Side 1 2 3 4 5

"Han Per med sjøna".

Reise.

Vi rodde om natta.

Første motorbåten i Norddalsfjorden.

Dramatisk tur til Bergen under krigen.

Gå med eigen båt til Florø.

Fylkesbåtane vart sett inn.

Flobrauta.

Ishud.

Å gå utover fjordisen for å møte rutebåten og hente varer.

Reiste mykje med ved.

Sprengde is med dynamitt.

Sirupsfatet.

Eit slit å få varene fram.

Til Haukåa på ski for å hente posten.

Vi gjekk på skule 14 dagar i gongen.

Leikar.

Skulevegen.

Vi hadde fire kvernar.

Vi mol mais og havre.

Flatbrødbaking.

Vi rodde og segla.

På bua hadde eg varene.

Det var tungt arbeid å få varene opp på bua.


Sprengde is med dynamitt.

- Det var aldri tale om å sette inn ein isbrytar her i Norddalsfjorden?

- Nei, vi hadde ein isbrytar ein par gonger. Men så fant dei ut at ekspeditørane skulle kjøpe en kasse dynamitt. Vegvesenet hadde masse varar som skulle inn, og dei skulle ha ein kasse dynamitt. Og då begynte vi utav i Nordalen og hogge små hol, som vi la i dynamitt og skaut opp heile vegen.

 

- Då hadde vi fått Stavenes, han var nå ein svær isbrytar. Men han greidde ingen ting , for isen var så tjukk, han var oppi ein 10-12 tommar.

- Den dynamitten slo høl ein meter rundt. Ei patron av gangen. På den måten arbeidde vi heie dagen, til om kvelden. Og då vi kom inn til kaia, var det omtrent kvelden. Då hadde vi brukt to kasser dynamitt.

- Såleis måtte vi bale igjennom livet. For å berge liv og mykje anna.

 

 

Sirupsfatet.

- Du fortalde ein gong om ein dramatisk ting: Om eit sirupsfat som gjekk til botnen, her ute. Kan du fortelje det her?

- Ja, så tok vi på isen eit sirupsfat på 300 kilo. Vi hadde ein slede som vi drog det på. Det var inn elva som var 1200 meter. Vi prøvde isen og vi syns den var så sterk at den skulle helde sirupsfatet og sleden. Men så sa eg det for sikker hets skuld: "Vi skal surre sirupsfatet godt på sleden. Om det er så at det går igjennom, så får vi sirupsfatet og sleden opp att." Og det gjorde vi.

- Vi kom omtrent, ein ca. 100 meter, trur eg. Då gjekk sirupsfatet og sleden igjennom isen og til botnen. Ja, då var det spørsmål om kva dei skulle gjera. Så fant vi ut det at det var omtrent 100 meter å hogge isen til land. Så måtte vi då køyre inn heile øyna, som vi seier. Få ein hest, og køyre inn heile øyna, opp Solheimsvatnet og ned att til sjøen.

 

 

  - Vi hogg då ei råk i isen og bort til lands. Ein dregg fekk vi ned i sleden og fekk dratt han opp slik at han omtrent flaut imot land. Då vart vi klar over att vi måtte ha ein hest. Eg gjekk innover til "sjøen", for å høyre om det var folk nede i frå Solheim, som hadde hest som vi kunne få låne.

- Da var vi så heldige at det var ein som var nede med hest. Vi fekk låne hesten, men han ville ikkje køyre sjølv. Men så var det ein ivrige kar, han sa han skulle køyre. Han kom med malm, skjønar du, ein lang veg.

- Vi var mange mann som var med å hjelpe og vi fekk drage fatet oppi uviga mark. Så eg fekk sirupsfatet heim. Det gjekk heile dagen for meg, med hest og ein 3-4 karar, minst. Såleisen måtte vi bale før vegen kom. Det kosta mykje det og. Berre fordi vi hadde dårlege båtar og ikkje vegar.

 

Eit slit å få varene fram.

- Kor lange tid omtrent var det at isen låg, kvar vinter?

- Ja, han kom nå i november månad, og så låg han ein par månader etter jul, ut i gjennom fjorden. Eg kan ikkje seie det akkurat, men vart det mykje regn og levær, så gjekk det nå fort. Da elvane kom, rydda dei fort. Men elles så låg han lenge. Det var ei stor plage.

- Men vi måtte nå bale slik, ta varer utav yste fjorden og inn, frå Borodden og inn. Det er ein ca. 7 kilometer inn derifrå, og ikkje veg. Nei, då… Og ikkje noko land som det er råd til å gå og arbeide etter heller. Nei, det var høge hamrar og nakkar.

- Når du snakkar om elva her nede på Solheimsøyra, så tenkjer du på lakselva. Du tenkjer på elva som renner ifrå Solheimsvatnet og ned. Og som lagar straum ut igjennom eit stykke her i indre del av fjorden. Er det ikkje det sånn å forstå?

- Jau, det er det! Det er Solheimselva som renner ned i frå Solheimsvatnet. Ho kan være voldsomt store, somme tider. Det er ikkje tale om å ro henne, vi må landgå med tau for å hale inn båtane. Det er fælt! Ho er ein kilometer, 1200 meter, utifrå kaia mi.

   

- Inn att til buene ved Solheimsøyra?

Ja, heilt inn til buene. Og då må vi ha tau.

- Eg kom av fiske ein gong og då måtte eg legge ut alle dei taua som eg hadde på torskegarna, for å hale inn båten. Då gjekk det, men då var vi 3 mann for å greie det. Men då var vi noko lasta med mjøl, som vi hadde med oss. Vi måtte landgå og så måtte vi hive ut dreggen for å få oss midt igjennom elva.


Per me`sjøna med oljepumpa.

Til Haukåa på ski for å hente posten.

- Du var postekspeditør her. Det måtte vel være vanskeleg av og til, og komme fram med posten i disse harde vintrane?

- Ja, det var ofte umuleg. Det var det, skjønnar du.

- Eg gjekk like i Haukå`na på ski. Og der hadde eg ein mann, han Per Straumsnes. Han hadde båten sin liggjande der om vintrane. Og honom leigde eg ut til Florø, med posten ut og inn.

- Skia tok eg på meg heime, og dei gjekk eg like i Haukå`na med.

 

  - Stundom gjekk eg landet og stundom gjekk eg isen, når den var sterk. Då var det fint å gå utover, men måtte eg gå landet då måtte du nesten seie opp. For det er ikkje godt å gå landet. Det kan du sjå når du køyrer bil utover nå.

- Det var voldsomt ja, det var det. Men det gjekk nå det og. For ingen ting, ingen ting! Eg hadde 6 kroner for at eg gjekk å henta posten frå Florø og inn. Det var ingen ting! Det var berre for å gjere folket og postvesenet ei god gjerning. Eg fekk ikkje eingong takk for det, då eg slutta.

 

Vi gjekk på skule 14 dagar i gongen.

- Når det gjelder laurdagen så er det slik at elevane på skulen, her i Norddalsfjorden og elles, har fri. Og det betyr det at dei går på skulen i fem dager i veka. Eg skulle gjerne vite korleis det var den gongen du Per, gjekk på skulen? Kor mange dagar, kor tid dykk gjekk eller korleis skuleordninga var, eigentleg? Kor lenge gjekk dykk på skulen kvar gong?

- Var det slik ordning at dykk hadde 14 dagar i gongen, og så var det fri? Var det slik?

- Ja, det var fjorten dagar i gongen . Og så hadde vi då fri i fjorten dagar. Då var han på ein annan plass og skulte. Og då var vi fri til han kom igjen om fjorten dagar.

- Og faga dokker? Når eg ser på, i våre dagar, så har jo ungane veldig mange fag på skulen. Korleis var det i din tid?

 

 

  - Nei, vi hadde jo leseboka, bibelhistoria og katekisma, som vi skulle lære noko utati, og noko inni.

- Og dykk måtte lære det godt utenatt?

- Ja, ein del ja. For eksempel så var det forklaringa. Den måtte vi lære utati. Leseboka var det "innvendes", vi måtte ha sett på henne litt då. Katekisma og: Det var ikkje alltid at vi hadde disse buda, men i dei dagane vi hadde det, då måtte vi kunne dei utati.

- Men matematikk hadde dykk vel og, altså rekning?

- Ja, rekning hadde vi og. Ein time for dagen.

- Hadde dykk religion kvar dag?

- Å ja, vi hadde det. Vi song om morgonen og vi song om kvelden. Eit vers. Det hente seg det at det var så mørkt då vi slutta, at vi måtte ta eit vers som vi kunne utati, å synge.

 

Leikar.

- Korleis var det med leikane i friminutta? Kva slags leikar brukte dykk?

- Å, vi hadde mange leikar. Det hadde vi ja: Siste par ut, slå på ringen, trebolar…Å vi hadde mange leikar, eg hugsar ikkje halvdelen.

- Når det var vinter, snø og is, var det ski og skøyter?

 

- Vi var på isen ja. Vi hadde både skøyter og ski då, så vi stod ned Øyrabakken, som vi seier. Og det var ein god skibakke, og då gjekk vi langt nedover Solheimsisen. Vi rente der på ski, når isen var god.