Side 1 2 3 4 5

"Han Per med sjøna".

Reise.

Vi rodde om natta.

Første motorbåten i Norddalsfjorden.

Dramatisk tur til Bergen under krigen.

Gå med eigen båt til Florø.

Fylkesbåtane vart sett inn.

Flobrauta.

Ishud.

Å gå utover fjordisen for å møte rutebåten og hente varer.

Reiste mykje med ved.

Sprengde is med dynamitt.

Sirupsfatet.

Eit slit å få varene fram.

Til Haukåa på ski for å hente posten.

Vi gjekk på skule 14 dagar i gongen.

Leikar.

Skulevegen.

Vi hadde fire kvernar.

Vi mol mais og havre.

Flatbrødbaking.

Vi rodde og segla.

På bua hadde eg varene.

Det var tungt arbeid å få varene opp på bua.





Om Peder A. Solheim.

"Han Per med sjøna".

- Så lenge eg kan hugse så har eg hørt namnet "han Per med sjøna". Og det er namnet som du alltid har hatt Per. Men eigentleg så var du fødd oppå Solheim og kom ned her.

- Kor tid kom du ned her til Solheimsøyra?

- I 1910 kom far min ned her og bygde.

- Og da var du med og har sida budd her. - Var det sånn å forstå?

- Ja, og eg har av og til vore opp på Solheim. Eg styrte jorda med han Olai i tre år, eg og han altså. Elles så har eg vore her nede med sjøen heile tida.

 

- Og her har du vore som handelsmann, ekspeditør og kva andre ting har du drive med?

- Postopnar.

- Og så har du drive gard i tillegg?

- Ja.


Foto: Olav Solheim

 

Reise.

- Det var det eg gjerne ville vite litt om. Korleis det var da du var barn og ungdom å reise? Eg tenkjer først og fremst å reise til Florø, for det var jo den nærmaste plassen å reise til for å handle, å reise ut med varer og slikt. I dag så er det slik at vi reiser til Florø på ca. 3 kvarter, herifrå Solheimsøyra, i alle fall bortimot timen da. Kor lang tid gjekk det den gongen da du rodde og seglde i din barndomstid?

- Ja, om eg hadde ein liten færing eller slikt, så gjekk det ein 3-4 timar. Då du rodde, og det var godt vær, og det var ein to, tre mann, som var til årane. En færing er det jo fire keipar på, og to par årar, og var det då fire mann, så rodde dei godt. Og då gjekk det fort!

- Vis dykk skulle ha last med dokker då?

 

  - Ja, då måtte vi ha større båt. Då var det som regel ein 5 keipar vi hadde. Og han tok ca. 3 og 4 mål, etter som veden var tørr og god til.

- Det var famneved for å reise ut å selje?

- Ja, det var famneved ja. Som var 24 tommar lang.

- Kan du hugse spesielle hendingar på disse turane dine?

- Nei, det gjekk som regel godt. Det gjorde det. Så det vart ikkje noko uhell. Det einaste var at det var styggevær inni mellom. Ei byge, slik at vi måtte ta på oss oljekleda. Det hadde vi med oss ja.

 

Vi rodde om natta.

- Og dykk rodde om natta?

- Om natta rodde vi og kom ut om morgonen i dei tider att folk stod opp. Då fekk vi oss varm, god kaffi, hjå ho Maria på kjellaren, som dei kalla ho.

- Kva kosta det å få kaffi den gongen?

- Eg trur det var ein 6-7 øre vi betalte for koppen. Eg tykte det var meir eller det, men ho var svært rimeleg på kaffien ho Maria. Vi var no godt kjende med henne, far min var godt kjende med henne. Så det var billeg.

- Niste det hadde dykk med sjølv?

- Ja, vi hadde mat med oss sjølv. Der hadde vi kake, stomp og smør, og alt slikt hadde vi med oss. Ja ost og. Det hadde vi.

- Men kor tid var det slik, ca. årstall? Dette her som du nå snakkar om.

Ja, eg tore ikkje å seie det… Det er nå lenge sida det, eg var vell ein 12-14 år i dei dagar.

- Ja, du sa at du kom ned her i 1910. Og det var vel straks etter at du var begynt å reise?

 

  - Ja, det var av og til at vi tok ei last medan vi budde på Solheim. For vi hadde veden innsett i naust, så han var på langt tørre. Og båten stod inne og. Då reiste vi ein dag vi var på Solheim, når det var godt vær.

- Du fortalde meg ein gong om at du var med ein mann opp på Solheim, som heitte Tor Olav, med ei svær tønne last til Florø.

- Ja, det var eg ja. Vi hadde eit mål ved, under i botnen, så han var stø og god å segle. Vi segla noko med tønne lastane.

- Han Tor Olav han var i frå Eikefjorden og kom hit og kjøpte seg ein gard i Norddalsfjorden. Og det var garden til han kjøpmann Peder B. Solheim, Florø. Han har vore i Florø lenge nå ja… Han er nå død nå.

- Han Tor Olav var med på den vedturen med veden og tønnene ja. Men det gjekk fint det! Han Tor Olav var litt redd, for han bles noko. Han var litt redd på sjøen, men eg sa at han berre skulle halde seg roleg. Han sat atti båten og vi seglde godt.

- Kor gamal var du då?

- Eg var vel ein 15-16 år. Det var eg ja.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Første motorbåten i Norddalsfjorden.

- Og så hugsar du første motorbåten som kom her i Norddalsfjorden?

- Ja, det hugsar eg ja. Eg hugsar ikkje årstalet. Men då var eg så gammal at eg dreiv fiske. Eg var med han Martin på Norddala, han hadde husa ei Trygg maskin. Og den fekk ikkje han til å gå. Det var ikkje han som styrte han, det var Johannes Norddal, som styrte han.

- Han fekk han ikkje til å gå, men han hadde han ein vinter. Og så kjøpte han seg ein Dansk Hain og sette i båten. Den gjekk utmerka godt ja. Og då var eg med i Norddalen, med han Martin, og dreiv fiske. Og då fekk vi både torsk og sild. Det var eit godt sildeår, og vi hadde mykje på lut. Men eg kan nå ikkje hugse kor mykje det var nå… Det var ein 4-5 hundre kroner vi hadde på lur.

  - Altså den første motorbåten den blei brukt til fiske og ikkje til passasjer trafikk nei?

- Nei, den som eg hadde, den var berre i Førde med ved og slikt. Og så dreiv eg fiske med han.

- Så måtte eg reise på "Eksersisen". Og då var eg tidleg oppe i 8 månader. Det var vel under krigen. Då eg kom igjen hadde bror min seld båten. Han som kjøpte han, hadde tekje han i sandlast, og båten vart nedsøkt. Eg har ikkje sett han meir.

- Per Strømsnes har eg høyrt om. Han var ein av dei første med motorbåt her i fjorden?

- Ja, han Strømsnes`n han kjøpt ein Trygg maskin i frå Florø verkstad. Han bygde båten sjølv og dreiv fiske med han i mange år, like til at han døde. Men nå er båten opptert og maskina er opprusta, så nå er det ikkje meir.