Side 1 2 3 4 5 6 

Selja og Kinn.

Ein samlande helgen for Vestlandet.

Opphavet til Sunniva legenden.

Einar Seims teori.

Er dette løysinga på "gåta" om Kinna-kyrkja?

Kinna-kyrkja har hatt mange eigarar…

Ein tur til Kinnakyrkja.


Kyrkja utvendig.
Kyrkjeklokkene.
Våpenhus.
Murane.

Kyrkja innvendig.
Lektoriet.
Altarnisjene.
Altaret i koret.
Altarskåp med helgenfigurar.
Altartavla.

Epitefiet
Preikestolen med preikestolhimlingen.
Skipet
Almissebøssa
Steinkross
Stol i renessansestil
Benkane
Plankar med inskripsjon

Området rundt kyrkja.

Kyrkjestova
Borni-segna

Oppgåver.

Forkynninga i utsmykkinga.

Til slutt ser vi litt nærmare på personane i bileta på lektoriet. Jesus og apostlane sit på tronstolar. Det er ei framstelling av dommedag, og ho har grunnlag i Mt.19, 28: "Då skal de som har fylgt meg, sitje i tolv høgsete og dømme dei tolv Israelsættene." Jesus har mandorla, ein glorie som går rundt heile kroppen. Utanpå mandorlaen står evangelistsymbola, mennesket, løven, oksen og ørna. Desse finn vi også på preikestolen, og vi kan sjå nærmare på dei der.

Apostlane, med eitt unntak, har glorie over hovudet, og dei som sit på høgre og venstre sida av Jesus, kan vi kjenne på attributta, nøkkel og sverd (Peter og Paulus). Paulus vart ofte tatt med blant apostlane i slike framstellingar. Ansiktet på Peter er skada, truleg av mott. Andre relieff kan og ha vore skada og utskifte i tida før reformasjonen. Dei nye har i tilfelle ikkje vorte så godt utførte. Vi kan sjå skilnad, mellom anna på gloriane.

 

 

Apostelen som sit nærmast engelen på nordsida, har ikkje glorie. Det er vel lett å skjønne kven det er. Der er også stor skilnad på dei to englane. Engelen på sørsida lyfter trompeten og går fram og opp, medan han på nordsida står i ei forvridd stilling, blæs i domsbasunen og er på veg nedover. Det er ein vond og ein god engel, ein som fører menneska bort frå Gud, og ein som fører dei heim til Gud.

I katolsk tru var det erkeengelen Mikal som hadde den siste oppgåva. Minnedagen for han var Mikkelsmess, 29.sept. Det var ein viktig helgedag og merkedag, og mange kjenner framleis den datoen.

 

Altarnisjene.

Langs stolpane under lektoriet vil du finne nokre djupe spor. Der har det vore sett inn fjøler, slik at det vart ein vegg på begge sider ved inngangen til koret og eit avgrensa rom på kvar side. I kvart av desse sideromma er det ei bogeforma altarnisje i austmuren. Dei er mura på ulik måte, og kan ikkje vere laga på same tid. Nisja mot nord er vel frå første byggesteg.

 

I katolsk tid var det altar i desse nisjene. Berre prestar og andre som hjelpte til under gudstenesta, fekk komme inn i koret. Men her ved sidealtara kunne kven som ville be og takke, i sorg og glede. Her kan det vel også ha vore utsmykking med bilete eller figurar. Desse sidealtara hadde ei n viktig funksjon i mellomalderkyrkja.

 

Altaret i koret.

Vi går inn i koret og ser på altaret der. Det er av kleberstein, og steinplata som ligg øvst, rekk over heile altaret. I denne plata er det eit hol med ei lita marmorplate som lokk. I det vesle holrommet gøymde dei heilage ting, relikvier. 

 

Vi veit ikkje kva slag relikvier som fanst i Kinna kyrkja. Ved dette altaret har det vore halde gudstenester frå 1100 talet til i dag.

Rundt altaret er det eit altarklede, antependium, frå 1739. Årstalet og nokre bokstavar er innsydd i tyet. Vi veit ikkje kvar bokstavane tyder. Fargen er no gulbrun, men baksida viser at han ein gong har vore gammalrosa. Skikken med antependium rundt altaret går heilt attende til oldkyrkja.

 

Altardukar.

Den eine har lin-bord i Sunnfjord-mønster. Under borden er det ein frynsekant. Duken er nydeleg, seier ekspertar. Ein av dei andre dukane har ei vakker kniplingsbord rundt kanten. Den tredje har holsaumbord. Alle dukane er av lin.

 

  Lysestakar.

Dei to lysestakane som står på altaret er merkte med monogrammet til Fredrik 4. Dei vart laga i Bergen år 1700, men messingen er frå fem stakar som var i kyrkja før den tid. Den største av dei var gåve frå ein skipper i 1692, dei andre var eldre.

 

Altarskåp med helgenfigurar.

På sørveggen i koret heng det eit altarskåp med tre helgenfigurar av tre. Sjølve skåpet er kopi av hovudfeltet i altertavla, som er eit gammalt altarskåp. Der stod desse helgenfigurane frå først på 1500 tale og til 1703, altså både i katolsk og luthersk tid. Det har vore dør for skåpet, og hengsler berre på eine sida.

  Dei utskorne figurane er kjende katolske helgenar. Frå venstre ser vi Sta. Barbara med altarkalk og tårn, Sta. Katarina med Maxentius ved føtene og Maria Magdalena med salvekrukka. Henne les vi om i Bibelen. Dei andre finn vi opplysningar om i leksikon.

Desse figurane var laga i Nederland, og kanskje ei gåve til kyrkja. Det kom ei mengd helgenfigurar til norske kyrkjer på 14-1500 talet, og dei vart ofte plasserte i slike skåp.

 

Borni: Kykjebyggar og helgen.

På Kinn har desse figurane fått andre namn og vorte knytt til lokale segner. Namna var Ingebjørg, Borni og Sunniva. Borni har då tussen Vindfløy under foten. Segna fortel om tre systrer som var i havsnaud. Dei lova då å byggje kvar si kyrkje dersom dei vart berga. Borni bygde kyrkja på Kinn, og hola i fjellet bak kyrkja vart kalla

 

  Bornihellaren.

Der budde ho. Kor gamal denne segna er, veit vi ikkje , men i eit skrift frå ca. 1626 er Borni nemnd som kyrkjebyggar og helgen. Segna er elles ei typisk Heilag Olav segn når ho fortel at Borni bygde kyrkja med hjelp frå tussen Vindfløy. Det har truleg også vorte fortalt at Olav bygde denne kyrkja.

 

Altartavla.

Vi har alt sett at midtfeltet i altartavla med bilete av krossfestinga er eit altarskåp. Der stod dei tre helgenfigurane til 1703. Då vart dei tekne ut, men ikkje øydelagde. Dette forholdet vart ikkje oppdaga før konservator Rolf Johansen restaurerte tavla i 1971. Han fann då avgjerande bevis for at det hadde vore slik. Så kan vi då prøve å tenkje oss til kva som har hendt.

Altarskåpet med helgenfigurane var klår katolsk kyrkjekunst. Luther gjekk mot helgendyrkinga, men lærde også at helgenane kunne vere føredøme og inspirasjon til gode gjerningar.

 

  Det som måtte bort, var tilbedinga, at dei vart sette i Guds stad. Dei første lutherske prestane på Kinn må ha sett på desse figurane som kyrkjekunst, kanskje knytte til lokale legender, utan at dei var gjenstand for tilbeding. Om lag 100 år etter reformasjonen vart det bygd altartavle, men ho vart bygd omkring skåpet med helgenfigurar. I dei nye sidefelta vart det skore ut apostelfigurar, som vi kan namngje på dei attributta dei har. På toppen av tavla står Jesus som Salvator Mundi, (Verda sin frelsar). Han held den krossmerkte jordkloten i venstre handa og lyfter den høgre til velsigning. Under Jesus har dei skore ut monogrammet til kongen, Christian 4.

I kyrkjerekneskapen står det at Peiter Bilthoggar bygde tavla for 14 riksdalar i 1644. Dette namnet vert sett i samband med Peter Negelsen frå Eckenførde i Tyskland. Han slo seg ned i Bergen, vart ein av dei fremste mellom handverkarane der og laga altartavler og annan kyrkjekunst til mange kyrkjer her i landet. (1703: Store forandringar) I denne forma, som ei talve bygd rundt altarskåpet med helgen figurane, har så altartavla stått til 1703. Då skulle tavla målast av ein som heitte Lars Jensen. Det kosta 50 riksdalar. Dette arbeidet forandra tavla nokså mykje. Helgenfigurane vart tatt ut av skåpet, og i ryggen på det vart det måla eit stort bilete av krossfestinga. Maria og Johannes står på kvar si side av krossen. Over hovudfeltet var det laga rom for eit mindre biletfelt, og her kom då eit måleri av oppstoda. Samstundes vart også resten av tavla måla, og dåverande kong, Fredrik 4. , fekk monogrammet plassert nede på eine sida.

  Dei viktigaste fargane i tavla er raudt, grått, blått og grønt. Men der er også svart, orange og noko forgylling. Det meste har truleg vore oljefargar.

Bibelteksten på tavla er henta frå Jesaja 53,4-5. På ei trelist nede i altarskåpet står orda frå 1. Peter 2,24. Denne innskrifta var overmåla, men har no vorte framkalla.

Det er mykje vi kan undrast på i samband med denne altartavla. Vi kan til dømes spørje om forandringane i 1703 var lekk i ei planlagd utvikling, eller om det var forandring i synet på helgenfigurar som gjorde seg gjeldande. Det kan vel også tenkjast at det har vore sterk meiningsskilnad i kyrkjelyden. I alle høve er altartavla i Kinn vakker, og uvanleg interessant.