Side 1 2 3 4 


Litt om kvinnenes arbeidsinnsats på småbruka i Kins Distrikt i åra mellom 1870 og 1920.



Ein stor del av det vi veit om livet på gardane her på kysten er henta frå medisinalinnberetningane, som er årlege meldingar frå distriktslækjarane om fødde og døde, helsetilstanden blant folk, hygiene, årsvekst, verforhold og levemåte.

Til denne oppgåva har vi og henta opplysningar frå tre eldre kvinner i distriktet, oleanna Igland, Marta Ryland og Laura Sundal Skorpen.

Når vi vil vite noko om "Kvindens Stell" i Sunnfjord frå 1860- og 1870- åra, kjem vi ikkje utanom Eilert Sundt. Som samfunnsforskar, sosiolog, reiste han rundt i landet og samla mellom anna opplysningar om arbeidet i heimane og på gardane. Han var særleg oppteken av tilhøva i "Søndfjord". Det kan vi lese om i bøkene "Om Huslivet i Noreg" og "Om Rensligheds - stellet i Noreg".

Arbeidsdagen var hard og lang.

Kvinnene hadde mange arbeidsfelt dei skulle dekkje: matlaging, reingjering, såpekoking, vassbering, tilvirking og vedlikehald av klede og anna utstyr, barnepass, eldreomsorg, sjukepleie, salting og tørking av kjøt og fisk, husdyrstell, pass av åker og eng, kjøkenhage og bærbusker, henting av lyng, torv, tang og tare til fór og brensel.

 Seterdrift med stell av jordbruksprodukta, mjølk, smør og kjøt var óg kvinnearbeid. Ein del kvinner var med på fisket og bearbeidinga av fangsten. Når mennene skulle på fiske, måtte kvinnene utstyre dei med klede og niste. 

Vi skjønar ikkje heilt kor store arbeidsbyrder kvinnene hadde utan å vite korleis arbeidet gjekk for seg, kva som skulle til av innsikt, tid og krefter. Likevel kan vi trygt slå fast at arbeidsdagen var hard og lang, frå ca. 5 om morgonen til 10-11 om kvelden. Medan mennene kvilte etter middagen, vaska kvinnene opp, så det vart lite med kvilepauser for dei. Ein stad fortel Eilert Sundt at tenestejenta vaska drengen si skjorte og si eiga i middagspausen, i tillegg til den vanlege oppryddinga etter måltidet.

Kor stor arbeidsmengda var hadde sjølvsagt mykje med tilgangen på arbeidskraft å gjere; om det var ei arbeidsfør mor eller svigermor på garden, døtre eller ei tenestejente. Småjentene tok del i arbeidet frå dei var 7-8 år gamle. Dei passa mindre søsken, strikka, spann og sydde, og gjette. Når dei vart større, måtte dei vere med på krøterstell, kinning, ysting og utearbeid.

Bestemora hjelpte til med lettare husarbeid og husflidsarbeid. Tenestejenta gjorde same arbeidet som husmora.

  Sjølv om tenestejentene var billeg arbeidskraft, var det ikkje alle som hadde råd til å leige seg "terne" her påvåre kantar. Og det var langt frå alle som hadde bestemor til hjelp i den tid då besteforeldre døydde mykje tidlegare enn no.

Eilert Sundt hadde merka seg dette: "Kvinderne måtte finde sig i at forrette adskilligt arbeide som mænderne anså for at være under sin verdighed; her til hørte nu ikkje mindst al befatning med smuds og ækelhed."

Arbeidsfordelinga mellom kvinner og menn.

I boka "Kvinnfolkarbeid" av Sidsel Vogt Moum heiter det: "Mange oppgaver ble regnet som rent kvinnearbeid som menn ikkje kunne utføre uten å bli til spott og spe og sette hele sin mandighet under tvil. Fjøsstell og særlig melking, ble overalt i landet sett på som vanærende for en mann. Hvis kona blei syk, leide mannen kvinnfolkhjelp eller fikk tak i nabokona heller enn å gå i fjøset selv."

Frå vårt distrikt har eldre kvinner fortalt at dei visste om menn som var med på fjøsstellet. Det var kan hende eit teikn på respekt for kona si og alt arbeidet ho hadde å gjere?

Innsatsen hennar var i alle høve av stor økonomisk betydning, og ho hadde stort ansvar. Medan mennene var borte på fiske, hadde husmødrene ansvaret for alt heime. Dei måtte lite på seg sjølve, ta avgjerder og ordne opp med det meste. På den måten fekk kystkvinnene truleg ei sjølvstendigare stilling i høve til ektemennene enn kvinnene elles i landet.

Arbeidsfordelinga vart først og fremst bestemt av at mennene var borte på fiske og kvinnene tok seg av arbeidet heime. Det var kvinnene som var dei eigentlege bøndene ved kysten. 

For å prøve å setje oss inn i kvinnenes arbeidssituasjon på eit småbruk ved kysten, vel vi å konsentrere oss om reinhaldsarbeidet husmødrene hadde å utføre. Det femnde om fjøsstell, sjukepleie, barnestell, vask av klede, utstyr, inventar og bustadhus. Til dette høyrde og all vassberinga som var omlag ein times arbeid pr. arbeidet dag.   

 

Reinhaldsarbeidet var, og er, eit viktig arbeid. Kring 1870 var det skrive mykje i avisene på Vestlandet om hygienen på gardane. Sunnfjord hadde svært dårleg ord på seg i så måte. Her var det mykje skabb og spedalskhet, som var rekna for å vere teikn på vanstell. 

Dei som bestemte i samfunnet var mykje opptekne av å få bøndene til å auke produksjonen av mjølk, smør, ost og kjøt. Prisane var gode på desse varene kring 1870. Mange meinte at kvaliteten på varene burde bli betre. Derfor begynte dei å interessere seg for korleis kvinnene stelte jordbruksprodukta. (Kinning, ysting og krøterstell var som nemnt kvinnearbeid.) Dersom mjølkeaskane ikkje var skikkeleg vaska, kom det gjerne usmak på smøret og osten. Sveltefôring, små og utrivelege fjøs gjorde og sitt til at det vart dårleg avkasting.

 

 

Tilrettelagt for Internett av Leiv-Arne Øien, oktober 2000