Side 5

Sildeinnsiga er ujamne.

Titran-ulukka i 1899. 

Båtmotoren kjem.

Båten som skulle gå på tvert.

Sildeåret 1928/29.

Tida for silde-innsiga.

Omsetnad.

Ny sildoljefabrikk.

Føring av sild.

Livet på hamna og på sjøen sett frå Storåsen.

Ein tur med rutebåten gjennom sunda i Kinn.

Livet i byen.

Det kom vel med at konene òg hadde lært sjømannskap.

Og gamle minner dukkar fram...

Sildoljen.

Ny leiar.

Tang til tangmjøl.

Ny generasjon overtek.

 


hovding.JPG (48454 byte)
Høvding var ein av dei gamle fiskedampareane (eigar Ulriksen). Høvding var bygd for dampmaskin.

seglskute.JPG (19860 byte)
Gamal seglskute med montert dampmaskin i.


Flora hadde i denne tida etter måten god havfiskeflåte Gamle fiskarar herfrå kom til storsildfiske ved Ålesund og Kristiansund. Dei var stolte av å syne fram fiske dampskipa sine. Firma Haave hadde t d. Havørnen og Nesodden Skipper Malkenes hadde Havsulen Desse karane gjekk og søkte opp silda. 

Om sommaren med drivgarn på Nordsjøen. Vår og haust på Tampen med line etter brosme, lange og kveite Om vinteren nordover til Ålesund, Kristiansund og Titran etter storsild Kanskje ein tur om sommaren til Nordland etter "feitsild". Ei fast annonse i Flora-avisen var t.d "Prima nordlandsk ister-fetsild. A Haave " 

Det kom vel med at konene òg hadde lært sjømannskap.

Ute med havet lyt konene kunne meir enn styre på kjøkenet. Dei lyt kunne litt sjømannskap òg. Dei har lota vore med ut i båt når det trengs om. Tidleg lærer jentene å ro, bruke segl og styre ein båt. Dei lyte lære å fiske, å setje garn og dra garn. Dei lyt og stelle med fisken etter at han er komen på land, sløye og flekke og salte om det trengst. Det kom vel med for konene i Domba i 1950 at dei var sjøvane. Dombevågen er frå gamalt rekna som ein god sildevåg. Det var han og i 1950. Silda stod teit i Hellefjorden og langs med Dombelandet, Det var ein dag i februar. Stilt, fint ver var det. Drivgarnskøytene låg utafor Domba og drog inn fin fangst. Snurpebåtar låg og håva sild or nøtene. Det var retteleg ein stor dag på fiskefeltet. Ei av konene i Domba, Else, fekk med seg sonen Anders ut om sundet for å fiske "kokefisk". Då opplevde dei noko merkeleg: Søkket "ille ikkje søkke til botnen, Det vart liggjande oppe i sjøen. Og det var i grunnen ikkje så rart, for når dei såg ut for båtripa, stod det teit i teit med sild. Søkket vart liggjande oppå silderyggane i dette sildestålet. Og silda strøymde inn gjennom vestre sundet inn mot vågen. Dei visste nok kva dei hadde å gjere. Smågutane til Etse hadde faktisk gjort den vesle mortenota klar med steinsøkke og tau. Dei ville så gjerne vere med i det store spelet, kan du vite. No rodde dei beinast opp til sjøbua for å hente nota. 
  Grannekona, Aslaug, var komen ned til sjøen. Henne fekk dei med seg i båten, så vart det meir "mannskap" Silda seig inn sundet. No galdt det å sperre Dombesundet før ho seig ut att. Dei sette nota over frå Nakken til "Taren" i sundet, og dermed var silda innesperra. Men det er ofte hardt ver som står mot land, Nordvestvinden velt inn med stor styrke. Dei visste det. Derfor laut sildedotten endå betre sikrast før mørket kom på. Dei rodde så til Kjeitongen. Der var telefon. Mannen til Etse, Henrik, var inne på Florene på notbøting. Det var mange som dreiv med det, Dei sat på sjøbuer og bøtte garn og nøter. Det hende at sildestimen sette så hardt mot notveggen at stimen sprengde hol. Henrik måtte komme og setje ei not til for å sikre stenget. Han hadde motorbåt og kom med ein gong. Han hadde ei større not på sjøbua på Kjeitongen. Denne nota vart sett utapå den første nota. Og det var då endeleg bra, for så kom nordakulingen og sette mot land. Seinare fekk dei med ei not slepe silda opp i vestre vågen og sett i steng der. Silda vart så meldt for opptak. Ein notbas frå Bremanger var opp i stenget og "rusa" silda. Der var 800 hl, sa han. Det synte seg då silda vart oppteken at der var nett 800 hl storsild, så det vart ein bra "kjerringlut" av det kastet, Else har om denne bragd i Firdaposten 1982 skrive på rim. Det kan vere interessant for folk i ettertida å lese korleis desse to kvinnene og guten Anders berga fangst i Dombevågen. Dombevågen var frå gamalt av rekna som ein god og sikker kastevåg. Her fylgjer historia hennar teken ut or Firdaposten:

OG GAMLE MINNER DUKKAR FRAM... 
Eit gamalt minne eg har, det var i februar Det var i den tid storsilda kom inn til strendene og folk gjorde storkast med landnøtene. Til Anders son min eg sa: Vi må avstad å fiske idag, sjå om vi får oss noko til middagsmat.


Fint ver det var og ut Dombesundet det bar. Anders: Merkeleg, eg kan ikkje fiske i dag, får liksom ikkje til eit drag. Eg svarte han så smått, her har du fiska før og fått. Men då vi ned i sjøen skulle sjå, såg vi ned på silda som skimla i eit blåleg stål. Anders: Vi inn att i sundet ror, kan hende ho også der inne står. 

Og silda verkeleg der inne sto. - Kva gjer vi no? Jau, no må vi nota henta, som har lege klar ei tid og venta. Og innatt bar det i ein fart, og snart var alt gjort klart.


Når så mange nota lag her er, kan dei finne på å lure oss der, viss ikkje smarte vi er. Dei kan dette sundet stenge, dermed blir det berre halve verdien i penge

Så vart gjort, men meir måtte gjerast Silda inn på vågen måtte halast, men det laut vi vente med til neste dag. Men då vi ein skikkeleg notbas måtte ha, vi fekk telefonere til han far som på notabøting i Florø var. Men her i Domba var ikkje telefon den gongen, så vi rodde inn i Keitongen

Og så kom far heim om kvelden på spisstemningen.

På veg inn til Keitongen eit notalag vi treffte, som ville oss hefte

Dei spurde oss ut kva vi hadde føre i dag Når vi sa Vi kasta har, dei vart forundra som ventande var På spørsmål sa vi som det var, vi alle sunda sperra har.

Svaret høyrde eg ikkje då, men snudde gjorde dei for inn att å gå Der ute var nok ikkje meir å få. Vi hadde også ei not i Keitongen, den måtte vi også ha i færingen, og utpå den andre nota stengde, så silda ikkje ut av garnet kunne seg sprengje.

Jau, alt gjekk verkeleg flott, når vi no ein notbas med oss hadde fått.


Firdaposten, april 1982 

  Eg til Anders sa: Kven skal på Holmen gå for tauet der å feste, når eg skal ro båten og du skal nota kaste. Vi har ikkje anna å gjere, for tre lyt vi vere, vi får spørgje nabokona om ho oss ei teneste vil gjere. - Eg på Holmen med eit tau? Ho trudde vi laug Nei, silda ute i sundet står, og utatt ho ikkje fare får. Du ser vi nota i båten har, så hiv på deg: Ver snar! 

Og med det forrige vårsild-stenget friskt i minne visste vi korleis vi skulle silda ringe inne. Om Anders ikkje meir enn 15 somrar var, arbeidde han som ein vaksen kar. 

Så til sundet vi hasta, og der nota kasta.

Eg opp på Storeneset gjekk og hitt tauet kasta. Kva var det neste som hasta? jau, fløyt på nota vi måtte ha, elles kan silda ut att dra. Og søre sundet må vi sperre, elles kan det gå oss verre.

No kunne vi heimatt reise og sove trygt og godt Om ikkje dagen så lang er den sjette februar så er vi trøytte slik vi streva har

Neste dag vart silda dregen på Dombevågen inn -i nota stod ho blå og stinn 

No stod avhendinga for tur, kven skal silda rause før opp av stenget vi henne kan ause?

Men heldige vi var denne dagen, for ut for landet var Karl Vadøy med sitt notalag, kjend notabas - ein kjempegrei kar Og han var villig denne tenesta oss å gjere. 

Han lurt likevel på kva denne guten og desse kvinnfolka hadde klart Det raraste av alt, han rausa sild som om han ei for ei hadde talt. 

Så kunne sildekastet til sildekontoret vi melde, det vart nokre hundre hektoliter havets sølv vi her selde. Om det strevsamt var, no var vi endeleg klar 

Og dagen kom då vi silda skulle levere, og då var det akkurat så mykje som Vadøy meinte det skulle vere. I dag er dette eit minne herre, likevel eit minne som eg ikkje ville unnvere Ei helsing med til 0. Stavøy eg vil sende, med takk for at hørt vi fekk. Opptaket gjekk veldig bra Takk skal du ha. 

Elsa Domben