Side 1 2 3 4 5 6 

Selja og Kinn.

Ein samlande helgen for Vestlandet.

Opphavet til Sunniva legenden.

Einar Seims teori.

Er dette løysinga på "gåta" om Kinna-kyrkja?

Kinna-kyrkja har hatt mange eigarar…

Ein tur til Kinnakyrkja.


Kyrkja utvendig.
Kyrkjeklokkene.
Våpenhus.
Murane.

Kyrkja innvendig.
Lektoriet.
Altarnisjene.
Altaret i koret.
Altarskåp med helgenfigurar.
Altartavla.

Epitefiet
Preikestolen med preikestolhimlingen.
Skipet
Almissebøssa
Steinkross
Stol i renessansestil
Benkane
Plankar med inskripsjon

Området rundt kyrkja.

Kyrkjestova
Borni-segna

Oppgåver.

Epitefiet.

Vi går no attende frå koret til skipet, og vi ser på biletet av presten Absalon Absalonsen. Kan du greie å lese innskrifta under portrettet? Ho fortel at han var fødd i Bergen, var kapellan i domkyrkja der og sidan sokneprest i Gloppen i Nordfjord. Han ligg då gravlagd under golvet i Kinna kyrkja. Slikt var nokså vanleg i den tida, men det måtte betalast for desse gravene, meir til lenger framme i kyrkja grava var. Restane frå graver under kyrkja og våpenhuset vart i 1911-12 flytta til ei grav på nordsida av kyrkja. Der står det ein bauta av gråstein.

Absalon Absalonsen var ikkje prest i Kinn. Men dotter hans, Kirsten vart gift med soknepresten her, Jacob Lauritsen. Prestegarden var i den tid på Skorpa, og der døydde då Absalon Absalonsen, og han vart difor gravlagd på Kinn.

 

  Foreldra hans, Absalon Peder Beyer og Anna Pedersdotter, er velkjende personar. Han var lektor ved katedralskulen i Bergen og forfattar av viktige bøker. Ho var ei uvanleg klok og dugande kvinne. Ho vart klaga for trolldom, fekk dødsdom og vart brend som heks i 1590. Dette må ha vore ei fæl hending for sonen, Absalon. Han hadde fyrst fått opplæring hos faren, medan han levde, og sidan studerte han ved universitetet i København og vart kapellan ved domkyrkja i Bergen. Det er ikkje å undrast over at han flytt frå byen etter at mora var død.

Slike minnetavler var svært vanlege i denne tida, men det ser ikkje ut for at alle likte dei. Styremaktane kravde først at det måtte vere "ei ærleg tavle", altså ikkje noko skryt. Seinare kom det forbod mot bilete i desse epitafia, og dei gjekk etter kvart ut av bruk.

Som altartavla er også epitafiet i barokk stil. Ramma er praktfull og rik på utskorne symbol. På toppen står den oppstadene, triumferande Kristus.

 

Preikestolen med preikestolhimlingen.

Preikestolen er truleg laga først på 1700 talet av Mads Nilsen, Bergen. Han kosta 45 riksdalar. Han må ha vore måla i klåre, sterke fargar. Dei kan vi no skimte der det er avskalingar.

Figurane i biletfelta vart måla i 1811 av Ragnvald Einbu. Det er dei fire evangelistane med deira symbol (Attributt). Mennesket er symbol for Matteus, løva for Markus, oksen for Lukas og ørna for Johannes. Desse attributta finn vi ofte på preikestolar. Meininga er vel at heile evangelie bodskapen skal forkynnast og høyrast. Det er ei påminning både til prest og kyrkjelyd.

 

Himlingen over preikestolen er også rikt utskoren. Det er ei framstilling av englar med Kristi våpen, reiskapar som ein kan tenkje seg vert brukt under krossfestinga. Dei opprinnelege våpna var tornekrone, svepe, kross, nagle, eddik svamp og lanse. Seinare kom det fleire slike symbol.

 

Skipet.

Som i mange andre gamle kyrkjer, heng det også på Kinn eit krigsskip. Det er innkjøpt i året 1700. Slike skip finn vi i kyrkjer over heile Europa, særleg er dei vanlege i kyrkjer ved havet, men dei finst også andre stader.

 

 

Skipet er symbol på den kristne kyrkja. Kristus er kaptein og står ved roret. Dei som trur på han er mannskap og stridsmenn om bord. Kanonane på sidene viser at den stridande kyrkja kjemper med Andens våpen mot det vonde. Stamnen peikar framover mot koret og altaret, kyrkja er på veg mot Guds evige rike, himmelen.

 

Almissebøssa.

Å gje gåver har alltid vore ein del av den kristne gudstenesta. I Kinna kyrkja er det ei gammal offerbørse som dei gjekk rundt i kyrkja for å samle inn pengar. På børsa er det ei sølv klokke som dei ringde med under innsamlinga. Ein inskripsjon viser at pengane skulle gå til dei fattige. Børsa var innkjøpt i 1799. Det var sikkert mange som trengde hjelp i den tida.

 

 

Steinkross.

I kyrkja finn vi også deler av ein sund slegen steinkross. Han vart funnen under kyrkjegolvet, vert det fortalt. Kvar han opprinneleg har stått og vore brukt til, veit vi ikkje. Skikken med å reise steinkrossar kom til Noreg vestanfrå, frå Irland og England.

Biskop F. Birkeli som har granska norske steinkrossar, peikar på at nett i område som må ha hatt tilknyting til Selja og Kinn, finn vi flest slike. Det kan også tyde på at nett desse stadene har vore innfallsportar for kristendomen til landet vårt.

Delane av denne steinkrossen ligg no i ei av altarnisjene. Det har vore på tale å feste han til nordveggen i koret. Truleg er vel også han eit minne frå vår første kristne tid.

 

 

Stol i renessansestil.

Den gamle stolen i renessansestil som står framme i koret, veit vi ikkje alder på. Han er enkel og vakker, men alt for høg, etter som det er brukt i dag. Men dei har nok med vilje laga han slik at fatene ikkje skulle nå ned i golvet. Dei skulle plasserast på nedste tverrlista i stolen.

Dei to brurestolane er laga som kopiar av denne stolen, berre at dei er gjort lægre og har stoppa sete. Kyrkja fekk dei som gåve i 1977, og dei er laga i Sunnfjord.

 

  Benkane.

Benkane som no står i kyrkja, vart laga i 1911-12. Dei som var der før var laga i 1868. Deler av dei er festa til langveggene. Dei er oppstilt vekselvis: Dør, vange, dør osv. Før 1868 var der stolar i renessansestil. Magnus Seim fortel at han fann framstykket av ein stol i eit sjøhusgolv. "Stykket hev utskori 6-bladrosa og svingande strålar i kerbsnitt-maner." Dette framstykket eksisterer ikkje lenger, så det er ikkje råd å kopiere dei gamle benkane.

 

Plankar med inskripsjon.

Over kledningen av gamle benkedører og benkevangar er det på kvar langside ein lang planke med utskoren tekst. Før 1911 var det flat lem under taket.

Desse plankane gjekk langs etter kyrkja under denne lemmen. Gamle folk fortel at sida med utskoren tekst vende oppover. Kanskje har plankane hatt annan funksjon tidlegare.

 

  Utskorne bjelkeendar under takstolen.

    Ragnvald Einbu skar dyrebastard ansikt på bjelkeendane i 1911-12. Det var då meininga at eit liknande arbeid skulle utførast i koret, men det har ikkje vorte gjort.

Innsamlingsbørsa ved utgangen.

I 1973 laga ein mann i Flora denne børsa og gav ho til kyrkja. Det er ein kopi av ei gammal børse i Holmedal kyrkje, Sunnhordland, og det var riksantikvaren som tilrådd å bruke denne modellen.