Side 2

Ein haustdag på Stakaldeneset i år 4990 f.Kr.

Fakta om livet langs kysten i steinalderen.

Fakta om reiskapar, stein og bein.

Fakta om båtar i steinalderen.

Fakta om funn på Stakaldeneset.

Kryssordoppgåver til faktastoffet

Kartriss.


Svein Brandsøy - mannen som fann diabas-steinbrotet på Stakaldeneset.


Stakaldeneset

Føreord.

Det ligg eit sus av fjern fortid over Stakaldeneset. Når ein går inn i diabasbrotet, ei trang fjellkløft der fjellveggen reiser seg mange meter opp på kvar side, då manar det til ærefrykt. drar du på tur hit, så la ærefrykta fylle deg. La alt ligge der det ligg. Ta opp ei påbegynt steinøks, man fram våre forfedre og -mødre, og legg steinen nedatt på rett plass.
Hugs: Alt er freda!

Eg var her saman med Svein Brandsøy og blei tent av hans levande interesse og kloke fantasiar om steinalderen. Takk til han for god hjelp med å lage dette heftet.

Kartrissa i heftet er henta frå Asle Bruen-Olsen si oppgåve i arkeologi.
Teikningane har eg funne i Rolf Karlsen: "Frå klubbe til kross" (Aschehoug) og Knut Ingar Hansens "O-fag" (Gyldendal).
Vil du lese meir om steinalderen, kan du låne "Bjørnklo" av Bernhard Stokke, og det finst og så andre bøker, spennnande bøker.
Frå yngre steinalder har vi fleire historiske plassar i kommunen. Skulekontoret har eit hefte om helleristningane i Ausevika.

Brandsøy, 22.4.1987            Tone Aasrud

Tilrettelagt for Internett av Leiv-Arne Øien, september 1999

 



Ein haustdag på Stakaldeneset i år 4990 f.Kr.

Bjørn sat og vrikka med åra. Flåten han var så glad i og stolt av, hadde stø kurs for fiskegrunnen. Magen peip etter mat. Eit måseegg var heile frukosten i dag. Det var ikkje stort å møte ein travel dag med lengre. Han var elleve vintrar no, og kjende det som han kunne ete ein bjørn. Bjørn kunne ete ein bjørn! Han lo og tenkte på korleis far hans hadde drepe ein bjørn nett den dagen han og tvillingsøstra vart fødde. Bjørnen hadde gått til angrep og reist seg opp på bakføtene, men far hadde greidd å plante spydet i bakken så bjørnen hadde stupt over det. På vegen heim den gongen hadde far også funne den søte, gode honningen som var så sjeldsynt. Ikkje rart at namna på dei nyfødde tvillingane vart Bjørn og Honning. 

Bjørn såg opp på røyken som velta opp i tjukke lag frå Sandvikenova. Far og dei andre karane hadde laga eit kjempestillas av stokkar og kvistar. Heile tre hadde dei og reist opp langs hammaren. Under låg den harde, svarte steinen og venta. Karane hadde tent på dette kjempebålet øvst oppe, slik at varmen skulle få virke så lenge som mogeleg. Det brann på fjerde dagen no. Regnet silte ned, og snart ville dei gjere det dei kunne for å kjøle fjellet raskt ned. Han hadde sjølv vore med og samla store flak med våt mose som skulle leggast på fjellet. No måtte vel fjellet sprekke så mykje at dei ikkje trong å lage slike kjempebål på fleire år. Far var ein meister i å lage gode økser. Og no kunne dei ta med seg store steinblokker heim i Sandvika og arbeide vidare med dei der. Kva skulle dei gjort utan denne dyrebare, svarte steinen med dei kvite flekkane? Ikkje berre fekk dei gode økser, knivar og skinnskraper. Bjørn strauk nedover den mjuke, varme hjortekittelen sin. 3 slike hadde mor hans fått i byte med ei einaste øks. 

 

Stadig kom det folk i flokkevis og skulle byte til seg emne eller helst ferdiglaga reiskap av steinen her frå Stakaldeneset. Både sørfrå og heilt nord frå Mo i Rana kom dei. Familiane her, på Helgøya, i Brandsøya og på Nyttingneset, hadde folk som var meistrar i å lage gode reiskapar, det hadde han skjønt. Nei, sjå! Der for to kobbar tett forbi og gjorde narr av han. Skulle tru dei visste at han berre hadde eit fiskesnøre med enkle beinkrokar på. Snøret var av sterke dyresener og med solide knutar, men for å ta selen, skulle han hatt harpunen, og han låg heime. Han fekk nøye seg med småpale eller lyr i dag. Om no berre noko ville bite ... 

Inne i Sandvika hadde Honning følgd Bjørn med auga, mens ha iherdig skrapte feittet av hjorteskinnet ha hadde spent ut på bakken. Arbeidet gjekk smått. Håret hang i tjafsar, og ho fraus slik at ho mest ikkje klarde å halde i diabasskrapa. Av skinnen skulle mor sy klede til veslesøstra til vinteren kom. Honning tenkte på forrige vinter. Ei søster og ein bror hadde ho mist då. Ikkje ein gong Sel si bestemor kunne hugse ein slik frykteleg vinter. Og ho var over 50 vintrar, trudde ho. "Honning, sjå!" Det var mor som peika mot søraust. Og der, rett over Mannen, kom solguden siglande og pressa skyene vekk. Alle kvinnene og barna reiste seg. Honning kjende kor varmen kom i kroppen med det same. Ho løfta armane og song. Alle stemde i ein lovsong til solguden. Symre batt vesleguten fast innanfor skinnfellen og gjekk for å finne nyper til den varme, gode drikken ho brukte å lage. Småjentene sprang av stad med noko tørka selkjøtt til mennene som arbeidde oppe i Sandvikenova. Ja, var berre solguden blid, skulle dei nok komme velberga gjennom denne vinteren òg.

Tenk deg at du levde i steinalderen. Finn eit namn til deg sjølv, og fortel kvifor du fekk namnet. Fortel om noko som hende deg ein dag.  

Fakta om livet langs kysten i steinalderen:

 - Folka slo seg gjerne ned i ei lun vik. Det måtte vere ferskvatn i nærleiken. 
- Dei levde av alt det land og sjø kunne gi dei: fisk, sel, skjel, egg, plantar, nøtter, bær, sopp, røter og av større og mindre dyr(hjort hare). 
- Det fanst og rovdyr som bjørn og ulv. 
Etter kvart lærte dei seg å tørke fisk og kjøt i sol og vind.
Steinalderfolka var stadig på vandring. Snakk om kvifor. 

Det var hardt og farleg å leve. Snakk om kvifor. 

 

 

Teikn sjølv slik du kan tenke deg det er lurt å lage ei flåte. Du har berre steinøks og reimer/røter å hjelpe deg med.  

Fakta om reiskapar, stein og bein: 

Våpen og reiskapar måtte lagast av hard stein som var lett å kløyve. Vi veit at dei brukte mylonitt, flint, grønstein og diabas. Mylonitt og flint eigna seg best til små, skarpe reiskapar som pilspissar og små knivar. Flint er ikkje funne i berg her. Mylonitt er funne i Leversundet. Flint eigna seg best til små, skarpe reiskapar som pilspissar og små knivar. Diabas og grønstein eigna seg best til økser og skraper (til å skrape rein baksida av dyreskinn). Grønstein kom frå Bømlo, sør for Bergen.

 

  Diabas kom frå steinverkstaden på Stakaldeneset. Folk reiste lang veg for å bytte til seg slike steinar eller ferdige reiskapar. Store, avrunda og meir porøse steinar vart brukte til knakkestein (Den dei slo med for å få den harde steinen til dele seg.). For a gjere steinen skarp, gnei dei han kraftig mot eit hardt underlag som var dekt ned våt sand. Også bein vart brukt til pilspissar, fiskereiskapar og anna. Stein- og beinreiskapar vart festa til treskaft med skinnreimar eller seige røter. 

Fakta om båtar i steinalderen: 

Det fanst fleire typar båtar. 

1.Stokkebåt. Ei trestamme som var hola ut og spissa til i begge endar.

 2. Skinnbåt. Greiner som var festa til ei ramme med sterke røter eller sener. utapå var det strekt skinn.

 3.Flåte.

 

 

Teikn sjølv slik du kan tenke deg det er lurt å lage ei flåte. Du har berre steinøks og reimer/røter å hjelpe deg med.