Side 3

Sildeinnsiga er ujamne.

Titran-ulukka i 1899. 

Båtmotoren kjem.

Båten som skulle gå på tvert.

Sildeåret 1928/29.

Tida for silde-innsiga.

Omsetnad.

Ny sildoljefabrikk.

Føring av sild.

Livet på hamna og på sjøen sett frå Storåsen.

Ein tur med rutebåten gjennom sunda i Kinn.

Livet i byen.

Det kom vel med at konene òg hadde lært sjømannskap.

Og gamle minner dukkar fram...

Sildoljen.

Ny leiar.

Tang til tangmjøl.

Ny generasjon overtek.

 

isar_sild.JPG (48843 byte)
Karane isar sild på Storkalen.

Tida for silde-innsiga.

 Storsilda kunne komme tidleg på vinteren. Ho kunne komme seint Det skifte noko. I ein tidbolk på 16 år kunne dette variere slik som er synt nedanfor: Første fangst teken:

 stavo.JPG (35239 byte)
Olav Stavø, sildekontoret personleg, i det eventyrlege, rike sildeåra 1950-57. Ofte var det lite søvn for karane på det kontoret.

  Første fangst teken: Total fangst det året:
1941  24.12. (1940)  2.306.187 hl.
1942 08.01. 2.724.774 hl.
1943 21.01. 2.456.119 hl.
1944 20.01. 3.226.719 hl.
1945 23.01. 3.736.661 hl.
1946 31.01. 3.845518 hl.
1947 27.01 5.314 734 hl.
1948 15.01 8.808 854 hl.
1949 13.01. 6.101 799 hl.
1950 21.01 8 293.607 hl.
1951 22.01 9548456 hl.
1952 17.01 8 822.2 9 hl.
1953 24.01 7.205.1 99 hl.
1954 16.01 11 744.410 hl.
1955 12.01 10 380.785 hl.
1956 14.01 13 321.064 hl.

Omsetnad.


Ei sak var å fiske, ei anna var å få omsett til ein skikkeleg pris. Så snart kjøpmennene merka at fangstane vart større, slo dei prisen ned. Om prisen på føremiddagen var rimeleg bra kunne den mot kvelden vere nede i inkjevetta. Skulle fiskarane nå fram til betre og stødigare tilhøve såleis, laut dei gå saman i lag. Slik vart då fiskarane sine lag (organisasjonar) til. Året 1927 vart Storsildlaget skipa. 1928 vart Stor- og Vårsildlaget skipa. 1936 vart desse laga slegne saman til eitt. Namnet vart Noregs Sildesalslag. Laget har etter lova einerett til førstehandsomsetnad av stor- og vårsild og organiserer omsetnaden, produserer og eksportere. Føremålet er å få gode og stabile prisar og sikre betalingsvilkår for silda. Sildelaget skipa 30-40 kontor langs kysten. Fiskarane melde fangst inn til kontoret i distriktet til Florø.
   Sildekontoret gir ordre om kvar fangsten skal leverast. Laget kasserar inn salssummen frå kjøparane og ordnar oppgjeret til fiskarane når sesongen er over. Hovudkontoret er i Bergen. Laget har eit representant skap på 112. Representantane kjem frå einskilde distrikt og reiskapsklassar. Laget har eit styre på 20 medlemer. Det har eit salsstyre som styrer med omsetnaden. Den første tillitsmannen ved kontoret her var Anders Hovland frå 1928. Etter han fylgde Anders Hammerseth, begge frå Askrova i Kinn. Så fylgde Reinhard Horn, frå Måløy. Under krigen kom Kåre Øvrebotten frå Bremanger til kontoret. Frå 1952 til kontoret vart nedlagt i 1973-74 styrte Olav Stavø det. Det var han som var tillitsmann der i Dei hektiske og rike sildeåra som er skrive om. Utanom salsstyret har laget to dotterselskap: A/S Sildefiskernes fabrikklag (som har ei rad sildemjøl-og sildoljefabrikkar langs heile kysten) og A/S Sildefiskernes eksportlag. 

gutar_plukkar_sild.JPG (47041 byte)
Gutar plukkar sild.
(Større bilete, klikk på det!)

Fellesføring av vintersild kom i gang sesongen 1953. Alle sildemjøl- og sildoljefabrikkar sluttar seg til A/L Fellesføring. A/L Fellesføring sine føre farty valde sjølv sine lastehamnar Florevika var ein slik lastehamn Her tok førefartya mot sild frå fiskefartya, mest frå snurparar, og førde silda for det meste til distrikta Bergen, Haugesund og Stavanger. På slike hamnar vart monterte overlastingsanlegg, somme på farty, andre på land på t.d kaiar, Etter kvart kom grabbar i bruk til overlastinga og. Folk i byen fann ut at her var det pengar å tene og kosta seg slike anlegg. Det kom elles mange karar innan frå bygdene og skipa seg i lossegjengar Med dei store sildemengdene som kom inn på hamna her, vart det etter kvart bruk for mange arbeidsfolk.

Året 1950 vart det meldt inn til kontoret her 2.264.561 hl. Silda kom frå: (Tal i hektoliter) 

Landnot  Snurp  Garn Trål
556.954 1.448.381  2.59. 373 210
 

Silda vart brukt slik: (Tal i hektoliter)

Eksport Salting Innlands bruk Hermetikk Fabrikksild Agn
77.954 10.908  5.127 20.743 672.110 396

Det året vart det sendt vidare til andre distrikt:
427.640 hl. Det meste var snurpesild. Prisen på snurpesild var kr. 15,94 pr. hl. Prisen på landnotsild var kr. 18,64 pr. hl. Året 1956 var det største silde-året i alt, -òg lokalt her, Då vart det meldt inn til kontoret her 3, 312.908 hl. vintersild. Av dette vart tilverka her på staden 864.182 hl. (103.532 hl. snurp). Det vart send vidare med A/L Fellesføring 1.782.586 hl. Attåt henta isbåtar og saltarar 522.840 hl., og snurpebåtar vart sende vidare med 243 hl. Det vart då vel fjerdeparten av den oppfiska silda ein vann på å tilverke i distriktet. Endå gjekk då 2 sildoljefabrikkar for fullt.

gutar_paa_land_med_sild.JPG (44069 byte)
Gutane vel på land med silda. 

Samanliknar ein så sildemengda som vart innmeldt til Florø sildekontor med total fangst kvart år for heile landet i ein 9-årsperiode - 1949-1957 så ser den slik ut: (Tal i hektoliter)
År: Total fangst i alt: Til Florekontoret: I prosent:
1949 6.100.000 1.373.000 22,51
1950 8.293.000 2.264.000 27,30
1951 9.548.000 1.751.000 18,33
1952 8.822.000 1.373.000 15,56
1953 7.205.000 1.814.000 25,17
1954 11.744.000 2.118.000 18,03
1955 10.380.000 2.921.000 28,14
1956 12.321.000 3.312.000 26,15
1957 8.554.000 1.239.000 14,48

Mengda av fangst som vart meldt inn til Noregs Sildesalslag sitt kontor her utgjorde gjennomsnittleg nær 22% av total fangst. 

Men snipp, snapp, snute, så er sildeeventyret ute:
Neste år er det lite sild til Florekontoret.

gunhildvaagen.JPG (69562 byte)
Sildoljefabrikken i Gunhildvågen. (Vest Foto)

Ny sildeoljefabrikk.

Sildefiskernes fabrikklag vedtok å byggje ein ny sildoljefabrikk ved Gunhildvågen i Havreneset (då Kinn). Denne stod ferdig i 1953, og var vel då den mest moderne laget hadde, Dette kom vel med den gongen. Eksportlaget tok mot sild på Rota. 

  Der vart det etterkvart store lager av sildekassar Å eksportere isa sild ut her frå var vanleg frå gamalt. Isabåtane kom igjen og fekk nok å ta mot Andre dreiv med å salte sild for eksport. Tønnefabrikkane fekk og dermed mykje arbeid

Føring av sild.


Med dei store mengder sild som vart oppfiska i Floradistriktet vart det uråd for sildemottaka i dette området å ta mot så mykje. Sildekontoret laut dirigere storparten til andre område. I Bergensområdet, Haugesund og Stavangerområdet låg ei rad med sildoljefabrikkar, som gjerne ville ha sild. Men det tok lang tid for fiskarane å fare så langt for å få losse silda.Då kjem føringsskutene til.

 

   Sildemjølindustrien skipa då eit lutlag som ordna med fraktfarty som kunne ta mot silda og føre henne vidare til fabrikkane. Frå Likkjeåsen har ein herleg utsyn over hamna, ut over sjøen, nordover, vestover og sørover så langt augo kan nå. Heile Hellefjorden vest om Aralden og store deler av Frøysjøen mot Bremangerlandet ligg ope for blikket. Det var mest der snurpebåtane låg, der snurpinga gjekk for seg, men og i Skorpefjorden trengde silda inn. Om kveldane etter arbeidstid, tok folk seg gjerne ein tur opp til utkiksstadene for å nyte synet av det hektiske livet ute på sjøen.