Side 2

Sildeinnsiga er ujamne.

Titran-ulukka i 1899. 

Båtmotoren kjem.

Båten som skulle gå på tvert.

Sildeåret 1928/29.

Tida for silde-innsiga.

Omsetnad.

Ny sildoljefabrikk.

Føring av sild.

Livet på hamna og på sjøen sett frå Storåsen.

Ein tur med rutebåten gjennom sunda i Kinn.

Livet i byen.

Det kom vel med at konene òg hadde lært sjømannskap.

Og gamle minner dukkar fram...

Sildoljen.

Ny leiar.

Tang til tangmjøl.

Ny generasjon overtek.



Båtmotoren kjem.

Ved hundreårsskiftet kom båtmotoren i bruk. Drivstoffet var her petroleum. Dei første tiåra etter hundreårsskiftet var det kome slike fiskebåtar rundt om i øyane. Somme sette motor i gamle storbåtar og slagkeipingar. Andre fekk seg båtar for motor, somme opne båtar, andre med dekk. Det var ikkje større kostnader enn at modige fiskarar greidde det. Desse farkostane var billigare I drift og snauare til ymse fiske og trong mindre mannskap. Med dampskip og motorfarty kunne fiskaren no flytte på seg i større monn enn før. Det kunne fylgje silda frå Kristiansund i nord til Egersund i sør. sildeinnsiga kom eitt år her, eit anna der. Og så kunne silda komme mot land til ulike tider. Fiskarane kunne no "fylgje silda" i fleire veker. 

Drivgarnsskøytene hadde etter måten snau utrustnad: Ei garnlenkje på 20-30 garn den gongen, stjerta, tjukk taukabel, kaggetau og kaggar (seinare blåser). Mot kvelden sette det lenkja ut. Det sette lenkje "på vonas, som det ofte sa. Det hadde ikkje ekkolodd å leite silda opp med. Syner av fugl og kval kunne gje et viss "peiling.. Mens lenkja stod, og både lenkja og båten dreiv med vind og straum, slengde karane uti fiskesnøret og prøvde seg etter seien. Det fylgde ofte sel med sildestimane og somme stader torsk. Det var ikkje alle som brydde seg så mykje om å fiske. Det tykte det var godt å sove. Derfor gjekk ikkje seifisket inn i felles fangst. Kvar blar hadde sitt og selde fangsten. 

Med motordrifta fylgde og drift av eit spel. Linespel var det først kalla. Det var brukt til å hale opp det tunge ilane og til å dra lina. Ved drivgarnsfisket vart det nytta til å hale inn kabelen med etter kvart som ein drog inn garnlenkja. Til å dra garnlenkja brukte det ein garnrull som ein sveiva rundt med sveiv. Det kunne vere ein strid jobb, men rullen letta mykje slitet med å dra garna. På drivskøytene var det 6 mann eller meir. Ein kar stod framme ved baugen. Ein stod ved linespelet. Ein stod ved rullen og sveiva. Eit par karar sleit i garna og rista silda av etter kvart. Silda vart rista ned i rommet. Mellom lukekarmane til lasterommet var lagt ei trerist. Gjennom rista sila silda ned i rommet. 

Landnotfolket tok og i bruk nye og større båtar og nytt utstyr, nye spel. Det kom i bruk ei heilt ny form for notbåt, gavlbåten. Den hadde motordrifta framme med plass til stor not bak motorhuset og styrhuset.

 Tvert over gavlen bak stod ein rull med kantfjøler liksom sveivrullen på drivskøytene. Desse tok godt tak nota. Rullen dreiv ein rundt med stakar. Det var lettare enn å dra inn nota med hendene som i gamle dagar. Gavlbåten var og spelbåt, og kunne dra nota saman mot land. Med denne motorgavlen gjekk det fort å køyre nota ut i sjøen. 

Før i tida brukte basen eit blylodd i ei snor (messingtråd) til å leite seg fram til sildedottane. No fekk han eit fint instrument som han kunne sjå sildedottane i sjøen med. Instrumentet plasserte han i ein høveleg båt med motor i. Då greidde basen seg utan roar. Båten vart kalla reit og sleit loddebåten. Instrumentet vart kalla ekkolodd. Gjennom dette ekkoloddet kunne ein og lese profilane på havbotnen. Det hadde ein nytte av under navigasjon og. 

Denne loddebåten med ekkoloddet fekk enda meir åsete for snurpefisket. Loddebåten kunne fare fort og vide ut over sjøen og leite seg fram til sildedottane. Med svære reiskapar til å fange silda med, store, lange og djupe snurpenøter, kunne ein fange inn tusen av hektoliter sild. Det var på amerikakysten del tok til å bruke snurpenot i slutten av 1800-talet. Hit kom ho først ikring 1900-talet. Notlengda kan vere oppi 300-400 famnar og djupna 50 famnar. Nota har "fløyt" og "søkk" som vanleg not. Men i "grunnen" er festa ringar av metall, snurperingar, som snurpelina går gjennom og som når opp på sjøen i begge endane av nota. Nota ligg i to notbåtar (motordoryar). Når sildedottane er funnen, går begge notbåtane rundt sildedotten, kvar sin veg rundt. Når nota står i ein ring, dreg karane I begge notbåtane i snurpelina og snurpar nota saman i botnen, så ho vert ein veldig stor pose. Nota med notbåtane vert så hala inn til sida på snurpebåten, som er moderskipet. Her vert silda hova om bord med ein svær hov, kalla patenthov. Hoven stengjer opninga i botnen når han er fylt med sild, og spelet rykkjer i snora og tek til å helse hoven opp or sjøen. Når hoven stoggar over lasterommet, opnar botnen seg på ny ved eit rykk, og silda sturtar i rommet på snurpebåten. Er det vind og sterk straum, må ofte eit hjelpefarty komme til, ta tamp i snurpebåten og halde han opp mot veret, så nota ikkje rek saman og lagar vanskar for lastinga. 

 

aalen.JPG (70231 byte)
Bilete syner båten som Ålen eksperimenterte med.

Båten som skulle gå på tvert.

Bruken av hjelpefarty inspirerte ein sunnfjording (Olav Ålen frå Vevring) til å montere ein propell som skulle drive fartyet fram på tvert. Propellen stod i samband med motoren, men gjekk ut på eine sida. Det vart første båten som gjekk på "tvert". I dag er dette ikkje noko uvanleg. Oppfinnaren makta ikkje å få oppfinninga heilt fram, men andre fiska opp metoden og brukte han. Han vert brukt særleg på store skip. 

Etter krigen (1940-1945) var det ei rivande utvikling reint teknisk. Dette kom i stor mon fiskeflåten til nytte. 
Det vart laga radioapparat som høvde i fiskefartya. Der var både sendar- og mottakarapparat. Frå båt til båt kunne karane prate og frette om sild og sildefangstar. Frå sjøen kunne dei ta kontakt med land og gi meldingar og ta mot meldingar Dei kunne såleis sende førehandsmelding om fangst. Heime kunne familien sitje og lytte på praten på "fiskebølgjene". Det var både spanande og interessant Det utarta og til det reine tøvet og maset. Ofte vart det til heft og plage for dei som hadde turvande og viktige meldingar.

I dag har alt dette utstyret som fylgde med snurpenota og vorte avlegs. Ringnota er komen i staden. Det var Torgeir Torgeirsen frå Askøy som brukte henne første gongen uti Nordsjøen kring 1960-talet. Med ringnotsystemet tek ein nota på dekk på snurparen. Snurparen svingar rundt sildedotten og ringar inn silda med nota.

 

 Ein er fri plaga med to doryar når ein kjem ut i havbårene. Det var ofte store vanskar med å ta vare på båtane ute i sjøen. Motorspel: Motorkrafta vert ført frå reimskiva på motoren over reima og driv ei ny reimskive som er festa til ein stålaksel som ligg under dekk på fartyet. Her er eit tannhjul festa. Det er festa eitt til ein aksel som står loddrett. Til denne akselen er festa ei stor skive. På denne dreg ein liner og garn. Over er festa ei skive med mindre diameter. Med denne halar ein kabeltau t.d. 

Snurparane hadde stor plage med å halde not og sildefangst borte frå skipssida. Til dette nytta dei "hjelparar". Det var motorfarty som kom til hjelp med tau og strekte nota ut frå skipssida, så silda vart ståande i ein høveleg pose medan ein hova inn i fartyet med hov. Dette gav Olav Ålen frå Vevring idéen til å montere ein propell i snurpebåten, ein propell som skulle drive fartyet på tvert mot straum og vind. Fotoet ovanfor syner båten som Ålen eksperimenterte med patentet i. Det lukkast ikkje å fullføre prøvane. Rimelegvis vanta han pengar - og folk som hadde tru på "patentet". Seinare tok andre opp idéen og sette han ut i livet. No har mange farty slik propell montert til bruk under manøvrering i hamneområda. Dei nye kystrutene har slik propell, vert det sagt. Så andre har sikkert tent pengar på den idéen som Olav Ålen vart utarma på. 

haaving_av_sild.JPG (147558 byte)
Snurpebåten har gjort god fangst, og karane hovar ombord sild or nota. Her er brukt patenthåv, og håvinga går raskt. Ved eit lite rykk opnar botnen seg, så silda strøymer i rommet. (Større bilete, klikk på det!)

Sildeåret 1928/29.

Når noko kjem brått på, brukar vi gjerne å sete at "det kom som julafta på kjerringa". Dette året kan ein sete det om silda. Silda kom nærast på julafta. På høgtidsdagane kunne folk legge merke til at det var samla så mykje fugl, måse, på sunda og vikane. Måsen sumde, leita og stupte i eit vekk. Han flytte frå stad til stad. Det var greitt at noko stod føre. Notbasane fekk det mest som måsen. Det vart urolege. Det dreiv i kring på nakkane og såg. Det fekk ikkje reiteleg helgafred for desse "sildesynene" Ingen fall likevel for den nærliggjande freistinga å fare ut på sjøen med sildeloddet så lenge det var helg. Det ville då ikkje vere neit det same som "å dra eit asen opp av ein brønn i. Men tidleg tredjedags morgon fann far fram sildeloddet, og eg som var heime i juleferie då, laut vere med han og ro lettbåten. Silda stod på Kjøysundet. Ho stod teit og. Notbåten kom på sjøen. Og karane rodde til nothuset og tok not i båten. Gamle bestefar laut vere med, og Henrik, grannen. Det var vane karar, men gamle no. Det som var ille var at stornota synte seg å vere så alt for grunn. Silda smaug under nota. Det vart bomkast. Silda for og for begge endane. Nota var for stutt. Det var bomkast etter bomkast den dagen. Dette var då ergerleg Det var så mykje sild. Ut på ettermiddagen kom eit anna notlag til med større nøter. Då fekk vi endeleg saman fanga silda, og det vart eit bra sildesteng. Det framande laget drog sør over til Askvoll-distriktet. Der fekk det stenge sild ved Hinnøy. Vårt lag fekk då bod om å komme og hjelpe det å få silda inn til sikker stengjeplass.

 Silda stod ikkje noko i ro, men seig sør langs skjergarden. Det vart stengd sild mange stader. Sildeinnsiget det året fekk folk til å bu seg på nye sildeinnsig. Det oppdaga at landnota endå kunne vere å rekne med. Nøtene måtte gjerast både lenger og mykje djupare. Karane fekk seg tak i brukte snurpenøter. Desse laga det om til høvelege stengjenøter. Dette førde med seg at det fekk bruk for større notbåtar, motordrevne notbåtar. Det fekk bygd et ny type båtar som var tverre bak, så nota kunne rulle ut over ein mil der. Det vart kalla gavlbåtar. Med desse motordrivne notbåtane kunne det komme snøgt rundt sildedottane. Det uventa sildeinnsiget i 1929 førde til at landnotfolket fekk seg både betre notutstyr og båtutstyr. Moderne loddebåtar kom og i bruk i landnotbruket. 

Silda tok land att i 1933. Ho søkte då oppatt på det gamle sildevågane. Ho seig opp over Barekstevikane m.a. Der var sett eit stort sildesteng.

 

To steng vart sette forresten. Det største av eit framandt lag. Men det kom mykje landslut (notlag som tek tog i land og dreg sildesteng til land, pliktar å gi eigaren av eigedomen landslut. Det var 5 % av fangsten for storsild) på gardsbruka det året. Og det kom så vel med Det var som "manna i øydemarka i. Eigarane hadde nemleg i åra føråt hatt i gang ei utskifting i utmarka på søre luten av øya. Slik utskifting kostar mykje og det var ikkje så flust med pengar elles. Det er fortalt at med landslutpengane greidde karane å betale utlegga til utskiftinga. 

Silda seig under land no år etter år så å sete. Ho skifte reit nok på stadene. I 1936 seig det sildestimar inn på sund og vikar i Bataldøyane. Der vart sette store landnotsteng den vinteren. Januar var sildemånaden, men det var ikkje å stole på. Silda kunne kome til lands seinare, og ho kunne kome før. Det har vi alt lagt merke til. Bergens Tidende hadde 2. februar 1960 ei oversyn over tidene for sildeinnsiga gjennom ei rekkje år. Bladet tek til slik: "Seinaste sesongopning for sildefisket i dette hundreåret. No er med kome til 2. februar og storsildfiske er ikkje kome i gang. Når me ser burt frå sesongen 1941/42 hev ikkje sildefisket teke til 50 seint nokon sesong i dette hundreåret Og då var det krigshindringar og andre vanskar som spela inn so fiskarane fekk ikkje arbeida fritt, I 1912/13 tok fisket til 29. november på Griphavet. I 1913/14 same staden, 14. desember. 1915/16 på Sulehavet 20. november. 1916/17 på Haltenhavet 16. november. 1917/18 på Haltenhavet 7. desember. Frå gamalt hadde fiskarane rekna med desse ulike tider for sildeinnsiget og budde seg til å ta mot silda før jul. Då var landnøtene gjorde klare. Då var og drivgarnsfiskarane og snurpenotfiskarane klare til å ta mot silda. I mange vintrar torde fiskarane ikkje gi seg i ro over julehøgtida, men søkte til fiskedistrikt der det vona på sildeinnsig. Mange år var mange fiskefarty samla på Florevika når jula nærma seg. Og når kyrkjeklokkene ringde det nye året inn, mengde skipsfløytene seg i tonane som helsa det nye året velkome. Så var det å ligge og vente på silda. 

Så lenge krigen varde, var det både vanskeleg og farefullt å drive fiske ute på sjøen, ut om fjordgapa. Minefelt og drivminer skremde. Så var ikkje fiskarane så interesserte i å fiske "for tysken", som det sa. Det ville helst at tyskarane ikkje visst så mykje om sildefangstane. Vinteren 45/46 tok fisket seg skikkeleg oppatt. I 1948 vart det retteleg eit godt sildeår. Det året vart innleiinga til det store sildeevetyret i femtiåra. Folk la fort merke til det rike sildeinnsiga i det gamle Kinn. Atter kunne søringane sete: "Reis til Kinn og bli rik".