdøden her. Men dei var ikkje gløymde, soger om dei vart fortalde frå slekt til slekt.

 

  Innhaldet vart nok forandra: Olav Trygvason vart helten og Håkon Jarl skurk. Ut av den namnlause flokken dukka det opp ei som fekk namn, Sta. Sunniva, og ho vart vide kjend.

Dette er spekulasjonar, men dei er ikkje usannsynlege. Både stad valet på desse to øyane og typen av segn peikar mot den irske kyrkja.

 

Kinna-kyrkja har hatt mange eigarar…

I alle høve vart kyrkja bygd på Kinn, og øya vart kyrkjegods. Presten budde der i den katolske tid. Etter reformasjonen vart prestegarden lagd til Skorpa. Då vart kyrkjer og kyrkjegods kongens eigedom, og som dei fleste andre norske kyrkjer, vart også Kinna-kyrkja seld. Adelsmannen Morten Svanenhielm fekk 19. desember 1741 skøyte på "Kinds kirke samt Annexene Bremanger og Svanøe tillige med jordegodset."

  Dei siste eigarane var fire bønder frå Sunnfjord: Mads Langedal, John Svardal, Ole Reiakvam og Kristoffer Ulleland. Dei kjøpte kyrkja i 1843 og selde henne til Kinn kommune i 1868 for 120 spesiedalar. Det var ei ny lov frå 1851 om kyrkjer og kyrkjegardar, som førte til at dei fleste kyrkjer atter vart offentleg eigedom.