Side 1 2 3 4 5

"Han Per med sjøna".

Reise.

Vi rodde om natta.

Første motorbåten i Norddalsfjorden.

Dramatisk tur til Bergen under krigen.

Gå med eigen båt til Florø.

Fylkesbåtane vart sett inn.

Flobrauta.

Ishud.

Å gå utover fjordisen for å møte rutebåten og hente varer.

Reiste mykje med ved.

Sprengde is med dynamitt.

Sirupsfatet.

Eit slit å få varene fram.

Til Haukåa på ski for å hente posten.

Vi gjekk på skule 14 dagar i gongen.

Leikar.

Skulevegen.

Vi hadde fire kvernar.

Vi mol mais og havre.

Flatbrødbaking.

Vi rodde og segla.

På bua hadde eg varene.

Det var tungt arbeid å få varene opp på bua.

Skulevegen.

- Korleis var det med skulevegen? Det kan du gjerne fortelje litt om?

- Vi ned i frå Solheim vi måtte gå Mørkura, for å gå igjennom Store Mørkeholet og Litle Mørkehuset. Det siste var så lyst at det var ikkje noko. Men det gamle Mørkehuset, det var mørkt, så der måtte vi være forsiktig å gå igjennom. Elles så var det ingen køyreveg der, den gongen.

- Men det gjekk nå litt forskjellige slags historier, når det gjaldt Mørkeura, Mørkhusholet? Var dykk redde når dykk gjekk gjennom der?

- Å ja, var det seint om kvelden, vis vi var ein eller to, så var vi gjerne redde der. Dei sa at det lynte oppi, at det gjekk lyn inni den Mørkehola. Det var ein tusse, som var der. Eg hadde ikkje tru på det, men mange var redde for å gå der… Til dei såg lys, nederst i Mørkehola.

- Skulehuset, korleis var det?

- Ja, vi var på Midtbø`na, og skulte, hos han Henrik Midtbø. Det var eit stort hus, det var det nå. Men det var nå isolert dårleg, det måtte mykje fyring til, for at vi skulle greie oss. Det var kaldt om vinteren.

- Det var altså hos private dykk var og helt skule?

- Ja, då var det privat. Då var det fjorten dagar på Midtbø`na og fjorten dager på Solheim. På Solheim var det hos han Gjert Solheim.

- Men skulehuset på Midtbø`na, det kom mens du gjekk på skulen?

- Ja, det kom då til sist. Eg var der i nokre år på Øyrabakken, som vi sa.

- Det var vel svær stas det, når dykk fekk skulehus, tenkjer eg?

Jau, då var vi glad, ser du. Og der var det ein god skibakke, og alt der, på skulen. Så då hadde vi gjerne mykje fritt. Læraren ville nå gjerne sjå på kor gode vi var til å stå på ski, nedover dei bratte bakkane. Og renne på isen. Det gjekk fint det.

- Kven var det som hadde lengst skuleveg, den gongen?

- Det var vel Solheimingane, ned i Postvika, som vi seier, dei hadde lengste vegen. Ja, kan hende dei inn i Øyrane hadde lang òg. Dei to, som var frå Midtbø`n. Elles så var det nå fint.

- Men dykk gjekk alltid, det var ikkje slik at dykk rodde av og til?

- Nei, då… Det kunne nå hende at vi rodde Solheimsvatnet, men det var nå sjeldan.

- Kor lang tid brukte dykk på skulen?

- Ja, når vi gjekk så brukte vi ein 20 minuttar, eller noko slikt. Når vi gjekk Ura.

- Hadde dykk same læraren heile tida?

- Ja, vi hadde ein lærar og det var Høydalen.

- Og det var frå første klasse og så lenge som du gjekk?

- -Ja, eg hadde berre Høydalen i min tid, altså.

- Var det nokon fag som du likte betre enn andre, på skulen?

- Nei, det var omtrentleg det same. Det var nå å rekne og skrive, som var det viktigaste. Ja, sjølvsagt å lese utati, det måtte vi til med. Elles så var det rekning og skriving, som var det sværaste.

Vi hadde fire kvernar.

- Ja, Per. I våre dagar er det slik at vi berre går på butikken for å kjøper mjøl, oppvege i posar eller i sekkar. Alt klart, og heim for å bake. Men den gongen når du var barn og ungdom, så måtte dykk gå på kverna for å male kornet. Ikkje sant?

- Jau då, vi måtte det. Male heile natta, for ikkje stogge kverna, for vatnet minka ned igjen for kvar ei natt. Vi måtte demme opp for kvar dag, for å helde vatnet oppe.

- Vi mol nå nokon tønner for kvar natt som vi var oppe. Mjøl hadde vi i tønner som vi stampa med kjølve ned i, for å kunne ta mykje mjøl. Det gjekk fint! Og vatten hadde vi rikeleg av, når vi berre passa på at det ikkje gjekk noko til spille for oss.

- Og kverna den stod ved Kvennaelva?

- Ja, ho stod med kvernakallen på. Den måtte vi av og til ned å smøre, for at det ville gå seg heitt i lageret. Då kunne vi snart brenne opp heile kvernhuset. Men det gjekk fint!

- Vi hadde mykje moro med det ja.

- Var det fleire kvernar opp på Solheim, langs med Kvennaelva?

- Ja, då. Det er, ein, to, tre… Vi har fire kvernar med vår kvern, men det er ei som er heilt ut av funksjon. Det har vore fire i gamle dagar, men nå er det berre tre som er i orden. Den andre er gått ut.

 

  - Og så måtte dykk gå opp til Kvennavatnet for å løyse opp demninga, og få vatnet ut og slikt. Ikkje sant?

- Jau, vi måtte gå opp Kvennafossen, som vi sa. Og det var langt og farleg å gå, opp igjennom dei kleivane og opp. Der hadde vi ein stor demning oppå fjellet, som vi tok opp.

- Så måtte vi gå ned igjen same fossen. Det var ofte det at vi fekk fossen ut over oss, når vi hadde for mykje på. Då vart vi våte og vi måtte være snare å springe bort igjennom fjellet der. Slik at vi kom oss ned, sånn halvvegs skjortevåt.

- Var det veldig bratt opp igjennom der?

Ja, det var stupande fjellet, opp igjennom fossen der, skjønar du. Vi måtte krabbe oss opp med nevane, opp igjennom. Det var vanskeleg å gå i sko, vi måtte helst gå barføtte for klamre seg opp igjennom dei skårane i fjellet. Det var nokså farleg. I alle fall når vatnet kom ut over deg. Då måtte du være nokså hastig, og då var det farlegaste.

- Kor gamal var du då du begynte med å gå opp der og løyse vatnet?

- Ja, eg trur nok ikkje at eg var skikkeleg konfirmerte, kan hende det var i dei tider ja.

- Eg gjekk tidleg opp der etter geiter òg, same vegen. Då var eg eigentleg konfirmert, då eg gjekk etter geiter. Eg gjekk opp og ned der, skjønar du. Og dei henta vi heim, kveld og morgon, for å mjølke og stae dei.

 

Vi mol mais og havre.

- Kva slags korn var det dykk mol?

- Vi mol mais, den kjøpte vi. Og havre, den hadde vi sjølv. Og så blanda vi mais og havre, og kanskje litt bygg i saman.

 

  - Det vart ypparleg god graut, og gode kaker, utav dei tre mjøl sortane, som vi blanda i saman. Det var god mat ja. Det er anna enn no, som det er berre "fes", alt saman.

- Havre, den dyrka dykk på garden?

- Ja da, den dyrka vi på garden. Svære, store havre og åkrar som var over eit mål jord. Vi arbeide med det og det bar godt av jorda.

 

Flatbrødbaking.

- Bakte dykk brød?

- Å ja flattbrød…. Det bakte vi voldsomt. Når det lei fram til jul så hadde vi tre bakste kjerringer, som bakte flattbrød. Det var ho Maria Midtbø, og så ho i Myrene og på Indre Tåa. Vi hadde tre kjerringer og dei bakte flattbrød i fleire dagar. Det var godt flattbrød, mjukt og godt. Noko var hardt og noko bakte dei mjukt, men det var fine greier. Dei baka lefse ut av dei til jul, og det var noko som smakte ein mann.

- Og dette var i tida før komfyrane kom?

- Ja, det var det ja.

- Så gjærbakst det kjende du ikkje før du var voksen?

- Ja, det var omtrent like inn i skulealderen det. Vi gjekk i skulen då.

 

  - Men dei bakte år etter år, etter år, som eg kan hugse skjønnar du. Omtrent like til krigen kom, då vart det så sei ingen ting.

- Kor oppbevarte dykk flattbrød hen?

- Det hadde vi på stabburet, som vi sa. Vi hadde eige hus til å ha maten på. Det var ikkje så stort, men eit godt hus. Der hadde vi brød, kjøtt og alt slikt, ned på stabburet. Det var omtrentleg pakka med mat. Så det var eit godt hus å komma til.

- Spekekjøtt og salta kjøtt?

- Spekekjøtt og salta kjøtt ja. Salta kjøtt i tønner. Det hadde vi.

- Det var ofte vi slakta to grisar for året, for å få nok mat til folket. Vi var mange karar og ein del kvinnfolk. Vi hadde stor jord.

Vi rodde og segla.

- Kor var det med å reise tidlegare? Det var å gå og det var å ro, vell, stort sett?

- Ja, vi hadde båtar i vatten, og vi hadde båtar på sjøen, og vi rodde på Flora. Vi hadde både femkeiping og færing og alt, det var tre sortar båtar.

- Der rodde vi på Flora, famneved og anna. Då var vi ein tre karar med. Det var ofte det om kveldane og natta, at det vart austavinn, så at vi fekk segle. Når vi kom ut om Borodden, så fekk vi segle.

- Og så om kvelden, inn att, då vart det omtrentleg, jamt vestavind. Då sette vi på Storsegla og det fossa omkring båten, fordi det gjekk så godt.

- Kva slags andre varar var det at dykk reiser med, enn famneved?

- Det var nå hovudsaklege famneved vi reiste med. Vi kunne av og til ha eit levande beist, men det var nå skjeldan. Men vi hadde nå kassar og tønner.

  - Når dykk skulle reise til Bergen, for eksempel. Korleis kom dykk dokker til Florø til Bergen?

- Med båt?

- Ja.

- Nei, det var ikkje eg med på, men far min var med på det. Og dei reiste med femkeipingen, med levande beist til Bergen. Men det gjekk nå det og. Det var ein femkeiping, den var nå ikkje så store, men dei rodde og dei segla med den.

- Kan du hugse når dykk begynte å bruke motor i båtane her?

- Nei, det kan eg nå ikkje gjere, men eg veit dei som fekk motorar. Det var han Per Straumsnes og Matta Nordal. Dei var dei fyrste som fekk motor i båtane sine. Etterpå kom han Andreas på Nordalen med ein motor.

 

På bua hadde eg varene.

- Ja, her nede for huset dokker så har vi den gamle bua, ståande framleis. Den er nokså gammal, 70-80 år tenkje eg. Kan det stemme?

- Ja, eg kan ikkje nettopp svare på det, men ho er nå gammal. For den har eg hatt då eg var ekspeditør i min tid, altså. Då hadde eg den bua til å ha varer på, som kom med fylkesbåtane inn. Det var nå før min tid, det trur eg sikkert at den var ja. Ho var bygd før, men eg kan ikkje nettopp seie årstalet.

- Kva slags varer var det at du hadde på bua?

- Og det var mange sortar. Det var mjøl, sukker, sirup og alt mulig som eksisterte.

 

  - Eg hadde ein femkeiping og den tok ein tyve sekker med mjøl. Den hadde eg ofte fullasta og eg skulle ro inn att den elva, i stri straum. Det var ein kilometer å ro i frå dampen, då hadde ikkje eg kai, men nå har eg nå fått kaia. Men når eg kom inn på Kyljene, som vi seier, då var det på lag "atte bær" inn.

- Eg veit ikkje om alle forstår "atte bær"?

 - Det var at inn med landet så gjekk straumen inn og då la eg meg mykje til å kvile årane. Dei var oppi ein fire og fem, alle. Det var tungt å ro med dei, men då la eg meg ofte til å kvile elva til vi kom inn for elva sikle. Ho bar alltid ut, og då måtte eg være snar og ta årane og få fart på båten, så han skar igjennom den der elva sikla.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det var tungt arbeid å få varene opp på bua.

- Korleis gjorde du når du tok varer opp på bua?

- Når eg var aleine så måtte eg springe ned på båten og slå på ein sekk, og så opp og hive han opp. Og når eg hadde fått han opp, så måtte eg drage han bort for bua golvet, og til kamp ja. Og så ned att og slå på, og opp igjen og hive opp. På den måten gjekk det til at eg fekk opp tyve sekker. Det var travelt og tungt.

- Men ofte kunne eg være heldige, det kunne være ein mann eller to, som var nede og venta noko, og dei fekk eg alltid til å hjelpe meg, når det var så mykje. Og det gjekk fint.

- Når du seier det å hive opp. Kva meiner du med det?

- Hive opp, det er det du binner opp. Du har ei stor binde, forstår du, og bindestokk, og så hiver du opp mjøl i dette der.

Stomp: brød

  - Det hente det at du var aleine om dette arbeidet?

- Ja, det var ofte det! Det kunne hende seg det at det var nokon som var nede og venta eit lite med dampen, og då kom han ned og hjelpte meg å få mjølet opp på bua.

- Kva for ein av disse fylkesbåtane, som du hadde med å gjere, var den eldste?

- Det var nå Balder som gjekk inn her, som regel. I dei dager. Nå er det nå forskjellige båtar som går inn. Både store og små.

- Kan du seie litt meir om Balder?

- Balder, det var ein svære, god båt. Det var den.

- Som gjekk med kol?

- Ja, han gjekk med kol. En del ut av det var nå, så om så.