Side 1 2 3 4 5

"Han Per med sjøna".

Reise.

Vi rodde om natta.

Første motorbåten i Norddalsfjorden.

Dramatisk tur til Bergen under krigen.

Gå med eigen båt til Florø.

Fylkesbåtane vart sett inn.

Flobrauta.

Ishud.

Å gå utover fjordisen for å møte rutebåten og hente varer.

Reiste mykje med ved.

Sprengde is med dynamitt.

Sirupsfatet.

Eit slit å få varene fram.

Til Haukåa på ski for å hente posten.

Vi gjekk på skule 14 dagar i gongen.

Leikar.

Skulevegen.

Vi hadde fire kvernar.

Vi mol mais og havre.

Flatbrødbaking.

Vi rodde og segla.

På bua hadde eg varene.

Det var tungt arbeid å få varene opp på bua.



Fylkesbåtane vart sett inn.

- Korleis var det då Fylkesbåtane begynte å gå her?

- Ja, dei begynte å gå her tidleg. Fyrst gjekk dei ein gong for veka. Men så vart det to gonger for dagen, morgon og kveld.

- Då måtte eg ekspedere dei og då måtte eg ha ein stor båt til det bruket. Stundom kunne dei kjeppe noko høy, her opp igjennom. Dei hadde for lite fòr her, og så kjøpte dei høy. Det var ofte det kom ein 9-10 ballar høy i frå Florø. Då måtte eg ha ein stor båt, og eg var aleine.

 


Per og barnebarnet Birger fotografert foran den gamle bua me`sjøna. Foto: Olav Solheim

- Elva inn igjennom er ein kilometer og eg måtte ro aleine på ein 5 keiping, og det var ofte tungt. Når elva var stor og vannfull, og det hadde regna nokon dagar, då måtte eg landgå. Eg sette fast tau inn i land for å hale. 

- Då måtte vi være som regel to mann, for å greie det: Ein å hale og ein å gå etter land og sette tau. Eg måtte hive ut dreggar og slikt, då vi stod midt i elva, for å komme oss inn. Og så var det å ta det opp på bua, når vi hadde kome oss inn. Det var ein kilometer elv vi måtte ro.

- Og du var mange år ekspeditør for Fylkesbåtane her?

- Ja, eg var ekspeditør like til at vi fekk vegen. Men då fekk eg oppsigelse, når vegen vart gjennom slegen.

Kor tid omtrent begynte du?

- Ja, eg begynte i 1926, tenkjer eg at det var. For eg gjekk yrkesskulen og måtte slutte, for eg skulle overta postopneriet her i Norddalsfjorden.

- Då tok eg over ekspedisjonen etter far min og. Det var han som hadde den før, men nå var han så gammal. Han var no av og til med og rodde, det var han, men eg var nå for det meste aleine.

 

 

Gå med eigen båt til Florø.

- Og så begynte du med din eigen båt å gå til Florø?

- Ja, eg dreiv nå fiske eit år. Men då eg kom heim att var det at eg sette lugar på båten. Det var ein 14 hestar Giron eg hadde, og han gjorde god fart. Det gjekk nå fint, men det var så lite eg tok, at det vart ikkje noko ut av det.

- Du gjekk i passasjertrafikk til Florø?

- Ja, eg hadde mange folk, men stundom var det lite. Så det vart ikkje noko som ville svare seg for meg. Dessutan måtte eg kjøpe meg redningsvestar til å ha på disse folka som var med.

- Og det var folk og det var varer?

- Ja, det var nå lite, men inni mellom kunne det være nokon ja. Det kunne det.

- Kva kosta det å reise til Florø den gongen?

- Ja, det var vel ein 2 kronar og noko slikt. Mykje for lite vart det, men folk hadde ikkje nokon pengar då. Det hadde dei ikkje, så eg fekk ikkje noko meir

- Kan du kanskje fortelje litt om kor det var å reise til Bergen, i din barne- og ungdomstid?

  .


Balder

 

- Eg reiste nå mange gonger inn til Bergen. Eit par år reiste eg inn til Bergen som handelsmann. Eg snakka med bykarane for å "publiserte" på varane, for å få dei nokså billeg. Dei var ikkje så urimeleg, dei ville gjerne selje dei og. Og eg ville nå kjøpe noko, sidan eg reiste nå inn. Eg hadde no gjerne fare for frakta.

- Kor lang tid gjekk det Florø – Bergen?

- Eg låg ei natt i Bergen, og så reiste eg tilbake om kvelden igjen.

- Kva kosta det med Fylkesbåtane den gongen, å reise Florø – Bergen?

- Då eg vart ekspeditør gjekk eg på halv frakt, og då var det ikkje så mykje. Eg kan ikkje hugse det nå… , men det var nå vell ein 10-15 kronar i halv frakt. Men det var nå billeg, det var det ja.

 

Dramatisk tur til Bergen under krigen.

- Kan du fortelje om eit eller anna slag av dramatiske ting, når du reiste med båten for eksempel ,under krigen?

- Ja, under krigen. Då måtte vi ofte legge oss opp på ei vik for å sjå seg om, for å verte fri tyskaren. Han var nå etter oss, ser du.

- Det var ein kveld vi skulle reise ein heil del med ein lastebåt til Bergen. Eg kom til Florø og skulle være med den lastebåten. Det var ein stor båt. Han var frå Måløy. Mens vi sat ut på ekspeditør kontoret, då kom der telefonbeskjed om at der var sett ein undervassbåt i Frøysjøen. Dei ville ikkje råde oss til å reise til Bergen den kvelden.

- Då kom nå båten og vi sa dette med han. "Ja, vi går indre leia, inni fjorden. Han er ikkje så langt inne, at vi går fri han. Og vi går med sløkte landterner, og då kan han ikkje sjå oss så godt. Han ligg sjølvsagt lenger uti sjøen," sa disse her karane. "Ja, ja," sa dei uti Florø. "Dei vil gå," seier skipperen. Og vi gjekk og vi såg ingen ting. Vi kom inn til Bergen og då vart vi stoppa ute på Lille – Bergen. Der måtte vi legge båten for å ta bil inn til Bergen. Det var utlagt miner heile vegen, inn i Bergen, og vi fekk ikkje lov til å gå lenger.

- Vi køyrde inn til eit hotell, der inn i Stranda. I tretida om natta kom der flyalarm. Vi måtte springe, omtrent nakne, i kjellaren, for å sitte der ein par timar, før det kom avringing igjen. Då vart vi glade. Vi kledde på oss uten å legge oss igjen, men gjekk opp for å sjå oss om.

- Vi hadde med ein heil del med laks frå Stavang, og der rundt. Den låg i bilen, og han var ikkje teken. Vi selte han, og fekk god pris for den laksen. Så det gjekk fint.

- Vi skulle ta varer heim igjen. Det var handelsmennene som hadde leigd den skøyta i frå Stavøya, ei stor fiskeskøyte. Der hadde vi mjøl og alle mulige kolonivarer. Eg hadde "vaktens snelle", som vi seier. Eg tok nå ein masse mjøl heim.

- Når vi kom på Håøya vart vi omsett igjen ja, kva vi hadde i skutene. Men eg hadde Reiber Friele Søner, og eg skulle ha eit fat sirup. Det var over 300 kilo, og strandgata var stengt av tyskaren, så dei visste ikkje å få det om bord. 

 

  - Så sa eg det: "Kan dykk ikkje køyre utover nakkane, der sørpå, utover der." Ja, dei stod og lurte ei stund: "Jammen Fylkeskaia er stengd." "Eg skal få Riberg, som eg kjenner godt, til å ta inn denne sirupstønna ved kaia hans. Det skal gå fint," sa eg. "Eg skal være der i den tida som vi bestemmer nå, og eg skal ha ein bil med me mjøl.

- Det blir lossa der på same tid." Ja, det var greitt det, vis eg ville ta ansvaret for det. Og det ville eg, for eg reiste med, og eg ville ha det med tilbake.

- Skøyta kom opp til Fylkeskaia, for ho visste ikkje om dette her, som vi hadde snakka om. Og eg gjekk ut for å få henne inn. Disse karane ved Riberg, dei ville ikkje hjelpe til eller noko, dei ville ikkje ha noko med det å gjere, for det var ulovleg. "Ja," sa eg. "Det er ulovleg, men det er berre å opne døra så at vi får det ned alt sama." Vi måtte ta sirupsfatet langt ned igjennom lasta, for sirup var ulovleg. Dei hadde ikkje lov å sende ut sirup, for det var så lite. Men vi la mjøl oppå og detta gjekk fint.

- Då vi kom ut på Håøya, som vi var visiterte, var der nokon tyskarar. Eg hadde ikkje pass med heller, det var det verste. Eg hadde ikkje pass og eg kunne ikkje møte opp heller. Men tyskarane ute på Håøya, dei spurte ikkje etter pass dei. Og eg måtte fram som hadde papirar på det, for å svare. Eg sa at eg hadde fått lov til å kjøpe det og det er mitt alt sama, og eg skal ha det heim.

- Det var nokon i frå Stavang som var der samtidig, men dei hadde så lite at dei vart omtrent ikkje visitert. Tyskarane ville ha papira. Det fekk dei. Dei var no svært rimelege den gongen, tyskarane. Vi kom oss heim med lasten.

- Eg hadde motorbåten min liggjande ute ved Stavang. Der lossa eg opp alt mitt, og tok det på båten. Eg var ikkje før komen hit att her i Norddalsfjorden før ho Sundal Skorpen kom til meg og ville ha mjøl. Ho hadde vore i Florø dagen før, men der fanst ikkje mjøl i heile Florø. Ho såg det at eg var lasta med ein båt med mjøl, og nå måtte ho få mjøl sidan ho ikkje hadde noko. "Ja, mjøl skal du få," sa eg. "Har du kort så skal du få mjøl. For eg har kjøpt og betalt det, og mjøl skal du få." Og ho for med mykje mjøl, for ho hadde vore mjøl lause lenge. Ho Laura Sundal Skorpen, som var jordmor.

- Så den turen gjekk fint den, forstår du. Det var den einaste turen eg gjorde til Bergen for å kjøpe inn varer. Då hadde vi skøyta borte frå Stavøya.