Side 1 2 3 4 5 6 

Selja og Kinn.

Ein samlande helgen for Vestlandet.

Opphavet til Sunniva legenden.

Einar Seims teori.

Er dette løysinga på "gåta" om Kinna-kyrkja?

Kinna-kyrkja har hatt mange eigarar…

Ein tur til Kinnakyrkja.


Kyrkja utvendig.
Kyrkjeklokkene.
Våpenhus.
Murane.

Kyrkja innvendig.
Lektoriet.
Altarnisjene.
Altaret i koret.
Altarskåp med helgenfigurar.
Altartavla.

Epitefiet
Preikestolen med preikestolhimlingen.
Skipet
Almissebøssa
Steinkross
Stol i renessansestil
Benkane
Plankar med inskripsjon

Området rundt kyrkja.

Kyrkjestova
Borni-segna

Oppgåver.


Området rundt kyrkja.

Når vi går ut av kyrkja, høver det å sjå seg litt om. Gravstaden til familien Lass er eit velbrukt fotomotiv, med Kinnaklova som bakgrunn. Dei kjøpte øya i 1846 og åtte ho til Nils Seim frå Nordhordland kjøpte Kinn i 1896. Av innskriftene på Lass gravene kan vi sjå at nokre av den familien var fødde i Nederland.

 

Kyrkjestova.

Den gamle stova ved inngangen til kyrkjegarden var privateigd bustadhus. Før 1900 stod ho på Nærøya, like utanfor Kinn. Dei to familiane der flytta då til meir sentrale strøk, og eine stova, hans Bendik-Lars, vart oppsett her og påbygd. Etter at huset var fråflytt, kjøpte Flora kommune det i 1970 for å nytte det som kyrkjestove.

Ved hundreårsskiftet stod her elles fleire hus. Fjøset, løa og hestestallen på garden låg her. Dessutan var her ei gammal prestestove, og eit større bustadhus. I fortidsminnesmerke foreningens årbok 1922 skreiv professor

 

  Anders Bugge ein vemodig artikkel om dette huset, som han hadde fått melding om var rive. "Landskapet har mistet et av sine karakteristiske ansiktstræk. Sammen med Kinns kirke representerte det menneske virksomhet her på denne eiendommelige klippekyst, hvor de tilsynelatende hadde reddet seg i land begge to"

Mykje har vorte borte, her som andre stader. Men kyrkja står framleis, og no vitnar om tru og liv i nær 900 år.

 

Borni-segna.

 

Har du høyrt kor det gjekk til då Kinna kyrkja vart bygd? Jau det var tre jomfruer som var i havsnaud. Dei gjorde då den lovnaden at vart dei berga, skulle dei byggje kvar si kyrkje. Den eine dreiv inn til Vevring, den andre til Sørøy og den tredje kom til Kinn. Då jomfrua var berga, tenkte ho på kor ho skulle fare åt for å få kyrkja bygd, for ikkje såg ho tre og ikkje stein, anna enn mark og nakne fjellet. Men ein tusse hadde høyrt kva ho hadde lova, og då ho gjekk og grunda på dette, kom han og så til henne at han skulle byggje kyrkja for henne dersom ho ville vere kona hans. Ho visste ikkje si arme råd, men då sa han at dersom ho kunne gjette namnet hans når kyrkja var ferdig, skulle ho sleppe. Ja, så fekk ho gjere det då, sa ho. Det tok ikkje lang tid for han, for han hadde stein nok, han. No var han nesten ferdig og hadde berre att å setje opp spiret.

 

 

Då gjekk jomfrua sorgfull og fortenkt langsmed ein haug og ynskte heller å vere død enn å måtte gifte seg med eit troll. Men då høyrde ho nokon seie inne i haugen: "Hysj, ver roleg barn. I dag kjem han Vindfløy med den nye kona si." Då kunne ho forstå at dette var namnet hans, og gild og glad vart ho. Ho skunda seg heim og bort åt kyrkja. Då skulle han nett til å setje spiret opp. "Akte deg no Vindfløy så du ikkje dett ned," ropte ho til han, og han vart så forfærd då han høyrde namnet sitt at han treiv om fløyen så han gjekk av, og så datt han beint ned og slo seg i hel.

(Henta frå artikkelen "Segner frå Sunnfjord" i bladet Dølen, 6.årgang. Språket er forandra til gjeldande skriftnormal.)

Heimeside for Kinnaspelet.