Side 6

Sildeinnsiga er ujamne.

Titran-ulukka i 1899. 

Båtmotoren kjem.

Båten som skulle gå på tvert.

Sildeåret 1928/29.

Tida for silde-innsiga.

Omsetnad.

Ny sildoljefabrikk.

Føring av sild.

Livet på hamna og på sjøen sett frå Storåsen.

Ein tur med rutebåten gjennom sunda i Kinn.

Livet i byen.

Det kom vel med at konene òg hadde lært sjømannskap.

Og gamle minner dukkar fram...

Sildoljen.

Ny leiar.

Tang til tangmjøl.

Ny generasjon overtek.

fabrikken1910.JPG (55504 byte)
Fabrikken reist etter brannen i 1910. Her ligg motorbåtar, men og ei gamal seglskute. Vi er i overgangen til motor-alderen.

 

fabrikken.JPG (41750 byte)
Fabrikken sett frå aust.

 

Sildoljen

Det er først uti syttenhundretalet vi kan lese om korleis folk nytta feittet (oljen) av sild. Presten Hans Strøm skriv om dette i "Søndmørs Beskrivelse" (1762): "Af Sildegan (det er Sildens Hoved og lndvolde) kaages her et Slags Tran eller Olje, som er meget bedre at bruge i Lamper end ariden Tran". Han skreiv vidare: I Fogderiet Søndfjord skal Dei ha teke til for nokre år sidan å koke slik tran av sjølve silda. Folk legg silda i tynner, auser ferskt vatn over og rører det heile i kring. Då set det seg "en Hoben olje oven på". Han tykkjer begge måtane er mykje gode og "verdige" å ta i bruk her og andre stader. Å koke tran av fiskelever til bruk i kåla var kjent frå gamalt. Det var det vanlege langs kysten før petroleumslampa kom. Han set til i ei fotnote: I året 1760, då silda var her i "stor overflødighed", men prisen var liten, då var det mange hos oss som tok til å brenne eller koke silda til tran med "god fordel". Av 7-8 tynner sild fekk Dei '1 tynne tran (sildolje). Sildeavfallet frå salteria og hermetikkfabrikkane gav det første råstoffet til den første sildoljefabrikken som Ole Olsen i Stavanger sette igang med. Slik og ved første fabrikken som Christian Fredriksen starta i 1910 i Melbo. Slik, og neit same året, sette Dei i gang med sildeindustri her ved Florø Sildoljefabrikk - i 1910. Av avfall frå sild, gan, hoved og mageinnhald og av småfalla og dårleg sild kunne Dei koke og presse ut oljen. Men Dei kunne få meir ut av dette. Fiskarane hadde lenge nytta hoved og bein, ryggbein, tørka og selt til oppkjøparar. Dei hadde kvernar som mot dette til mjøl, fiskemjøl. Råstoffet som gjekk under namnet guano, gav eit nytt namn, guanofabrikk. Det var på Eidet denne fabrikken kom i gang. Sidan det i dette område vart graven ein kanal etter at kjøpstaden Florø vart lagd hit (1966-1873) vart staden etter kvart heitande Kanalen. Eidet høyrde til garden Krokane i Kinn. På garden Mannsverk - no drabantby til Bergen - voks opp tre brør. To av Dei overtok og delte Mannsverk. Ein tredje kom hit med kona Kan og sette bu på Krokane. Mannen heitte Lars Ellevsen Trovik. Sonen deira, Andreas, hadde ikkje så stor interesse for gardsdrift ta. Han hadde større interesse for forretningsdrift. Han slo seg ned på Eidet.
På Eidet var gamal handelsstad i ei sjøbu. Dette var grunn til at kjøpstaden fekk ein merkeleg smal tarm med sjøgrensa på venstre sida og ham maren ved Kleiva på høgre austover mot Nygård der det vart sett eit kryss i hammaren nede ved sjøen.

Eidet med handelsstaden kom såleis inn i kjøpstaden. Kleiva, beitemarka Slik var fabrikken reist etter brannen i 1910. Her ligg motorbåtar, men òg ei gamal seglskute. Vi er i overgangen til motoralderen. til prestegarden og Storevatnet vart tiggande att i Kinn som byen elles var ein bit av. I denne sjøbua på Eidet sette kjøpmann Andreas Trovik i gang med den første sildoljefabrikken i 1910. Firmaet Hatnar i Oslo åtte fabrikken. (Hatnar dreiv maskinfabrikk i Oslo. Der laga dei ymse maskinar, m,a, hydrauliske presser.) Fabrikken her bar namnet Florø olje- og fiskemelfabrikk. Andreas Trovik var disponent for tiltaket. Fabrikken kjøpte opp fiskeavfall. Av det oppkoket ein fekk, pressa ein feitt-olje. Det faste stoffet vart tørka og male til mjøl, fiskemjøl. I førstninga kunne fabrikken produsere 150 hl i døgeret. Denne fabrikken vart ikkje årsgamal ein gong. Ein brann øydela han same året. 

Karane sette i gang og planla ein ny. I 1912 stod fabrikken atterreist. 1-latnar åtte fabrikken til første verdenskrig, og no hadde han fått større lokale og moderne utstyr med gode hydrauliske presser, Ein dampmaskin var drivkrafta. Distriktet hadde endå ikkje fått utbygt elektrisk kraft. Byen laut og greie seg med eit dampdrive verk. Produksjonen gjekk no opp i 450 hl i døgeret. Men i 1912 slutta kjøpmann Trovik som disponent. Han hadde fått tak i ein forretningsgard ute i bysenteret og tok til med ein allsidig forretning der. Familien driv forretning den dag i dag, men ikkje så mangsidig. Johan C, Martens i Bergen overtok sildoljefabrikken under første verdskrig Martens hadde oljeraffineri i Sandviken i Bergen. Der laga dei i den tida sers fin sildolje. Under krigen ville engelskmennene sikre seg mot at tyskarane fekk tak i dei viktige råstoffa ein fekk av sild. Derfor hadde engelskmennene sine agentar ute som kjøpte opp all den silda dei kunne få tak i. Dei betalte ekstra for lagring og stell. Silda, som var salta i tynner, måtte forlakast. Etter kvart vart det mange oppkjøparar som hadde store lager av salta sild. Når krigen var slutt, kunne ikkje engelskmennene ta imot all denne silda, Silda var så gamal i salt at ingen ville ha henne til vanleg folkemat. Sildoljefabrikkane måtte til slutt overta silda. Det vart ingen god forretning. Silda måtte lagast til olje og mjøl. Dei skyhøge prisane på sildolje under krigen datt katastrofalt ned så snart krigen var slutt og krigsindustrien ikkje hadde slik bruk for råstoffet. Dei flygande åra vart derfor dårlege for dei som dreiv i fiskebransjen. Det meste av fortenesta fabrikken her hadde for til Bergen Det vart skrale år for fiskarnæringa i det heile.

gregorius_bustad.JPG (38472 byte)
Gregorius Haus sin privatbustad hadde ein kontor. Fabrikken sett frå aust.

fabrikken_utbygd.JPG (39560 byte)
Fabrikken fullt utbygd. T.v. tankar for sildolje. Lengst til høgre mjøllager.

Ny leiar

Det var Gregorius Haus som tok over som disponent i 1914. Han styrte fabrikken heite krigstida og dei like vanskelege åra som kom etter, dei harde tjueåra. I 1924 heitte fabrikken A/S Florø Sildolje- og Kraftmelfabrikk. Martens åtte då 50%, Haave 25%, Haus 25% av aksjane. Då Martens døydde, gjekk firmaet ut av aksjelaget. Han døydde svært ung, berre omlag 35 år gamal. 11927 var fabrikken heilt nede i ein bylgjedal. Fjordenes Kreditbank, som då faktisk åtte fabrikken, såg seg ikkje anna råd enn å avhende han. Nordstrøm og Kjølberg i Oslo kjøpte fabrikken i 1928. Det var ikkje lenge firmaet sat med han. Alt året etter, 1929, kjøpte Gregorius Haus han og var eineeigar til han gjekk bort våren 1945. Gregorius Haus kom hlt frå Bremanger, men ættenamnet er frå Haus i Nordfjord. Dei kom tre brødre hlt til Florø. Ein var marinelos under krigen. Ein tredje bror var forretningsførar i Kinns Sparebank i mange år. Gregorius Haus tok handelsutdanning og kom tidleg inn i fiskebransjen. Han arbeidde først hos Bratland i Be rgen. Deretter var han bokhaldar i Bergens Havfiskeselskap. Han flytte så hit til byen og vart bokhaldar hos firmaet A. Haave. Elles arbeidde han ei tid ved Hermetikkfabrikken. Han kjøpte sild i kommisjon for fabrikken. 
Han kosta seg farty til å frakte silda hit frå fjordane. Haus visste at fiskarane hadde bruk for ymse varer i næringa t. d. fiskereidskaper. Derfor sikra han seg agentur for Nilsen & Sønner garn- og notfabrikk. Såleis fekk han kontakt med kjøpmannsskapet og med forbrukarar, ei kontaktflate som kom godt med i åra frametter. Etter at Haus hadde overteke fabrikken, gjekk alle fartya inn i fabrikken.
Silda måtte ofte hentast hit den første tida. Attåt Dei nemnde fartya vart det kjøpt inn nokre lektarar til føringa. Og lukka stod den modige bi. Det slo til med godt sildefiske her i distriktet att første året. 1928 var eit rikt sildeår. Silda stod inne i fjordane her alt ved juletider.
  Tredjedag jul gjekk landnøtene i sjøen uti øyane. Silda seig inn til Stabben fyr, og endå lenger. Ein fiskebåt, ein stavangerbåt, hadde meldt fangst, halv last, for levering ved "Sildoljen". Men båten let vente på seg. Då han endeleg kom var det full last. Karane hadde treft opp i ein sildedott sør for Geitholmen, ikkje langt frå fabrikken. Her snurpa Dei skuta full. Slike gode sildeår inspirerte ikkje berre ivrige fiskarar, men og ein initiativrik fabrikkeigar. Det kom så mykje sild at det var uråd å få plass i fabrikken for alt. Derfor måtte ein leige lagringsplass andre stader. Dette var tungvint. Det var nødvendig å utvide kaiene og lage større lagerplass for sild. 1930 var endå eit rikt sildeår. Sildeberget på "Sildoljen" voks ut over alle grenser. Silda heldt på å sige innover riksvegen som gjekk fram med fabrikken. Det kom sild til utover sommaren. Arbeidet på fabrikken gjekk i to skift i døgeret. Det lukta ikkje godt frå silda som låg og surna sildebingane. Det lukta ikkje godt frå oljeeimen, som dreiv langt med vinden. Men det lukta pengar, sa folk. Arbeidet ved "Sildoljen" gav ei velsigna innkome for folk i området, frå Brandsøy til ytste Havreneset og endå vidare. Det var ei god støtte attåt småbruka og småfisket langs strendene og i sunda. I ei pinaktig tid når det galdt pengar vart det "ein oase i ørkenen". Derfor trakka og gjekk karane kilometer etter kilometer til arbeidsplassen, og var glade til, Dette året vart eit merkeår for fabrikken elles og. Fabrikken gjekk over frå dampdrift til elektrisk drift. Krafta kom frå turbinane i Svelgen. Det første laget som skulle arbeide fram kraft i distriktet, Ålfotselskapet, kom i vanskar når nokre tenestebustader og noko linenett var utbygde. Eit nytt lag, Ytre Fjordane Kraftlag, vart skipa. Det overtok lysnettet frå det gamle laget og kjøpte kraft frå Svelgen og leverte vidare. Elektriske motorar vart monterte, og gjorde arbeidet lettare. "Batalder" vart nytta mykje som slepebåt. Det var eit havfiskeselskap som åtte "Batalder". Båten vart selt til Vigra, og seinare til Island. 

Tang til tangmjøl

Fabrikken ordna seg slik at han kunne ta mot tørka tang og male til mjøl, tangmjøl. Tanga samla folk langs strendene frå Solund og nordetter. Det arbeidet gav ikkje Dei store inntektene anten for tangsankarane eller for fabrikken. Men små smular er betre enn inkje, sa dei gamle. Når silda held seg borte, kunne fabrikken sette i gang og male tangmjøl, og folk hadde arbeid. Såleis kunne ein forlenge sesongen ved fabrikken. Men så kom krigen. Vinteren 1940 var det normal drift. Då tyske fly krinsa over her, låg oljeskutene lasta med sildolje i Ytstevågen i Krokane Får å løyne dei hadde karane dekka dei med furebar, så dei gjekk i eitt med terrenget.
  Lageret frå vinteren gjekk unna etter kvart. Kysten var minelagd, så det skapte vanskar for skipsferdsla, og for fisket. Det vart skrale år 11943 var produksjonen 3.000 hl , i 1945 18.000 hl. Men desse åra fekk fabrikken eit tilskot på 60 kr. sekken i produksjonskostnader til sildemjøl. Det hjelpte godt for dei første 3000 hl. Men så dalte tilskotet nedover til 20 kr sekken etter kvart som produksjonen voks - ei glideskala. Utgiftene var sikre med renter og avdrag. Det var vanskeleg å halde drifta i gang Likevel vart det drive med å gjere fabrikken meir effektiv 11943 vart det montert ny dobbeltskrua presse Losseapparatet vart og modernisert.