Side 1 2 3 4 5 6 

Selja og Kinn.

Ein samlande helgen for Vestlandet.

Opphavet til Sunniva legenden.

Einar Seims teori.

Er dette løysinga på "gåta" om Kinna-kyrkja?

Kinna-kyrkja har hatt mange eigarar…

Ein tur til Kinnakyrkja.


Kyrkja utvendig.
Kyrkjeklokkene.
Våpenhus.
Murane.

Kyrkja innvendig.
Lektoriet.
Altarnisjene.
Altaret i koret.
Altarskåp med helgenfigurar.
Altartavla.

Epitefiet
Preikestolen med preikestolhimlingen.
Skipet
Almissebøssa
Steinkross
Stol i renessansestil
Benkane
Plankar med inskripsjon

Området rundt kyrkja.

Kyrkjestova
Borni-segna

Oppgåver.

Ein tur til Kinnakyrkja.

Mange har funne vegen til kyrkja på Kinn gjennom åra, særleg i sommar månadene. I seinare år har det vorte skipa godt rutesamband med komfortable, snøgt gåande båtar, og trafikken har auka.

Nokre kjem til Kinna-kyrkja for å sjå korleis eit gudshus såg ut i gamal tid. Dette ønske får dei oppfylt når det gjeld det utvendige. Det har truleg vore to byggesteg på 11- og 1200 tale, og det er same murane som står der i dag. Men inventaret er frå ulike tidsbolkar, frå kyrkja si første tid og opp til våre dagar.

 

  Difor gjev ho uvanleg godt inn syn i kyrkjekunst og kyrkjesoge. På mange måtar er dette eit forsømt felt i vårt kulturelle opplysninsarbeid.

Vi må gå forbi gardane på Kinn for å komme fram til kyrkja. Ho står i einsemda under fjellet med havet framfor seg. Der er godt ly for nordavinden, som ofte blæs hardt over øyane her ute. Det er ein fredfull stad med høve til djup oppleving for sinn og tanke.

 

Kyrkja utvendig.

Kyrkjeklokkene.

Vi går inn på kyrkjegarden gjennom ein boge kvelving under klokketårnet. Der oppe heng to klokker. Den eine er frå 1653, ei gåve frå ein mann som heitte Hans Meyer. Den andre vart støypt i Stavanger i 1849. Desse klokkene hang først inne i kyrkja, oppe under taket. Klokkestopulen av gråstein som dei no heng i, vart bygd i 1911-12 under kyrkjerestaureringa som vart leia av arkitekt Carl Berner.

Våpenhus.

Så står vi på grasbakken framfor vestgavlen med den vakre inngangsportalen av kleberstein. Fram til 1911 var der eit tilbygg, våpenhus, framfor denne døra. Det vart då rive, men eit nytt skal no førast opp. Vi veit om fleire våpenhus som har stått her gjennom tidene, og alle har vore av tre. Mennene sette frå seg våpen her før dei gjekk inn i kyrkja, ein helga og freda stad.

På vestgavlen kan vi sjå tydeleg at takforma har vore annleis enn ho er i dag. Den noverande takforma er nok den opphavelege mellomalderstilen. På 1800-talet fekk fleire gamle kyrkjer ein slakare takstol. Slik var det også med eldste kyrkja i Nordfjord, Vereidskyrkja i Gloppen. Kinnakyrkja fekk attende den gamle takforma i 1911-12. Kortaket har vel alltid vore slik det no er.

 

Murane.

Det er tydeleg skilnad på murane i kor og skip, både når det gjeld steinen dei har nytta, og måten dei har mura på. Koret er eldst, og seinare har skipet vorte bygd, eller ombygd og utvida, slik det er i dag, kanskje eit drygt hundreår etterpå: Kyrkjebygginga på 11-1200 talet førte nok til sterk utvikling i handverksfaga ved på verknad frå utlendingar som kom hit. Kyrkja er i romansk stil, og vindauga og dører har rundbogeform. Ved eit vølingsarbeid i 1868 til 1869 vart det brote større vindaugsopningar for å gjere kyrkja lysar. Vindauge som vart innsette den gongen, kan vi sjå i langveggen på atelieret til målaren Harald Seim borte ved bryggja på Kinn.

 

  I 1911-12 vart kyrkje vindauga atter ombygde til den gamle rundbogeforma. Klebersteinen til dette arbeidet henta dei den gongen frå Framfjorden i Sogn. Dei som bygde kyrkja har nok henta materialane nærmare.

I koret er det berre vindauget på sørsida som har vorte forandra og gjort større. Det arbeidet er tidfest til ca. 1650, etter at kyrkja fekk altartavle i 1644. Innvendig er det ulike vinklar på sidene i denne vindaugsopningen. Han er spesialbygd for å kaste godt lys over sjølve tavla. Dette vindauget skal ikkje førast tilbake til si opprinnelege form.

Forutan hovuddøra i vestgavlen er det to dører på nordsida. Når veret stod hardt på frå vest, har det vore godt å nytte desse. Under gudstenestane kan det elles ha vore bruk for ein direkte inngang til koret.

 

Kyrkja innvendig.

Vi opnar døra i inngangsportalen og går inn. For over 800 år sidan søkte dei første augo fram mot koret i denne kyrkja.

Lektoriet.

Vi legg vel først merke til lektoriet, noko av det eldste og mest verdfulle av inventaret. Det er eit galleri som går tvers over skipet framme ved korbogen. Eine langsida av dette galleriet er festa til muren, og på framsida er det bore oppe av fire stolpar. Høgda frå kyrkjegolvet og opp til bjelkane som ber golvet i lektoriet, er 3,30 m. Når ein skal opp dit, må ein bruke stige. Stige eller trapp må også ha vore brukt frå først av, for det er ikkje merke i muren etter noko anna arrangement.

Dei loddrette stolpane deler lektoriefronten i tre felt og kvart felt har fem treplater med utskorne trerelieff. Der ser vi Jesus, tolv apostlar, og dessutan ei engel på kvar side. Under dei tre hovudfelta er det tre bogefelt. Berre det i midten er opphaveleg. Det har eit maskeaktig ansikt i bogetoppen. Bogefelta på sidene vart måla i 1911-12. Dei skal utskiftast med andre, som blir kopiar av dei som opprinneleg var der. Slik det no står, har lektoriet ikkje noko toppstykke. Det hadde det kanskje i gammal tid. På eine stolpen kan vi sjå at dekoren har halde fram oppover, og ein har restar av materialer som kan ha vore i eit bogefelt i toppstykket. Det har vore nemnt at dette toppstykket kan ha vore ei framstelling av himmelen, men dette kan vi ikkje vite noko sikkert om.

  I mellomalderen var det vanleg med slike lektorium, særleg i domkyrkjer og klosterkyrkjer. Vi finn dei i mange land i Europa, men dei gjekk av bruk og vart nedrivne. Også i vårt land var det sett opp lektorium i ein del kyrkjer, mellom anna på Voss og Tingvoll. Kinnlektoriet er best bevart, slik at vi i dag kan sjå korleis det ein gong har vore. Men heller ikkje det har stått slik heile tida.
Det har vore nedrive, og ein del av materialane har vore festa til veggane som dekorasjon.

I 1911-12 greidde arkitekt Berner å sette opp att lektoriet om lag slik det hadde vore. Seinare har ein funne nokre teikningar av materialane som arkitekt Chr. Christie såg i kyrkja då han besøkte henne i 1859. Ut frå dette har ein så kunna retta på noko av det som vart gjort då Berner monterte lektoriet. Men i store trekk fann han den gongen fram til ei rett løysing.

Slik lektoriet står i dag, er det altså samansett av gamle materialar, og av nye deler som mest mogleg er kopiar av gamle. Dei nye delane er frå restaureringsarbeida i vårt århundre (1911-12 og 1967-74). Det er heller ikkje sikkert at alle dei gamle materialane er opprinnelege. Noko kan ha vorte skada og skifta ut tidlegare, medan lektoriet var i bruk, mellom anna nokre av trerelieffa. Ulikskap i utføring av arbeidet kan tyde på det.

Korleis vart eit lektorium brukt?

Eit lektorium var ikkje eit galleri for kyrkjelyden. Det var slike som hadde eit bestemt oppdrag å utføre i gudstenesta som blei plasserte der. Vi veit at dei kunngjorde viktige meldingar der, og vi kan også rekne med at der vart lese bibeltekstar og sunge liturgiske songar. Slik hadde det vel same funksjonen som dei lesepultane som no vert plassert i norske kyrkjer. I katolsk tid var det ikkje preikestol i kyrkjene. Ein hende gong vart det kanskje halde taler frå lektoriet. Vi veit i alle høve at både kong Sverre og erkebiskop Eirik tala frå lektoriet i domkyrkja i Nidaros.

 

 

 

  Når vart Kinn-lektoriet bygd og kven gjorde det?

Astrid Schjetlein Johannesen har skrive ei magisteravhandling om lektoriet på Kinn. Der har ho undersøkt sambandet mellom figurrelieffa og engelsk kunst på 1200 talet. Ho meiner at oppføringa og utsmykkinga kan ha samband med at ein engelsk benediktinar munk og kunstnar, Mattehw Paris, besøkte Noreg i 1247-49. Han kom til Bergen, og reiste vidare til Nidarholm kloster, der han hadde eit oppdrag å utføre. Som benediktinar munk frå St. Albans kloster var det naturleg at han på denne ferda var innom klosteret på Selja, og også at han besøkte Kinn, som var knytt til same legenden som Selja. Fru Schjetlein Johannesen påviste likskap mellom teikningane til Matthew Paris og figurane i relieffa på Kinn. Men elles er dette eit felt der det er vanskeleg å finne avgjerande bevis. Også andre utanlandske kunstnarar kan ha arbeidd med utsmykking av norske kyrkjer i mellomalderen.