Side 1 2 3 4 5

Inventaret i Kinnakyrkja. Studieemne og arbeidsoppgåver.

Lektoriet
  1. Kva er eit lektorium, og korleis er Kinn-lektoriet bygd?
  2. Kven finn vi i biletfelta?
  3. Kva er ein mandorla?
  4. Korleis kan vi vite namn på to av apostlane?
  5. Kva for bibelord minner desse bileta oss om?
  6. Skriv om skilnaden på dei to englane. (Om erkeengelen Mikal. Sjå Ursins bok s. 179)
  7. Kvar kan teikningane til desse biletfelta ha kome frå?
  8. Les i eit leksikon (t.d. Aschehougs) om arkitektane Chr. Christie og Carl Berner.
Altar
  1. Korleis er altaret i koret bygd?
  2. Kva er relikvier? (Sjå kyrkjesoga)
  3. Kvar gøymde dei relikviene?
  4. Kva er eit antependium?
  5. Kor gamalt er Kinn-antependiet?
  6. Kven kunne bruke sidealtera?

(Om altar sjå t. d. Aschehougs leksikon, bind 1)

Altarskåp med helgenfigurar
  1. Les om helgenar og helgendyrking i kyrkjesoga. Skriv eit kort samandrag.
  2. Les om Maria Magdalena i Bibel eller bibelsoge. Skriv om henne kort og punktvis. (Luk.8, 2. Johs. 20.Kap.)
  3. Les om Sta. Barbara. Skriv eit kort samandrag. (Ursin s. 173)
  4. Les om Sta. Sunniva. (Ursin s. 171. A. Dale: Handbok i kristendom s. 329.)
Altartavla
  1. Korleis såg tavla ut i 1644?
  2. Kva forandringar vart gjort i 1703?
  3. Kva kan vere grunn til forandringane?
  4. Kva for apostlar finn vi på denne tavla? (Om kjennemerke-atributt – les t. d. Ursin s. 126 flg.)
  5. Korleis er den framstellinga av Jesus som vi kallar Salvator Mundi?
Epitafilet
  1. Kan du tenkje deg nokon grunn for at dei gravla dei døde under kyrkjegolvet? (Om betalinga sjå t. d. boka Selja i tusen år. s.96)
  2. Les i Absalon Pederson Beyer og Anne Pedersdotter i litteratur-historie eller leksikon. Skriv samandrag.
  3. Kvar var Absalon Absalonsen prest?
  4. Kvifor vart han gravlagd på Kinn?
  5. Kvifor vart det slutt med epitafium i norske kyrkjer?
  6. Kva slag utskorne symbol finn vi på denne tavla?
Preikestol med preikestolhimling
  1. Kva er dei 4 evangelistsymbola? (Ursin s. 118 flg.)
  2. Kva meining har det å plassere evangelistsymbola på ein preikestol?
  3. Kva er det vi kallar Kristi våpen?
  4. Kva slag Kristi våpen finn du på preikestolhimlingen på Kinn?
Skipet

(Meir stoff: Ursin s. 149 flg.)

  1. Kva er skipet eit symbol for?
  2. Skriv ei lita utgreiing om denne symbolikken.
Steinkrossar

(Til denne oppgåva må ein ha boka av F. Birkeli: Norske steinkors i tidleg middelalder)

  1. Studer krossen på Kinn og prøv å teikne han slik du trur han har vore.
  2. Korleis ser ein norsk-keltisk kross ut? (Birkeli s. 239 flg.)
  3. Korleis ser ein norsk-anglisk kross ut? (Birkeli s. 242.flg.)
  4. Kva for 6 norske krossar har hol mellom armane, og kvar finn vi desse krossane?
  5. Kva samband kan det vere mellom heilagdomane på Selja og Kinn og steinkrossane i Sogn og Fjordane?
Barokk og renessanse
  1. Les om barokkstil i historiebok og leksikon.
  2. Les om renessansestil i dei same bøkene. Noter kjennemerka å dei to stilartene og legg merke til skilnaden.
  3. Studer stil og utsmykking i altartavla, preikestolhimlingen og epitafiet og samanlikn med stilen i den gamle stolen i koret. Finn du både barokk- og renessansestil?

______________________________

Tekstane på epitafiet, altartavlavla, almissebørsa og på plankane på sidene i kyrkje er skrivne med gotisk skrift og på gammalt dansk. Kan du greie å lese dei, skrive dei ned og kanskje omsetje dei til moderne norsk?