Side 1 2 3 4 5 

Lesestoff.

Radio.

Leikar.

Jula.

Husarbeid.

Handarbeid.

Sunlight.

Skulen.

Skrøpeleg skuleveg.

Vidareutdanning.

Bønder og fiskarar.

Hus frå 1882.

Og så fekk vi elektrisk kraft!

Til middag var det enten fisk elle sild!

Klær og sko.

Dei eldre måtte passe ungane.

Flakedans på toppen av Askrova.

Reiste på stemner.

Kapproing.

Klær og motar.

Alkohol og tobakk.

Ferie og reiser.

Garden.

Arbeidsdagen.

Fordeling av arbeidet.

Fiske.

Byttehandel med sogningane.

Lakse - og sildefiske.

Fangst og inntekt.

Salting på saltebuene.

Attraktivt å reise på fiske.

Kvinnene sløgde og karane flekte.

Forlis.



Om Leif Magnus Tansø.

 

Lesestoff.

Var det musikkinstrument i huset?

Det var einast ei fele og eit trekkspel.

Kven var det som spelte på det?

Det var han far.

Songbøker var det det?

Ja, der var nokre songbøker.

Vart det sunge heime, og kva slag songar var det de song da?

Det var ikkje noko song i heimen såleis.

Var det på skulen at de song mest?

Ja.

Kva slag lesestoff var det i huset? Kva slag aviser hadde de?

Bestefar heldt aviser. Han heldt Verdens Gang. Sidan kom Firda Folkeblad.

Hadde de andre blad?

Ikkje anna enn desse vanlege barneblada Magne og Norsk Barneblad.Borna hadde det.

Hadde de vekeblad slike som vi har i våre dagar?

Vi hadde Hjemmet. Det hugsar eg at mor heldt.

Heldt de Bondeblad eller noko slikt?

Nei, det trur eg ikkje at det var. Det einaste var at far abonnerte på Stortingstidningen.

Las de ungane noko i det?

Ja, då var vi så påss store at vi var begynt å fylgje med litt.

Lånte de bøker på biblioteket?

Det var ikkje bibliotek her då.

Nei, men det var vel det på skulen?

Nei, det kom ikkje skulebibliotek før lenge etter at eg var konfirmert. Vi kunne skrive etter bokkassar, men eg kan ikkje hugse kor vi fekk tak i dei ifrå. Eg trur dei kom ifrå Bergen, eller var dei ifrå Oslo?

Radio.

Kor tid begynte radioen å gjere seg gjeldande?

Den første radioen hugsar eg godt, den fekk vi i 1929.

Det var forholdsvis tidleg det? Kor tid var det vanleg at folk hadde radio?

Det kan eg ikkje seie altså, men det var vel mellom 30 og 40-åra, eller sist i 30-åra.

Leikar.

De leika vel ein del då de var ungar, kva slag leikar var det de brukte?

Det var gøymespel, Tre mann i vinden og desse her.

Hadde de ballspel?

Vi hadde noko heimelaga fotballar på skulen som vi greidde å knuse nokre ruter med.

Leika gutane og jentene i lag eller var de kvar for dykk?

Vi leika alltid i lag.

De var vel ikkje så mange, så de måtte vel leike i lag alle?

Det var helst slik.

Fekk gutane og jentene like mykje tid til leik?

Ja, det gjorde dei. Det var i vinnene, då var det ikkje så mykje tid til leik, men elles hadde vi det bra fritt.

Var det vanleg å feire fødselsdagar?

Ja, det var det. Dette var ei lita ø var to salar som vi byttast om.

Hadde faren og eige soverom?

Ja, det hadde han.

Kove og ei daglegstove.

Korleis var det de sov? Var det fleire på same rom eller f leire i same seng?

Der det noko endring av bruken av romma i husa?

Nei, det var det ikkje. Det vanlege var at ein hadde ei beststove . Det huset var helst lite. Der var to stover med gang i midten og med kjøkken i øvste sida av huset.

Var det store rom? Var det den storleiken på dei som det plar vere i våre dagar eller var dei mindre?

Det var det som var årsaka til det.

Kvar var bryllaupa haldne?

Ja, det var heime.

Var borna med der?

Ja, dei var alltid med. Borna hadde dei mykje meir med seg då enn kva dei har no.

Kven var det som vart bedne i bryllaupa? Eg tenkjer ikkje akkurat på namn. Kven var det som vanlegvis vart bedne?

Det var slekt og naboar.

Var der eit fast bedelag?

Dei hadde alltid ein fast mann som reiste rundt og ba.

Var der faste område som dei ba?

I grunnen så avgrensa det seg til desse øyane, og dei var ikkje så store.

 

Jula.

Her var andre høgtider, jula var vel ei viktig høgtid?

Ja, jula gledde vi oss svært til.

Hadde de juletre?

Vi hadde juletre ifrå det eg kan hugse i alle fall.

Var det gran eller var det furu som vart brukt?

Som regel var det furu. Vi måtte inn til Svanøy for å få juletre. Då reiste vi ein to til tre karar og henta til heile øya. Vi rodde.

Fekk de gåver?

Ja, det gjorde vi.

Var det noko spesielt med kosten i jula? Eg tenkjer på baking og slikt.

Det var eit svært oppstyr då framfor jula.

Bakte de så mykje at de hadde ut på det nye året?

Det var ikkje alltid at ein kunne bake så veldig mykje, for den vanlege brødbaksten ville verte tørr og hard. Her var ikkje fryseboksar då.

Kan du hugse om det var spesielle skikkar i forbindelse med jula og dei andre høgtidene?

Nei, det kan eg ikkje. Det kunne vel vere i dei heimane der folk var meir religiøse.

Hugsar du noko om korleis dei bad til konfirmasjon?

Nei, det kan eg ikkje seie, men dei samla i hop mykje folk i alle fall til bryllaup.

Kor mange kunne det vere i eit bryllaup?

Når vi er ferdige med dette opptaket så skal eg vise deg i bilete frå eit bryllaup på Tansøya. Der er i alle fall 130 menneske.

Korleis likte du å vere saman med dei vaksne då du var unge?

Eg tykte det gjekk fint.

Vart borna sett på som fullverdige menneske og respekterte?

Ja, det vart dei.

Korleis var forholdet mellom naboane i grenda?

Var de ofte ilag i selskap for eksempel?

Det vart litt spesielt på desse småøyane. Det vart avgrensa til den øya som du budde på.

Fekk krigstida noko innverknad på naboforholda?

Nei, det var ikkje så mykje då.

Husarbeid.

Kven var det som gjorde husarbeidet?

Husarbeidet fall på mor med hjelp av jentungane. Medan dei var små, så hadde vi ei jente i huset, ei tenestejente.

Korleis var husmora sin arbeidsdag?

Det var ikkje berre ein arbeidsdag, det var ofte utover natta også det.

Kor tid starta ho om morgonen?

Det var i 7-8-tida. Då var det frukost og så var det fjøsstellet. Vi hadde ei lita jord, så det var ikkje mange dyr å stelle.

Seinare så gjekk det slag i slag utover. Kor tid kunne ho då ta kveld?

Framfor høgtidene så vart klokka alltid over 12 før ho sette vekk symaskinen.

Korleis var mannen si rolle i husarbeidet, var det vanleg at han gjekk i fjøsen?

Nei, det var ikkje vanleg då.

Hadde ungane konkrete oppgåver i husarbeidet?

Dei hadde vel det for så vidt. Dei måtte vaske opp. Det var ikkje rustfrie knivar i dei tider.

Korleis var det med reingjering?

Om hausten føre jul var det eit svært styr med vasking av alle rom. Likeins om våren då skulle det også vaskast. Det vart meir vasking då når vi hadde vedkomfyrar.

Dei rauk vel litt lampene også?

Ja, det gjorde dei nok.

Korleis var det med dagleg vasking av golv?

Eg trur ikkje dei vaska golva anna enn to gonger i veka, onsdagane og laurdagane.

Korleis var det med vasking av vanlege kjerald?

Det var etter kvart måltid det.

Hadde de innlagt vatn eller måtte de bare det?

Vi måtte bere det. Vi hadde det innlagt i fjøsen, men den andre bekken låg så lågt, så vi fekk det ikkje inn. Det var ikkje eksperimentert med noko pumpe, for det var for kort veg.

Kven var det som bar vatn då?

Det var dei som skulle bruke det. Av og til sprang vi ungane etter ei bøtte vatn.