Side 1 2 3 4 

Korleis oppstod namnet Svanøy?

To gode vener.

Erikstad

Om heidenskap og kristendom.

Steinkrossen, eit minne frå Olav den heilage.

Gudshus i omlag 500 år.

Svanøygården.

Kjempefurua.

Gruvedrift.

Fakta om Svanøy.

 

 

 

- Der en Ø af Havet stiger 
svøbt i blomsterflor. 
Høie Fjeld tilbage viger 
rundt den dybe Fjord -
 Vrede Bølge ilsomt haste 
paa sin vide Flugt 
for at glide furukranset 
ind på Svanøbugt ----

Endre J. Svanøe: Hymne til Svanøen. (Trykt 1904)

Alle veit at Svanøy er eit populært reisemål. Og denne øya lengst sør i Flora kommune er på mange måtar noko for seg sjølv. "Sunnfjords perle", er eit uttrykk som ofte blir brukt om Svanøya. "Sunnfjords sagaøy", er eit anna.

Eit frodigare landskap enn her skal ein leite lenge etter så langt mot vest. Plantar som ikkje er vanlege på Vestlandet, finst her, og dyrelivet er rikt.

Namn som Bru, Erikstad, St.Olavskrossen, Svanøgården og Svanø kisgruber, femner om ei lang og interessant historie.
Bru var namnet på øya til 1600-talet, då den danske biskopen Hans Svane vart eigar. I 1685 vart det så Svanøy, etter at enkja etter Svane fekk kongen si godkjenning til å bruke dette namnet. I dag finn vi namn som t.d. Brufjorden, med band tilbake til namnet på øya.

Garden Erikstad har røter attende til m.a. Harald Hårfagre. Etter at han hadde vunne over småkongen Audbjørn på øya Bru, sette han Thorar Roaldson til herse der. Bustaden var garden som seinare fekk namnet Erikstad. Thorar fekk nemleg i oppgåve å fostre sonen til kong Harald, Eirik. Som kjent fekk han seinare tilnamnet Blodøks.

 

  Segna om St.Olavskrossen går tilbake til kong Olav Haraldson. Vi f inn no krossen innanfor kyrkjegardsmurane på. Svanøya. Segna fortel at krossen ein gang stod i Brandsøya, og at kong Olav fekk reist den der.

Svanøgården er vel først og fremst kjent for dei store gamle bygningane, etter mange si meining ein kulturskatt av dei sjeldne. Bygningane ligg på eit høgdedrag på den austlege delen av øya. Slik som hovudbygningane er no, er den samansett av sju deler.

Det er kjent at Svanøgården hadde ei "oppblomstring" i Hans Thiis Nagel si tid. Han var fogd over Sunnfjord og Nordfjord, og kjøpte garden i 1749. På sjølve Hovedgården var det den gangen 28 hus med

Brukyrkja og den store hovudbygningen som dei mest sentrale.

Svanøgården si historie er allsidig og fargerik, og spenner over eit stort spekter med "Herskap og tjenere". Mangt og mykje her, frå soluret ute i "borggården" til møblar og anna utstyr inne, fortel om stordomstid.

 



Korleis oppstod namnet Svanøy?

Om biskopen som fekk Bru i gåve av kongen, men som aldri fekk sjå den idylliske øya i Sunnfjord.

Ein merkedag i historia om Svanøya er 9. mars 1662.

Den gongen heitte øya Bru, og den største garden hadde same namn. Saman med 338 andre gardar og omlag 750 leiglendingar skifte Bru eigar. Kongen gav det heile til venen sin dr.Hans Svane. Men det vart til kortvarig glede for den kjende erkebiskopen av København. Han døydde i 1668 berre 62 år gamal utan at han nokon gong hadde sett det han åtte i Noreg. Enkja etter erkebiskopen, Marie Fiuren, fekk i 1685 kong Christian 5’s "velsigning" til å ta garden Bru som hovudsetegard, og til å gi den namnet Svanø etter namnet til mannen. Så vart det Svanø både for garden og øya.

 

Svanø var familien Svane sin eigedom fram til året 1718, altså i 56 år. I heile denne tida var ikkje ein einaste av familiemedlemmane på Svanø!

 

Svanønamnet var blitt grunnfesta, og då Ole Torjussen i 1804 kom til Øya, tok han namnet Ole Torjussen Svanøe. Seinare har garden vore i Svanøeslekta si eige.

 

 

To gode vener.

Forkynnaren
Stortingsmannen.

To viktige namn i samband med Svanøya, er Hans Nilsen Hauge og Ole Torjussen. Båe var dyktige i arbeid og han-del. Båe sette nøysemd og gudsfrykt høgt.
Hans Nilsen Hauge fekk greie på at Svanøya var til sals, og kom i februar 1804 til øya for å sjå på godset. Han hadde på denne tid skaffa seg ein bra kapital på handelen sin, og kom igjen i april same året for å kjøpe Øya. Kjøpesummen var 1199 riksdalar. Sjølv seier han: "I Bergen kjøbte jeg Vaaren 1804 en Landseien-dom, kaldt SvanØen 11 Mile nordenfor Bergen til en Ven av mig fra Hallingdal, Ole Torjussen". Men no var det slik at kjøpesummen vart betalt med det Ole Torjussen fekk for fedregarden sin i Hallingdal.

  Ole Torjussen var ein kar som fekk saker og ting i gang: Han bygde sagbruk og mølle, han sette i gang eit skipsbyggeri og seinare også saltkokeri. Hans Nilsen Hauge kjende til kunsten, og gav gode råd. Dette var på den tid at Hauge reiste rundt for å lære folket på kysten saltkoking. Få eller ingen i landet kunne kunsten å koke salt betre enn han.Ole Torjussen budde på Svanøya så lenge han levde - (1859). Han var på mange måtar ein merkeleg mann. Ahed Schou skriv:"Faa, eller rettere ingen andre, har hat en så opdragende, vækkende og utviklende indflydelse paa søndfjordfolket som han - "o "Frem gjennom aarene blev han mer og mer for folket den kjærlige far, hvis raad og veiledning ble søkt av gamle og unge. Ole var stortingsmann - og møtte m.a. på Stortinget i det historiske året 1814. Seinare var han å finne der i åra 1821 - 1828, i 1836 og i 1842. I året 1821 fekk han medaljen for borgerdåd.

 

Heftet om Svanøya er tilrettelagt og trykt på Flora Pedagogiske Servicesentral.
Florø, oktober 1980.
Tilrettelagt for Internett av Leiv-Arne Øien, januar 2000
Alle foto: Olav Solheim


Svanøy har fått eigne heimesider dei kan du sjå her.