Side 1 2 3 4 

Korleis oppstod namnet Svanøy?

To gode vener.

Erikstad

Om heidenskap og kristendom.

Steinkrossen, eit minne frå Olav den heilage.

Gudshus i omlag 500 år.

Svanøygården.

Kjempefurua.

Gruvedrift.

Fakta om Svanøy.

 



Erikstad 
- garden som etter det segn/historie fortel, har røter attende til Harald Hårfagre og Erik Blodøks.I dag er det Endre Svanøe som driv Erikstad. Garden er på 2800 dekar, skogen irekna.I det eldste våningshuset fins ei samling av bruksgjenstandar, mest slikt som gjennom tidene har vore brukt i husholdninga på garden. Men her er også jordbruksreiskapar. 

  Etter kvart skal det på den gamle løa byggast opp ei samling som skal vise ymse reiskapar for jordbruket gjennom ein lengre tidsperiode. Kystmuseet i Flora støttar det heile, og hjelper til på ymse måtar. Ikkje minst for skulane er tiltaket verdfullt. 

I vika nedanfor Erikstad er det bygd naust og kai. Her legg m.a. skuleskyssbåten til. 

Om heidenskap og kristendom. 

Framleis finn vi merker etter heidensk gudsdyrking nær staden der Brukyrkja vart bygd Mindre oldfunn tyder på at steinaldermennesket kjende øya, og at bronsealderfolka haugla sine døde her. Funna viser vidare at i bakkane ned mot stranda nord for hovudgarden har vore fleire anlegg som kan ha vore heidenske heilagdomar, anten det no var horg eller hov eller andre guddommelege bustader. 

Den dag i dag kan vi i terrenget her sjå ein elliptisk steinkrans omlag elleve meter vid. Og det er ikkje langt mellom steinkransen og til staden der den gamle Brukyrkja låg, kanskje ikkje meir enn 50 meter. Dette er noko som vart mykje brukt i overgangstida mellom heidenskap og kristendom: 

EIT GUDSHUS FOR KRISTENDOMMEN REIST NÆR EIN HEIDENSK HEILAGDOM. 

 

Steinkrossen, eit minne frå Olav den heilage.
I nærleiken av klokketårnet står det ein svær steinkross. Her er no kyrkjegard, og ein stad i dette området stod Brukyrkja. Steinkrossen er kjent som St.Olavs-krossen. Segna seier at heilagkongen reiste den i Brandsøya, men ingen veit noko om når krossen vart flytta - eller kvifor.  

 

  Krossar vart reist som samlingsplassar for folket når det skulle vere guds- teneste, og det finst fleire slike krossar på Vestlandet. Krossen på Svanøya er omlag 2 m. høg. På austsida finst ei runeinnskrift ovanfrå og nedover.

Gudshus.

I omlag 500 år samla folket seg til messe i den gamle Brukyrkja. Bru kyrkje blir nemnt i 1306 i Bjørgynjar Kalfskinn - (Bergens Kalvskinn), som fortalde om geistleg gods i Bergens Stift f rå det 14. hundreåret. Kyrkja har truleg stått der heile tida til ho vart riven ned i l870-åra. Med andre ord - i omlag 500 år. Bru kyrkje var i si tid annekskyrkje under den gamle hovud-kyrkja på Kinn. Den katolske kyrkja krev at det som regel i kvar kyrkje, ved kvart alter, skal haldast messe på søndagar og festdagar. Var det f leire kyrkjer i ein kyrkjelyd, vart dei tente frå hovudkyrkja. Her frå vart det sendt ut prestar for å lese messer på festdagar. Men Brukyrkja hadde eigen prest gjennom heile mellomalderen. 

  Klokketårnet finn vi nær Svanøgården, tett inn til gravplassen. Her ein stad stod Brukyrkja.
I dag blir det sokalla kjellarhuset ved Svanøgården brukt når det er gudsteneste på Svanøya.