Side 1

Barneår.

Lang og tidkrevjande reise.

Jordmor.

Barndoms-
heimen.

Rømmekrukka.

Senger og sengklær.

Straum.

Kosthaldet.

Krigstida.

Ulltøy.

Veving.

"Det var nok at far min såg på meg".

Alt hadde betydning for oppdragelsen.

Helg og høgtid.

Barn og lærar.

Døgnrytme.

Skumringstime.

Song og spel.

Radio.

Leik og idrett.

Juleselskap.

Gravferder og gravferdsskikkar.

Kvinnearbeid og
mannsarbeid.

Då vi fekk innlagt
vatn.

Slakting om hausten.

Julereingjering

"Livets skule".

Glad i å gå på skule.

Bibelhistorie i første time på dagen.

Historie var best.

Lyset på isen.

Leik ute.

Lang middagspause.

Straffemetodar.

Elevar frå Grøndalen.

Ville bli jordmor.

Ein stor sangpedagog.

Foreningsliv.

Festar.

Røyking og alkohol.

Musikk.

Godt forhold mellom bygdene.

Klær og motar.

Reise.

Første tur til "byen".

"Den rosemåla kista".

Første bilen i Florø.

Syklar.

Støylen.

Mjølk og smør.

Utslåttane.

Treskjemaskin.

På kverna.

Stor etterspørsel etter smøret.

Kjøp og sal.

"Ugjort arbeid slit mest".

Fiska ørret.

Gardsdrift og fiske på Skorpa.

 

Om Laura Sundal.

Laura Sundal Skorpen har budd i Hans Bloms'gt. 18 i eldrebustadane der dei tre siste åra. Ho trivest veldig godt. Til 79 i januar budde ho på Skorpa saman med mannen sin, men då han døydde måtte ho flytte frå huset og reiste då til dottera og svigersonen sin som bur på Grov, og der hadde ho det veldig godt, men det er godt å ha sitt eige krypinn når ein vil vere for seg sjølv og meditere litt. 

Du er inne hos dottera di, f .eks. no til jul, er det ikkje slik at du skal inn der då? 

Ja eg skal inn til dottera og svigersonen min og alle mine fire barnebarn og dei er like glad alle når eg kjem, og det er jo eit fint teikn at dei vil kjennest ved ei gammal kjerring som eg er i dag.

Vi trivst like godt i kvarandre sitt selskap alle saman, til og med svigersonen min og eg er veldig gode venner.  

Ja synest du at det var  ei veldig stor forandring å kome frå Skorpa og inn her til Florø?

Det var forandring på eit vis, for eg vil seie at det finst ikkje den stad eg har trivast så godt som på Skorpa, for det var havet som hadde slik veldig tiltrekking på meg sidan første dag eg flytta på kysten så var det slik. Vi hadde no havet som nabo her inne og, men eg tykte det var eit tiltakande og meir tilfredsstillande å kome ut til kysten der som eg hadde min bustad, der som vi i dag kallar Sør-Skorpa. Då eg kom ut då heitte det Skorpa. Men så var det så vanskeleg med posten, han for opp på Finnmarken ein stad, før vi fekk den på Skorpa, og derfor gjekk dei over til å kalle staden Sør Skorpa som det heiter i dag. 


Foto: Firdaposten

Barneår.

Og du var altså fødd i Sunndalen i Norddalsfjorden, og kor gamal var du då du flytte ut frå heimbygda di?

Ja, for å begynne med begynnelsen, så var fødestaden min Sunndal i Norddalsfjorden, og der var eg fødd den 12. mai 1898. Då eg reiste frå bygda var eg 17 år den første gongen eg reiste ut og då tok eg meg eit vinterarbeid ut på Kinn, for det hadde interessert meg mykje å kome ut til Kinn og han Magnus Seim. Han var veldig god ven med far min, og ut med han Seim der stogga aldri jentene noko tid, og dette kom far min til å fortelje når han kom heim frå eit heradstyremøte , hvorpå eg med ein gong sa at der har eg lyst å kome ut. Kan eg ikkje få reise denne vinteren og det ga eg meg ikkje på, eg skulle få reise den komande vinteren, og det var vinteren mellom 17 og 18 år og eg fekk reise på Kinn. 

 

Det vil seie: Farfaren min protesterte sterkt og trudde: Du må vere gått heilt frå forstanden som vil ut  på detta stedet, for det stoppa aldri jenter hos denne mannen, sa han. Men eg reiste og eg treivst veldig godt. Men synst du ikkje at det vart veldig stor forandring å komma frå Sundalen og ut der til havet? 

Jau, visst vart det forandring. Eg synst det var meir sånn at du kunne komme deg ut når du vilde. Opp i Sunndalen der var det om vinteren, ein kan seie frå hausten, isvanskar og du var så isolert på mange vis. Der ute kunne du komme deg frå Kinn og inn til Florø, dersom ikkje veiret var for grovt, men det hende no då at ein kom ut i storveir, og ein kunne no då ynskje seg inn i Sunndalen når det hende. 

 

Lang og tidkrevjande reise.

Ja, oppe i Sunndalen, korleis var det at de kom dykk i frå Sunndalen og ned til bygda lenger nede og ut til fjorden eller til Florø for den delen? Kan du fortelje litt om det? 

Ja, i sommarhalvåret og langt ut på hausten får eg seie, men ikkje på vårkanten, var det tilkommeleg så lett derifrå. Men eg vil seie på vinterhalvåret då kunne det vere problematisk, og då måtte vi lære oss å bruke både ski og skøyter. Vi var ikkje så gamle når vi begynne å bitte på oss skøytene og byrja gå på skøyter på isen, og ski det måtte vi no ta på oss så snart som vi kunne føre føtene våre på ski. Det var ein betingelse for å komme oss nokre vegar fram. 

Kan du fortelje nokre hendingar som det var vanskeleg eller dramatisk når de hadde denne svære vegen ned til bygds, eller de skulle til Florø, for det var vel berre å bruke båt som du seier eller bruke beina? 

Ja det var i grunn det. Dramatikk det lyt vi vel helst knyte til vinterhalvåret, då var det dramatisk mange gonger, og det var og dei gonger det kunne vere livsfarleg å kome vegane fram, og sommarhalvåret så var det forbunde med store vanskar, eller vanskelege reiseforhold. Vi måtte no først i båt å ro det lange Sunndalsvatnet og det tok innpå ein time med ein vanleg robåt, å kome ned der, 

 

 

og så hadde vi då vegstykket mellom Sunndalsvatnet og Solheimsvatnet og då gjentok det same seg. Der var naust med innsette båtar. Så måtte vi ta den på vatnet og ro heilt ned til eit stad som heitte Kjørslevika. Då var det ein liten vegstubbe, ein slik liten køyreveg, det heiter Solheimsøyra, men vi kalte det ned med sjøen.Og der var det på nytt båt og naust som vi måtte ta i bruk skulle vi kome vidare, f .eks. ut til ein båt som kom inn og høgde med Lervika som vi måtte om bord i der. Men elles så var det ein båt som frakta kost og passasjerar som vi kunne ta frå Solheimsøyra og ut til, der som båten kom inn, i høgde med Lervika, og der gjekk vi ombord i fylkesbåten som vi kunne ta til Florø. 

Og i mellom vatna der var det å gå? 

Ja der var det å gå, med slik vanleg køyreveg, einvegskøyring får ein vel seie. Med hest og kjerre kunne vi køyre.Det var vanskeleg å køyre forbi kvarandre, men han var så pass at der var einvegskøyring med hest og kjerre, så det gjekk den vegen. 

Kva slags yrke hadde besteforeldra og foreldra dine?

Besteforeldra mine, og ein kan og ta foreldra med det same, dei var gardbrukarar. Og det var nybrottsarbeid mykje av det dei arbeidde med, og det kunne ein sjå tydeleg merke etter både farfar min og også etter far min. Kanskje etter far min er det merke etter den dag i dag, for han var ein stor nybrottsmann, og han la mykje arbeid til rettes så garden vart utvida. 

 

Jordmor.

Ditt eige hovudyrke, kan du fortelje litt om det? 

Dersom du meinte no hovudyrket mitt i mitt vaksne liv, så er det vel jordmor du meiner. Eg var ikkje gammal eg då eg vart utdanna jordmor , for eg hadde ikkje nått den alderen dei skulle ha for å kome inn på jordmor-skulen. Men eg hadde gode hjelparar i bakgrunnen og dei hjelpte meg. No tenkjer eg på læraren min. Han vil eg først og fremst nemne, og dernest vil eg nemne distriktslege Skridshol som var veldig interessert i å få meg av stad på jordmor-skule. Dei arbeidde i fellesskap desse to, derfor kom eg inn på jordmorskule i grunnen før eg hadde fylt dei åra eg måtte for å bli oppteken der. Derfor var eg ganske ung utdanna jordmor 

Kvar var det du gjekk på den skulen? 

Det gjekk eg på Rådhusplass i Bergen, og det var ei rik tid. Men eg vil og seie det at det skulle både energi og ei veldig viljekraft til å kome gjennom den tida eg hadde der. For eg vil fortelje om at den tida eg gjekk på jordmor-skulen kom den sangomsuste spanskesykja inn i biletet, og vi vart i høg grad råka av den. 

Først pasientar som det gjekk så vidt utover at vi bar dei derifrå som lik, og sidan så angreip den oss elevane meir og mindre hardt, og eg var av dei som vart hardast angripne av spanskesykja. Det var ei til som det var like galt fatt med, ho slutta på jordmor-skulen fordi ho ikkje greidde å fortsette der. Men eg tenkte det at dette her det må eg prøve å klare. Og eg prøvde å klare meg, men den tids etter spanskesykja den står føre meg som eit skrekkens bilete, for det var så lenge  før eg kom meg til hektene etter den, for det tok nesten inn på ein månad før eg kunne føle meg som skikkeleg menneske igjen. 

 

 

Kor var det henne du praktiserte som jordmor? 

Ja, eg hadde fått tillatelse som vikar i Dale i Sunnfjord før eg  slutta på jordmor-skulen, og der var eg den første sommaren min då var eg i Dale i Sunnfjord, men så hadde eg fått plass som distriktsjordmor opp i Telemark ein stad, og den plassen heldt  eg så lenge på at dei måtte avertere den på nytt, men så hadde eg søkt på Norddalsfjorden og vart tilsett der , men der hadde ein kollega søkt og, men så hadde han Skridshol funne ut at eg skulle få den plassen, så trudde han at eg slapp no å arbeide med denne jordmormangelen her inne, men i mellomtida så hadde eg fått Skorpa som jordmordistrikt, og så valde eg den då, heldigvis. 

Og der vart du jordmor då i resten av den perioden då du var aktiv i det yrket? 

Eg kan ikkje seie det slik, for det ville ikkje vere i overensstemmelse med sannhet. Eg kom til Sør Skorpa som jordmor i 1919, i oktober månad, og der var eg som distriktsjordmor til ei tid før krigen, nærmare bestemt til 1939, og så kom krigen og eg fortsette der ute på kysten å reise i krigens harde tid, og det var no å tilføye der det var no noko for seg sjølv å reise då mellom holmar og skjær, minene låg mange gonger og flaut i farvatnet, sa dei, men ein son skulle no trøste meg ein gong eg skulle ute å reise og eg hadde høyrt at der låg ei mine å rak ute mellom Bataldøyane, det skal no godt gjerast at de skal treffe oppå denne mina. Og vi kom fram på ein rimeleg og bra måte, men dei som rodde mellom øyane dei visste retninga og visste å kome seg fram i mørkna, og så hadde vi ein mann på utkikk om han skulle sjå noko som låg og flaut på sjøa, så langt som ei båtlengde kunne ein då svare til, så det hadde no ikkje betydd så mykje kanskje. 

 

 

Barndomsheimen.

Ja så kan ein gå tilbake til barndomsheimen din og korleis det var der. No tenkjer eg på kva slags hus de hadde, kva slags hus du voks opp i, og kor mange rom der var, kor store dei var og korleis de brukte dei? Kanskje du kan fortelje litt om det no? 

Ja, det ser eg for meg tydeleg i frå dei dage, eg har ikkje gløymt noko av det. Vi budde i eit veldig stort hus, får eg seie, det var rommelege forhold. Stova var i mellom dei største eg kan hugse frå  den tida, og ved sida av den i mot aust var der eit lite kammers som vi brukte som gjesterom når der kom nokon. Elles så hadde vi no gjerne ei tenestejente som måtte bu der. Men dersom der kom nokre som trong husvære så flytta ho gjerne på eit loft vi hadde og der måtte overlatast som gjestekammers. Så hadde vi då i tillegg til der, det vil seie det var inngang til den inste leilegheita i frå aust, men midtvegs på huset var der ein inngong frå sør, 

 

 

og i frå sør den inngangen der kom vi inn der var det to dører som skilde, i grunn tre, men på kvar side av gangen var der inngang til den store stova som vi budde i til kvardags.Og rett på vest der kom den som vi på den tid kalla bestestova, og det var ikkje kvar tid som helst at vi gå inn i den. Den var helden som var bestestove, og det var berre når det kom storfolk til gards at dørene kunne opnast der, eg hugsar så godt der var eit bilete eg hadde så lyst å sjå det, då eg var ein liten jentunge. Det var Jesusbarnet som sat og heldt på ei palmegrein og det biletet det hadde den finaste veggen i den som vi kalla beststova. 

Eg opna ofte døra og stod og såg på detta fine biletet, og det måtte eg gjere i smug. Ja, så var det den tredje døra og det var inngong til det som dei kalla kjøkenet, men det var ikkje brukt til koking eller noko sånt, men der brukte dei å ha separatoren inn på detta som dei kalla kjøkenet og eit stort langbord. Og der var det lagra med all slags mat som vi brukte. Flatbrød for eksempel, det som vi ikkje hadde på stabburet.