Side 7

Sildeinnsiga er ujamne.

Titran-ulukka i 1899. 

Båtmotoren kjem.

Båten som skulle gå på tvert.

Sildeåret 1928/29.

Tida for silde-innsiga.

Omsetnad.

Ny sildoljefabrikk.

Føring av sild.

Livet på hamna og på sjøen sett frå Storåsen.

Ein tur med rutebåten gjennom sunda i Kinn.

Livet i byen.

Det kom vel med at konene òg hadde lært sjømannskap.

Og gamle minner dukkar fram...

Sildoljen.

Ny leiar.

Tang til tangmjøl.

Ny generasjon overtek.


batalder.JPG (20638 byte)
"Batalder" vart nytta mykje som slepebåt. Det var eit havfiskeselskap som åtte "Batalder". Båten vart selt til Vigar, seinare til Island.


Ny generasjon overtek.

Det var Kjeld Haus som no overtok fabrikken og styringa av drifta etter at faren hadde falle frå, Han hadde i mange år teke del i faren sitt arbeid. Han tok til som ærendsgut med små turar i bank og post, og oppdraga vart meir krevjande etter kvart. Vi kallar det livets skute, og den skulen er god. Det synte seg at han hadde det same gode støde laget med styringa som far hans hadde hatt, Vi nærma oss det store sildeeventyret i femtiåra, så det vart nok å gjere. Det tok til alt i 1946-48.1948 var eit rikt sildeår. Silda seig inn på dei mest utenkjelege stader. Fiskebåten "Sollys" av Harstad hadde helst gjort ein dårleg tur. På nordturen heimover tok dei ein tur innom i Gulenfjorden. Ved Svelgen møtte dei ein veldig sildedott. Dei snurpa og sette stenget til land som landsteng. Det vart 50 tusen hektoliter sild. Det året sette Haus i gang med å utvide kaien mot aust og mot sør. Entreprenør Steindal frå Måløy hadde arbeidet og flota murstein på prammer hit - attåt stein han fann her ikring.
Det vart ein solid murkai frå botnen og opp. Det vart godt tilflot for store lastefarty.

 Seinare (.56/57) vart det bygd opp kai austetter hammaren ved Nygård Her vart oppsett stort mjøllager. Fabrikken vart etter kvart utbygd og modernisert med tidhøvelege maskinar. Det kom vel med. 11950-åra kom sildeinnsig som ein må hundre år attende i tid for å finne maken til. Men no var fiskeflåten så mykje større. Drivgarnsflåten og snurpenotflåten attåt landnotflåten tok opp store mengder sild Dei første åra var det Florø Sildoljefabrikk som var det mottaket som var å rekne med Derfor gjekk hjula rundt heile døgeret og folk arbeidde på skift, Men dette sildeeventyret tok heller brått slutt. Etter 1957 var det lite sild å få. No var det komen ein stor, moderne sildoljefabrikk i Gunhildvågen. Kjeld Haus selde fabrikken sin i 1966 til Nimrod frå Troms. Han heldt fram med forretningsførsla ei tid, I 1972 slutta han heilt. 11974 vart det for alltid slutt på drifta. Det vart sett punktum for eit interessant kapitel i norsk sildolje- og sildemjølshistorie. Florø Stål A/S overtok eigedomen. Maskiner og anna utstyr vart førde bort. Fabrikkbygningane er etter kvart rivne. Mjøl-lageret og nokre mindre hus står att, likeeins sildebingane, her har no stål teke plass. 

 
ORDFORKLARINGAR (alfabetisk)  
Basane Basen hadde kommando over not-laget og hadde to lutar.
"budde seg til" å bu seg til, gjere seg klar til fiske.
fjordgapa ytst ute opna fjorden seg mot stor-havet, vart kalla fjordgapet.
grabben grabb, eit reiskap som grip som ein open kjeft om massen.
gavlbåt båt som var tverr bak.
ilar tunge steinar festa til tau.
heft å bli hefta bort frå ting som er viktigare.
kaggar små tynner
frette høyre om noko, t.d. sildeinnség.
Kinn gamle Kinn: Storkommunen grensa I sør til Askvoll, i nord til Vågsøy. I 1866 vart Bremanger fråskild og vart eigen kommune.
Kvitingane og Sverslingane Skjer nord om Ytterøy fyr. Gamle vå rs ild pI as sar.
landslut Tok notlaget fast i land med tau, laut fiskaren betale 5% av brutto-fangst i landslut til eigar.
I sommartida 3%.
lettbåt liten robåt, på slep gjerne.
 lås sild
når silda er stengd, kallar vi det lås, dvs sildestenget er låst.
motordrive spel motorkrafta
nothundane Mannskapet som let seg kommandere, var ofte kalla nothundar.
penter brukt om ei strekke på nota t.d., eit tau.
sperresild to sildar festa saman. Eine sildehovudet vert stukke inn i det andre, sperra.
sørafolket
folk frå Bergenskanten, Hardanger og lenger sør frå.
TEIKNING  DAG KITTANG
FOTO ROLF GUNDERSEN,  VEST FOTO,  FOTOGRAF HORNE,  KJELD HAUS.