Side 4

Sildeinnsiga er ujamne.

Titran-ulukka i 1899. 

Båtmotoren kjem.

Båten som skulle gå på tvert.

Sildeåret 1928/29.

Tida for silde-innsiga.

Omsetnad.

Ny sildoljefabrikk.

Føring av sild.

Livet på hamna og på sjøen sett frå Storåsen.

Ein tur med rutebåten gjennom sunda i Kinn.

Livet i byen.

Det kom vel med at konene òg hadde lært sjømannskap.

Og gamle minner dukkar fram...

Sildoljen.

Ny leiar.

Tang til tangmjøl.

Ny generasjon overtek.

 

 

 

utsyn_brandsoyaasen.JPG (59766 byte)
Utsyn frå Brandsøyåsen.
I bakgrunnen Skorpa (t.v.),
Batalden (t.h). Lengst til
venstre går Skorpefjorden.
Til høgre for Batalden:
Hellefjorden.

baatar_paa_hamna.JPG (32236 byte)
(Foto teke frå Likkjeåsen).

 

hamna.JPG (30657 byte)
Fartya ligg tett i tett på Floravika. Karane ventar på at silda sig til lands.


vaagsoy.JPG (27443 byte)
"Vågsøy". Denne rutebåten hadde fylkesbaatane i øyruta i Kinn i mange år. med utgang frå byen drog han ut Skorpefjorden til Rognaldsvåg og Kinn, snoa seg gjennom sunda i Bataldøyane og over Hellefjorden og over Keitong og Barekstad til byen igjen.

hove_sild.JPG (60759 byte)
Her er karane i ferd med å håve sild or nota. Det er festa til eit anna farty (hjelpar) som held snurpefartyet opp mot vind og straum. Det var denne tenesta Ålen meinte å avløyse med sitt hjelpefarty: Båten som gjekk på tvert. 

drivgarnskoyte.JPG (36550 byte)
Drivgarnskøyte, karane sveivar garnet med fangsten inn over sveiverullen.

snurpenot.JPG (37590 byte)
Snurpebåten lastar inn sild frå snurpenota. Snurpedorryen ved andre sida av notposen, nærast hit, held nota strak. (I bakgrunnen: Hovden).

Livet på hamna og på sjøen sett frå Storåsen.

Tusenvis av lys frå signallanterner, raude, grøne og topplanterner lyste utover sjøflata så langt ein kunne augne og til alle kantar. Sterke lyskastarar spela opp inniblant. Duren frå hundretals motorar fylte lufta og braut stilla. Flåten var på glid utover, Lysa ordna seg etter kvart i rekkje og rad og tok til å strøyme som ei elv utover. Det var ein straum ut over mot fiskefeltet, ut til silda til ny fangst. Det arta seg som lysande perler på ei snor, lang, lang snor ut over den lange fjorden så langt ein såg. Men så kunne ein sjå ei ny perlesnor, ei rad lys som kom inn over mot byen. Det var snurpebåtar som hadde fått fangst, kanskje var dei fullasta med blank sild. Dei var no på veg mot Sildekontoret Sildelaget for å tilvist plass for å losse fangsten.

 

Frå sildekontoret kom det så i gang ei ny lysande perlesnor utetter Vika. Det var alle dei som hadde fått ordre om å gå ut att av hamna, som måtte gå sørover til sildemottak ved Bergen eller lenger sør Perlesnora bøygde av ved Stabben og gjekk derfor sør over leia. Så kunne ein stå og sjå og stirre på denne buktande lysstraumen på sjøen, korleis han åla seg fram og faktisk gjekk i 3 retningar. Dette kunne gå døgeret rundt. Tidleg om morgonen kunne ein sjå mindre fiskefarty blande seg inn i den store mengda av fiskefarty. Det var drivgarnsbåtane. Dei måtte fare same ferda dei og, innom Sildekontoret. Dei fekk gjerne levere fangsten på hamna, sidan han ikkje var så stor. Fartya har spreidd seg. Storparten av båtane er no ute på fiskefeltet. Dei som ligg på hamna er båtar med fangst og føringsbåtar som hentar sild m.a.

Ein tur med rutebåten gjennom sunda i Kinn.


Eit større innsyn i livet på sjøen og rikdomen i havet kunne ein få ved ein tur ut på sjøen til fiskefelta. Folk tok seg derfor slike turar. Skular kom lange vegar for å sjå og oppleve dette eventyret. ikkje alle var like heldige. For alle dagar er ikkje like. Ein dag strøymer sildestimane på i store mengder. Ein annan dag kan Dei tilsynelatande vere borte. Dei står djupare i sjøen. Ein dag kunne vind og styggever øydelegge heile turen på sjøen. Men var ein heldig både med det eine og det andre, så kunne ein ha ei interessant oppleving. Eg var heldig. Eg slumpa til å få ein tur på sjøen på ein av Dei mest hektiske sildedagane i eitt av Dei rikaste sildeåra. i Kinn Fylkesbåten "Vågsøy" gjekk så høveleg ettermiddagsrute ut i øyane gjennom fiskefelta som den dagen såg ut til å vere over alt i Kinn. Sjøen låg speglane blank denne vinterdagen. Uti Skorpefjorden og Hellefjorden låg fiskefarty i hundrevis. Det meste var snurpebåtar så tidleg på dagen. "Vågsøy" gjekk vest over Skorpefjorden. Der låg mykje farty. Somme leita etter sild. Andre hadde fått fangst og låg og håva or snurpeposen fin, sprellande sild. Rundt om tøffa små loddebåtar og leita etter sild med ekkoloddet. Hjelpebåtar hadde strekt tamp til snurpebåten og heldt han frå nota, mot straum og vind. Det og var turvande. Her ute fekk vi alt sjå landnotlag i arbeid med å dra nota til land. Det låg lag ved Skorpa. Det låg lag ved Reksta, på sørsida av Skorpefjorden. Det låg notlag ved Rognaldsvågen og ved austsida av Kinn. I hundreår har ein her fangsta sild på same vis, No var sprerrenøtene så mykje større. Dei rakk langt bort på fjorden. Store motorgavlar låg og slepa eller taua nota mot land, Silda måtte førast inn på ein våg eller ein trygg stad i eit sund, der sjø og storm ikkje kunne gjere skade og øydelegge fangsten. Her forsynte ein stengjenota med kaggar og penter (penter er dreggjer med tau festa til nota. Penter stiver av nota til eit sikkert lås sild, mange pengar verd). 

 

  Vest for Skorpa trefte vi alt på drivgarnsskøytene på veg mot dei tradisjonsrie sildefelta ved Kvitingane og Sverslingane. Her vart rikdomen ausa opp or sjøen midt i førre hundreåret, då sørafolket søkte hlt like f rå Lista. Dei sigla og rodde den gongen. No dreiv kraftige motorar båten. Den gongen var det tunge reiskapar med korkfløyt og tunge steinsøkkje og steintunge ilar å slite og dra opp frå botnen. No var det fine, leite nylonsgarn med leit fløyt av plast, fine blysøkk. Eit motordrive spel drog opp alt. Du kjende mest ikkje at du tok i reiskapane. Den gongen såg du etter fugl og kval og leita opp silda etter dei, No leita ekkoloddet det opp så mykje sikrare. Du såg det i sjøen om der var noko. Ein og annan snurpar låg og vogga på storbåene Ein sette farten opp mot land, Båten låg tungt i vatnet. Han hadde fått fangst som karane var nøgde med. No galdt det å komme fort til lands og få losse, og så fort utatt til ny fangst. Men "Vågsøy" skal halde ruta med posten til folket i øyane og med varer og folk som har vore på bytur. Rutebåten svingar inn gjennom trange sund mellom Bataldøyane, svingar rundt holmar og skjer, Det er reint eit mirakels at det går vel. Men karane ved roret har gjort det før. Det går vel, Og bylgjene f rå rutebåten rullar seg bortetter og sleikjer seg opp etter svarte skjer og uroar tang og tare. Så inn i dei stille sunda og vågane i denne mangfaldige øykrinsen. Der var det vel ro og fred. Nei, var det likt. Her låg landnotlag og sleit nøter til land. Her ropte basane sine ordrar til mannskapet, nothundane, som streva i gavlbåtane. Sild kvar ein kom. Her kunne ein seie med eit gamalt ordtak at silda "stod som sild i tynne". Då "Vågsøy" hadde bukta seg gjennom all denne sildesjauen og sette stemnen ut i Hellefjorden, så var båten inne i eit nytt hav av fiskebåtar, moderne snurpebåtar som leita etter sild eller håva sild. Ved Hovdenøya var det sett steng på mest alle vikar og vågar Eit par store snurpenøter var skøytte saman, og sperra den breie Barekstadvika. Inni mellom snurparane, der det var eit ope rom, dreiv drivgarnsskøyter og sette garnlenkja. Det var eit overveldande syn. "VÅGSØY". Denne rutebåten hadde Fylkesbaatane i øyruta i Kinn i mange år. Med utgang frå byen drog han ut Skorpefjorden til Rognaldsvåg og Kinn, snoa seg gjennom sunda i Bataldøyane og over Hellefjorden til Keitong og Barekstad til byen igjen.

Livet i byen

Det vart ei stor samling menneske i byen. Det var folk f rå bygdene som tok seg arbeid. Dei søkte seg arbeid med å losse frå eit fiskefarty til eit føringsfarty. Andre jobba med lossing ved sildeoljefabrikkane eller andre sildemottak. Nokre var med på isejobbar eller saltejobbar. Når det var helg, eller det var landligge, så samla folk seg i gatene, ut, for å lufte seg og strekkje føtene. Det gjorde godt å komme seg ut or mannskapslugarane og sjå folk, tale med andre. 

Kva skulle dei ta seg til? Dei var då samla tusentals menneske, gå og sjå? Folk blir fort leie av det. Dette var nok folk i byen merksam på. Derfor sette dei i gang med tilstellingar for fiskarane, I Fram skipa dei til møte og meir festlege tilstellingar. Det vart gjort og i Bedehuset. Godtemplarlosjen stelte og til samkomer med lettare underhaldning. Alle tilskipingar samla som regel fulle hus, særleg kom det samstundes vart bode på kaffi og kaker. Dette førte til at folk ikkje vart gåande og drive gatelangs og ha det keisamt At det den gongen ikkje var høve til å kjøpe øl i butikkar og at det ikkje var høve til å få rusdrykk på kafear, gjorde vel sitt til at det trass i slik samling av mykje folk gjekk så roleg Det var utruleg lite bråk. Det hende at politiet måtte rykke ut ein sundagskveld og halde orden, Om det bråket vart det i grunnen mykje bråk etterpå. Det var nok ikkje alle som rekna det for å vere fint å gå på fiskardans. Likevel tykte storparten av fiskarane det var morosamt å svinge seg med ei "florejente" som dei sa. I alle fall var nordmøringen fornøgd som svinga seg rundt med eit serleg traust eksemplar. I forbifarten kasta han ut til ein kamerat som stod og såg på dansen: "I kveld har eg fått mykje for pengane". Og billetten var vel berre ei krone den gongen. 

 

 

Folk som kom til byen og søkte seg ymse arbeid, gjekk saman i arbeidslag eller "gjengar" som dei oftast kalla dei. Dei sa oftast lossegjeng. Men andre gjekk inn i bøtegjeng. Det var dei som bøtte nøter eller garn. Stundom fekk karane flerra nøter. Silda kunne sprengje nøtene. Drivgarna fekk og ofte hard medfart når silda la hardt i garnbussen. Desse "gjengane" sat på buer og bueloft, t.d. Haavebua, og bøtte. Det var karar som var vane med slikt arbeid. Men det var ikkje varme rom dei sat i og arbeidde, så det kunne ofte bli kaldt. Nothengjer og garnhengjer kom opp utanfor desse buene. Her tørka karane nøtene og garna sine. Dei måtte og barkast. Nøter og garn var endå i den tida av bomullstråd. Barken verna mot rot. Det høyrer med til biletet og at smågutane vart gripne av iveren, sildefeberen. Kvar gong ein sildebåt klappa til storkaien for å melde inn fangst på sildekontoret, eller andre stader for å levere fangst ved sildeoljefabrikkane t.d., så klatra gutungar over rekkja. Dei var utstyr- i byen te med snørestubbar eller strengstykke. Med ekstra snill maske tigga dei matsild - og fekk. Fiskarane er ikkje smålege såleis, og sleit ikkje når rikdomen strøymer inn til land i slike store mengder. Hank etter hank gjekk over rekkja og i land og heim til mor med steikesild. Snart lukta det steikesild gjennom heile byen. Godvilje kan misbrukast. Det gjorde denne òg. Dei unge oppdaga at her var forretning å gjere. Det lukta pengar. Så drog dei frå hus til hus og selde sildehenkene sine. Folk fekk billeg sild Dei flekte silda, salta henne litt. Hengde så silda til tørk. Det vart herleg tørkesild, gjerne kalla sperresild. Men for gutefantane var dette eit spanande sildeeventyr. Høvding var ein av dei gamle fiskedamparane (eigar Ulriksen). Høvding var bygd for dampmaskin.