Side 1 2 3

Jakteskipper og gardbrukar.

Sjukepleiar.

Kokka låg i kjøkenbenken.

To og to i kvar seng.

Bestestova.

Utedo.

Kvardagskosten.

Helgamaten.

Vadmålsklær.

Tresko.

Barn passa barn.

Kristelege verdiar.

Ein stor stamp.

Familieandakt.

Leik.

Bryllaup og gravferder.

Barn og plikter i heimen.

Skulen.

Reiser.

 

Om Laila Rotnes

Sjukepleiar.

- Kva var ditt eige hovudyrke?
- Sjukepleiar.

Jakteskipper og gardbrukar.

- I din barndomsheim var der familiemedlemer utanfor sjølve familien, eg tenkjer på tenarar og losjerande og slike folk?

- Nei, vi hadde ikkje tenarar i Furesund i mi tid. (Vanskeleg å høyre)

- I barndomstida di så budde du i barndomsheimen? 
- Ja. 

- Kva var yrke til foreldra dine?

- Far var jakteskipper i sin ungdom, og sidan vart han gardbrukar. 

- Besteforeldra, var dei noko liknande? 
- Ja, dei hadde same yrke.

- Hadde mor di arbeid utan for heimen etter at ho vart gift?

- Nei, ikkje etter at ho vart gift.

Kokka låg i kjøkenbenken.

- Kva slag hus var det i din barndom, kor mange rom var der og kor store var dei?

- Då må eg telje etter.

- Kva vart del ulike romma brukte til? 
- Vi hadde skulestove.

Den var altså utleigd til skule der? 
- Ja.

- Var der nokon endring i bruken av dei ulike romma i din oppvekst?

- Ja, der var ein svær kjøkkenbenk, det var før mi tid, der hadde vore ei kokke.

- Vart kjøkenbenken uthiven då?

- Ja, nedste delen av kjøkenbenken vart uthiven.

To og to i kvar seng.

- Korleis sov de, var der fleire på eit rom eller fleire i ei seng? 
- Ja, vi ungane sov to og to.

 

- Hadde far og mor di eige soverom?
- Ja, det hadde dei.

- Hadde dei nokre av dei yngste ungane med seg? 
- Ja, det trur eg. Eg kan hugse at dei tok dei opp av vogga og la dei opp i senga til seg.

Bestestova.

- Kva slag møblar var det i huset, var det kjøpte ting? (vanskeleg å høyre),

- Det var vel til å stå på stas det? 
- Ja, det var i bruk når vi fekk gjestar.

- Var der heimelaga møblar i kjøkenet og i daglegstova eller var dei kjøpte?

- Det var snikkararbeid. Der var laga bord og krakkar, men ikkje heime. Dei var kjøpte.

 

- Er det nokre spesielle møblar eller ting som du hugsar etter og som du vil nemne?

- Vi hadde ei kiste som stod på loftet med innskrift på, med namn på slekta som var før.

- Det var dei som hadde eigd kista det då?
-  Ja, og så hadde vi nokre lysestakar som var arv ifrå besteforeldra, dei var i messing.

- Kva slag materialar var det i golv og vegger? 
- Det var tregolv.

- Var det lakka, måla eller ubehandla? 
- Dei var ubehandla den første tida eg kan hugse.

Utedo.

- Korleis var toalettilhøva? 
- Det var utedo.

- Var det innlagt elektrisk straum? 
- Nei, den trur eg kom inn etter.........

 - Elektrisiteten kom vel ei god stund seinare? 
- Ja.

Kvardagskosten.

- Kva slag mat var det som vanlegvis vart nytta til kvardags? 
- Til frukost hadde vi brødskiver og gjærkaker som var steikte. Vi fekk komfyr med steikeomn i min tidlege ungdom.

- Kor tid om morgonen hadde de frukost?
- Frukost hadde vi i 8-tida.

- Kva var det som vart brukt til middagsmat?
- Til kvardags var det mest fisk som vart brukt. Til søndag hadde vi kjøt.

 

- Kor mange måltider hadde de for døgnet, var det non og kvelds etter middagen? 
- Ja.

- Kva var det som var det vanlege til non? - Det var brødskiver og kaffi.

- Drakk ungane kaffi? 
- Nei, det gjorde dei ikkje.

- Så var det kveldsmaten då? 
- Det var graut.

- Kva var den kokt av? 
- Det var av grovmjøl.

- De brukte ikkje havremjøl? 
- Jau, det gjorde me, men om søndagane brukte me skiver til kvelds.

Helgamaten.

- Var det stor forskjell i maten som de brukte om søndagen, og den som do brukte elles i veka? 
- Ja, om søndagen brukte me kjøt, men mest var det kjøt av sauer.

- Korleis var det med det andre måltida, om søndagen var det då noko spesielt?

- Det vart gjerne kjøpt noko sidan det var helg som vi hadde om ettermiddagen til nonsmaten.

- De hadde litt betre pålegg då enn elles? Kva vart brukt til pålegg på brød?
- Dersom vi kokte rømmegraut så brukte me å ha det på, og hadde sukker i, men elles var det smør.

- Var det berre smør, hadde de ikkje noko på smøret?
- Jau, vi hadde rømmegraut opp på smøret.

- Brukte de ost?
- Ja.

- Var det gammalost? 
- Ja, det var begge deler.

- Kor mykje av dette hadde de avla sjølv og kor mykje vart kjøpt? 
Potetene avla de dei sjølve? 

- Ja. 

- Kjøtet og fisken skaffa de også? 

- Ja, det var helst tørka sauekjøt og når det var ferskt.

 

- Korleis var det med brøda kjøpte de dei eller baka de dei sjølve? 

- Dei var som regel steikte heime, men av og til kjøpte me. 

- Mjølet som de bakte dei av var vel kjøpt? 
- Ja.

- Mjølet som de laga graut av var vel på garden? 

- Nei, det var det ikkje.

- Det var kjøpt?
Ja.

- Var det snakk om kva som var sunn og nærande kost i din barndom? 
- Mor hadde føre seg at me ikkje skulle bruke mykje sukker.

- Var det på grunn av at det ikkje var sunt eller var det på grunn av å vere sparsommeleg? 
- Det var begge deler. 
- Det sameinast? 
- Ja.

- Var det ofte omsnakka kva som var sunn mat og kva som ikkje var sunn mat? 

- Nei, ikkje så mykje.

- Kva slag mat fekk spedbarna? 

- Dei fekk brystmjølk.

- Har du sett eller høyrt om vaksne som togg maten til borna?

- Ja.

- Var det nokon forskjell i kva mat den einskilde familiemedlem fekk? 

- Far ville berre ha meierismør, og det fekk han. Det stod på bordet, men somme tider åt han godgraut som han likte å ha på.

- Brukte de ....... som tilskot? 
- Ja, om søndagen når vi hadde nonsmat.

Vadmålsklær.

Kva slag klær brukte born og voksne om kvardagen? 
Det var kvardaqsklær.

Kva slag stoff var det som var i desse klærne? 
Det var heimevove.

Det var vadmel eller ull? 
Ja, eller enskjefte. Enskjefte var litt finare.

 

- Var det noko forskjell i klærne til dei ulike årstidene? 
- Det var berre slik at ein hadde litt mindre på seg.

- Fest- eller helgeklærne var det same slaget eller var dei av eit finare slag? 
- Dei som sist vart sydde måtte ein spare på til helgebruk. 

- Når dei så var brukte ei stund så kunne ein ta dei til kvardags? 
- Ja.

- Det var ikkje nokon vesentleg forskjell? - Nei, dei vart tekne til kvardags når dei var brukte ei stund.

 

Tresko.

- Korleis var det med skorne då? 
- Vi hadde ein mann som kom til oss ein gong for året, og han sydde sko.

- Var det lærsko? 

- Ja.

- Til dagleg var det vel andre sko? 
- Ja, vi brukte tresko.

- Kven var det som laga dei? 
- Det var karane det.

- Dei var laga heime av far din og brørne? 

- Ja.

- Kan du hugse kva slags ty karane brukte når dei var i båten? 
- Eg kan ikkje seie det sikkert, men dei hadde vel ein slags støvlar. (Vanskeleg å høyre)

- Var born og ungdom opptekne av kleda til kvarandre? 

- Nei, dei var ikkje det.

- Veit du om nokon som vart erta fordi dei ikkje hadde slike klær som var vanlege?

- Nei, det kan eg ikkje hugse. Vi var litt fantaktige i skulen. (Vanskeleg å høyre)

- Var det forskjell i klærne på folk ifrå byen og folk i frå landet? 

- Ja, det var liksom litt finare.

- Dei brukte meir kjøpeklær? 

- Ja, det gjorde dei.