Side 1 2 3

Korleis oppstod namnet Svanøy?

To gode vener.

Erikstad

Om heidenskap og kristendom.

Steinkrossen, eit minne frå Olav den heilage.

Gudshus i omlag 500 år.

Svanøygården.

Kjempefurua.

Gruvedrift.

Fakta om Svanøy.

 



Fakta om Svanøy::


  • Svanøy ligg i Sunnfjord - vest for Førdefjorden, sør for Florø.
  • Øya høyrer til bykommunen Flora.
  • Flatevidda er omlag 11000 mål.
  • Lengda omlag 5 km, breidda omlag 3 km.
  • Øya har rik flora og fauna. Her er vokstrar som er sjeldne på vestlandet. Av dyr kan nemnast hjort, orrfugl, tiur og røy, rugde, ørn og villmink.
  • Jordfunn viser at her budde folk alt i steinalderen, over 2000 år f.kr.
  • Soga fortel at vikingkongen Eirik Blodøks vart oppfostra på garden Erikstad.
  • Svanøya sitt opphavelege namn var Bru. etterlemningar er Brufjorden og Bruholmen.
  • Bru kyrkje var i si tid annekskyrkje under den gamle hovudkyrkja på Kinn.
  • I dag finn vi eit stort steinkors kjent som St.Olavs-korset - der Brukyrkja stod.
  • Hans Nilsen Hauge kjøpte Svanøygarden i 1804 for venen sin, Ole Torjussen, som no tok slektsnamnet Svanøe.
  • Truleg er bygningane på hovudgarden blitt til i kammerråd Hans Nagel si tid - han kom til Svanøy i 1750.
  • Namnet Svanøy har sitt opphav frå 1660-talet då erke-biskopen av København, Hans Svane, fekk Svanøya av Fredrik III.
  • Tidlegare var det gruvedrift på Svanøya (svovelkis, koparkis), og på det meste var det 70 mann i arbeid her.
  • Svanøy stiftelse vart oppretta 20.november 1972 - etter
    ein avtale mellom direktør Christian Sommerfelt og
    Kristoffer Svanøe.
  • Restaurering av bygningane på hovudgarden, tilrette-legging av naturpark, forskning og forsøk innan jord-bruk og skogbruk, er viktigaste oppgåvene.
  • På Slippholmen finn vi Svanøy båtbyggeri.
    utanom dei fire store gardane - Svanø gård, Erikstad,
    Solhaug og Kvalstad, er her 4 - 5 mindre bruk.
  • Heimesida til Svanøy.
 
 

 

 

 

 

 

 

 

Kjelder:

1.Carl 0. Gram Gjesdal: "Det synger på SvanØyna". Bergen, 1977.
2."SvanØy Stiftelset' - eit informasjonshefte.
3. Alhed Schou: "Svanøen i Søndfjord"
    - Billeder fra gamle dage - Kristiania 1912. 
4. "Hans Nilsen Hauge i Sunnfjord" - PTK - Førde 1978. 
5. Th. Tviberg:Svanøy - Sunnfjords sagaøy. "Firda", Førde.

Tekst: Olav Solheim
Foto: Olav Solheim
Heftet om Svanøya er tilrettelagt og trykt på Flora Pedagogiske Servicesentral.
Florø, oktober 1980.
Tilrettelagt for Internett av Leiv-Arne Øien, januar 2000