Side 1 2 3 4 5

"Han Per med sjøna".

Reise.

Vi rodde om natta.

Første motorbåten i Norddalsfjorden.

Dramatisk tur til Bergen under krigen.

Gå med eigen båt til Florø.

Fylkesbåtane vart sett inn.

Flobrauta.

Ishud.

Å gå utover fjordisen for å møte rutebåten og hente varer.

Reiste mykje med ved.

Sprengde is med dynamitt.

Sirupsfatet.

Eit slit å få varene fram.

Til Haukåa på ski for å hente posten.

Vi gjekk på skule 14 dagar i gongen.

Leikar.

Skulevegen.

Vi hadde fire kvernar.

Vi mol mais og havre.

Flatbrødbaking.

Vi rodde og segla.

På bua hadde eg varene.

Det var tungt arbeid å få varene opp på bua.



Reiste mykje med ved.

- Nå tenkjer eg på leia mellom Solheimsøyra og Florø: Det var jo ikkje noko fyr i heile fjorden og det måtte vel være vanskeleg, når du reiste om kvelden, å kunne finne fram skikkeleg?

- Å jau, vi var godt kjente, så vi greidde det fint! Det var ofte at vi trefte på at det var månelyst. Vi rodde i månelyset og det var fint å komme seg fram med vedlastene. Da rodde vi aldri feil!

- Du reiste med famneved vide omkring? Til Kinn, har eg høyrt?

- Ja, til Kinn. Det var eit år det var bestemt at Norddalsfjorden skulle levere ved til alle skular og kyrkjer, rundt om i gamle Bru Herred, og Kinn. Og da var det eg utav Norddalsfjorden, som hadde mest vedutførsel. Eg hadde båt og eg blei sett til å køyre rundt om.

- Då var eg på Kinn med tre last ved. Eit til Einar, eit til Magnussen og eit til skulen. Det var 25 mål ved i det heile.

- Og så var eg i Svortevika. I Stavang var eg og med eit par last med ved. Så eg hadde ein heil sjanse om sommaren til å fera på veden. Eg hadde ein stor båt som tok ein 7-8 mål. Det var ein 14 hestar Gideon.

- Kor tid , omtrent , var dette her?

- Årstalet?

 - Ja.

- Ja, det kan eg ikkje svare på. For alle mine papirar vart oppbrende, så eg kan ikkje hugse noko slag. Det kan eg ikkje.

- Men det var nå den gode tida etter at folk fekk noko pengar, etter krigen. Dei kjøpte mykje ved til brensel, det gjorde dei. Årstalet kan eg ikkje svare på nei…

 

Å gå utover fjordisen for å møte rutebåten og hente varer.

- Elles så er det jo ein mengde ting du kan fortelje frå du var ekspeditør. For eksempel, når båten gjekk berre eit stykke inn i fjorden om vinteren. Og det som dykk då måtte igjennom, for å komme ut til båten på isen.
Kvamsøy.

- Ja, det var mange gonger det at vi gjekk ut i Borodden, det var 7 kilometer ut. Vi gjekk på ski og det var ofte store hol på isen, vindhol, som vi seier. Vi kom der ei natt, forstår du. La litt ut på det for å kjenne om det var is alt. Men nei!

 

  - Eg gjekk i 6 tida om morgonen for å ekspedere båten ute ved Borodden. Eg var heilt aleine. Eg gjekk over mange vindhol. For hadde det vore ope, og ikkje fryse på, hadde eg gått igjennom og leie der daude. Men det var frøse litt og eg gjekk fort over. Eg gjekk ikkje å såg etter hola. Eg gjekk fort for å komme meg ut.


Sendingen.

- Men då eg kom inn att, då såg eg at eg hadde gått over mange hol som var gjennomvatna. Då hadde eg trakka snøen så langt ned at den var gjennomvatna. Då viste hola greitt.

- Såleis er det når du går der aleine og ikkje veit betre, uvitande. Det er ofte farleg.

 

Ishud.

- Korleis fekk dykk varene inn på den tida?

- Når vi skulle få bringe varer så tok vi så mykje i gongen at vi hadde ein par til halv anna månad, skjønnar du. Vi kunne ikkje få bringe inn varer den gongen, det var umuleg å ta inn den gongen. Båtane, det var ein slik liten "tresko", som vi hadde, som gjekk på fjorden.

- Eg braut ofte isen med min båt, når eg brukte "ishud" på han. Då gjekk eg ein tomme is, ein halv anna tomme is, når eg hadde "ishud" på båten. Og det måtte eg koste meg. Og då gjekk eg så det berre skrangla for båten, ser du!

- Eg var ute å henta doktoren… Eg hugsar ikkje navnet på han nå. Så spør han kva slags båt det er og korleis han skal komme seg inn. Då seier han fyren som skulle få doktoren ned: "Denne båten hans "Per med sjøen", han har nå ei svære "ishud" på han." "Ja, men helder den?" sa dokteren. "Ja, eg har nå gått mykje is med han, så det trur eg er i orden."

- Han gjekk i lugaren og la seg. Han var søvnig, for han hadde vakt og hadde vore ute. Då vi kom inn til Borodden då kjem isen. Då skrangla det så for båten at han trudde det var hans siste time. Doktoren springer ut av lugaren og att i gongen og trudde at hans siste time var komen. Det skrangla så utfor båten at han vart aldeles nervøs. Eg sa det med han at han fekk berre ta det med ro. For vi har nokon blekkplater for bauen til å verne, så det ikkje skal skjære hol.

- Då fortalde han om ein inni Førdesfjorden, inni Vevring, som gjekk i isen og skar båten sin med eit nu. Lensepumpa hans greidde ikkje det, han måtte pumpe, men han ville søkke ned. Nå trudde han at det var akkurat det same her og. At vi søkk ned. "Nei," sa eg. "Det skal du være sikker på, at det skal vi ikkje." "Du kan berre gå ut å legge deg, for den skranglinga kjem du til å høyre heile tida. Nå er det ein fem, seks kilometer igjen, før vi kjem inn til skulen, så du kan godt gå inn att å kvile deg. Vil du kome att i styrhuset til oss, så kan du godt det gjere. Vi er to mann i styrhuset, så her er plass, du kan godt kome inn att." "Ja, han "duste" nå litt, og så gjekk han i lugaren igjen.

 

  - Men når vi kom inn i isen, innafor Stongsneset, då vart det så svært med is, at då kom han att. Han ville nå sjå korleis det her var til. Der stod han like til vi kom til sjø`na. Han var nå glad for det at eg hadde "ishud".

- Og ut igjen slik slag. "Ja, nå er nå isen open, ser du. Om det er noko skrangel, det får nå våge seg. Det tåler vi, både eg og du," sa eg til han.

- Var det strengare og kaldare vintrar tidlegare enn nå, Per?

- Nå ja, det var mykje kaldare. Isen låg mykje lengre ut her og tjukkare var han. Så det var stor forskjell på det som er nå.

- Nå er det i grunn ikkje noko is, som det var før. Det er lite is som er gåande, ut igjennom fjorden her nå. Før kunne du kjøre han med ein 5-6 stykker. Like i Borodde.

- Kor langt er det til Borodden?

- Det er ein ca. 7 kilometer, tenkjer eg. 7 eller 8 kilometer her inne frå sjø`na.

- Då måtte vi gå to gonger. Vi gjekk morgon og kveld. Då måtte vi være ute å ta imot varene. Det var nokså mykje varer, både til folk og fe. Så då hadde vi fullt eiinga.

- Så søkk isen ned, det vart store vassfeller på han. Eikene gjekk under vann, omtrent. Og sledene flaut. Isen vart så nedbroten av snø og alt slikt, at då måtte vi legge om vegen ein anna plass. For å få varene inn altså.

- Og så måtte vi passe flobrauta. Flobrauta var ofte umuleg å komme på og av isen med hestar. Det var det ja! Vi måtte ofte hale varene rett opp frå kaiene, for flobrauta var så dårleg.

 

Flobrauta.

- Kva var eigentleg flobrauta?

- Flobrauta er slikt som når sjøen er flo, då går han langt opp. Då frys han sterk, mens sjøen er oppe. Men når han då fryser ned att, då ligg det tørt, og då blir ikkje det så sterkt, som det som ligg i sjøen. Det fryser ikkje så mykje som det som ligg på tørt land. Men så kjem det igjen fleire gonger og då fryser det litt etter kvart. Flobrauta ho vert aldri sterk, så vi kan ikkje køyre ho på flo sjø, anna enn på fjære. Då ligg ho tørr, og då kan ein køyre på henne. På flo kan ein nesten ikkje komme på, verken folk eller dyr.

- Ein gong så fortalde du det at du heldt på å drukne i flobrauta, Per?

- Ja, det var det at eg skulle gå inn på i flo, og så var det så dårleg flobraute at isen bar ikkje meg. Eg sprang til og gjekk ned med ein gong. Hadde eg ikkje hatt piggstaver, som eg la på tvert i hole, som eg stod i, så hadde eg gått under med ein gong altså. Men piggstave min hjelpte meg så at eg fekk hogge piggen ned i isen, og kravle meg opp. Eg la meg på magen og kraup såleis opp, ved å spenne. På ryggen hadde eg postprinsa, for eg var postmann då. Og det vart ikkje vått, for eg var ikkje heilt under. Eg var våt på heile magen og framover, men ryggen var tørr. Det vart ikkje skade på posten. Men hadde ikkje hatt staven og fått tvers over, så hadde eg leie der daude med ein gong. For det var så djupt at eg nådde ikkje botnen. På den måten berga eg meg, den gongen.

- Det var farlege greier den her flobrauta. For ein mann er den nokså umuleg å gå. Mange brukar å ta eit bord med seg og legger på stykket for å gå på. Men eg kunne ikkje drage på bord så langt ut på isen, som det var. Det var farlege greier.

- Og så fortalde du ein gong om at det var ein par hestar som heldt på å drukne ut i isen, når dykk skulle bore båten?

- Ja, det var to hestar som dei hadde seld opp i dalen. Og så skulle eg reise med båten, og båten visste i grunn ikkje at det skulle hestar om bord. Han var gått ein viss styrke i isen, men det var for lite. Vi køyrde hestane ut til, uten å prøve isen. Det var Atløy, som gjekk då. Han var nå god i isen òg. Men når begge hestane kom ut til båten, så begynte isen å gå ned, og vatnet over. Då var dei snare å fekk selen på ein hest, så dei fekk han i vinsjen. Men den andre måtte vi køyre der i frå og båten måtte til å stange lengre innover.

 

- Vi berga begge hestane. Den som vi fekk selen på, han gjekk noko ned i. Han var vel litt våt oppi sidene, men det var nå ikkje meir. Men han hin måtte vi køyre langt inn på isen og teke til å bryte. Vi fekk dei om bord begge to og det gjekk nå bra, like vell.

- Alle varer måtte dykk frakte på isen på den tid?

- Å ja då. Vi hadde ofte ein 4-5-6 seks økter, skjønar du. Vi køyrde, men vi måtte ha dei langt i frå ein annan. Sledane måtte vi spenne frå hestane, for å ha berre sledane bort til dampen. Så lasta vi inn på, for igjen å dra dei langt derifrå, ein par hundre meter, slik at ikkje isen gjekk ned. Det var ikkje så sterk is. Vi prøvde han, men det var ikkje råd til å gjere han sterkare enn den var. Men det gjekk nå bra, vi fekk det inn.

- Vi hadde vel ein 3-4 hundre kilo på kvar slede, og hesten. Det var ein 4-5 hestar ute og det var mykje arbeide med det, skjønar du, med å drage på sledar. Vi hadde tresko på beina, slike heil gåande tresko. Og det var ikkje mykje å gå på det heller. Og disse her små båtane var ikkje noko å sende inn på i istida.


Elevarbeid ved Solheim skule

- Kva heitte disse her båtane som gjekk her den gongen?

- Det var Kvamsøy og Vågsøy. Det var dei to minste båtane dei hadde og dei var ikkje noko… Det gjekk ikkje utan at dei måtte stange lenge for at folk skulle komme om bord.

- Ein gong eg kom med posten, var det så dårleg is, at dei ropte lang veg til meg: "Eg måtte ikkje komme!" For dei greidde ikkje kome inn til sterk is. Og då var det slitt ned på isen og isen var ikkje sterk under, den var begynt å vatne, søkke ned. "Eg ropte tilbake at dei skulle legge ned landgangen, sette tau i han og bitte han godt opp. Og så springer eg på ski på landgangen og hogger meg fast i båten. Det skal nok gå bra!" sa eg. " Det skal det nok." Ja, det gjorde dei og om bord kom eg.

- På same måten var det tilbake igjen. Eg måtte på landgangen og dei andre karane stod med tauet klart til å hive om meg, i tilfelle eg gjekk ned. Men det slapp eg. Såpass at eg greidde meg. "Ja, detta var voldsomt at du går på slik dårleg is." Men kva skal vi hen då, når dei sender inn så dårlege båtar? Så må vi gå.