Side  2 


Intervju av Olav Solheim                                                                                 Bileta utlånt av Karen Sindre

Interessant oppdaging på eit berg ned mot sjøen.

Kontakt med professor Bø.

Kva tydde teikningane i berget?

Stein frå Stakaldeneset.

Låg det magi bak?

Korleis bevare teikningane frå forvitring?

Kunnskap og innsikt.

Hærverk på verdifull kultur.


Om Tor Grønevik.

Interessant oppdaging på eit berg ned mot sjøen.

Det er ein uvanleg fin sommarkveld her i Ausevik. Termometeret visar +20 grader. Sola har begynt å gå ned i vest. Klokka er blitt godt og vel 19.00. Vi har vore nede til helleristningsfeltet saman med Tor Grønevik og sett på helleristningane. Han har fortalt der nede, mangt og mykje, om opphav og tyding av helleristningane.

 

O.S: Tor, kor tid var det at du oppdaga disse her helleristningane? For eg veit jo det at det var du som fant dei.

Til det kan eg no då seie at far min flytte frå Eikefjorden, frå Grønevik i 1911 og hit i Ausevik. Feltet der som helleristningane er no, der var då flate berg innover, som var mykje overgrodd med lyng og mose. Og det var berre ein 2-3 dyre-teikningar som låg bare opp i dagen.

Vi lurte lenge på dissa teikningane. Eg tykte det var noko utanom det vanlege, men eg hugsar at eg spurde gamle folk om dei visste noko om disse teikningane. Og då kom dei gjerne med ei forklaring om at det hadde vore stort sildefiske for ein hundre år sida, her i fjorden. 

Og vidare med. Då hadde dei brukt detta feltet med helleristningar til å tolle nøtene sine på. Då nota tonna, så sat dei då og banka teikningar inn i fjellet, som ei tidatrøyte (tidsfordriv).

Men i 1932 fekk eg sjå i avisene bilete, eg trur det var i frå Vingen, frå helleristningane der borte. Då såg eg med ein gong, at dette måtte være helleristningar som var her. Eg skreiv då til Bergens Museum og professor Bø kom straks og såg på det. Ha fann då ut at dette var helleristningar. Seinar var han her i mange år om somrane. Han teikna dei opp og fotograferte.

Eg kan og fortelje det at her i Ausevik har vi funne ei steinøks og ein pilspiss av stein. Men noko anna stein i frå Steinalderen, har vi ikkje funne her.

Då eg melde frå om dette funnet her, hadde eg ikkje vore i Vingen. Men det kan hende det var bilde i frå Vingen som gjorde til det at eg skreiv. Seinare har eg lese ikkje så lite om Helleristningar. Det har vore forelesingar her borte på berga, med studentar frå universitetet i Bergen og professorar. Eg har no kjøpt bøker og interessen har vokse for helleristningar. Ja, eg har prøvd å sette meg inn i det på beste måte.

Dei lærde seier at teikningane her er laga i ein lengre tidsperiode. Dei eldste teikningane, reknar dei med er ein 4000 år, om lag som teikningane bort i Vingen.

 

Kontakt med professor Bø.

Eg hugsar at han Dr. Bø, som hadde vore i Vingen kom her. Han sa det at det ser ut som dei har reist i frå Vingen for ein 4000 år sidan, og hit i Ausevika. Og så har dei vore her gjerne i fleire tusen år. Til å begynne med har dei teikna same sorten som i Vingen, men etter kvart har interessen kome om andre ting, og dei har teikna andre slags teikningar. Dei har kome inn i Bronsealderen og teikningar som høvde til då.

 

  O.S: Så ein del av dei teikningane som er her i Ausevik, dei er av same slag, eller mønster, som i Vingen?

Akkurat. Han peikte på det han Bø, at disse her langstrakte hjortane, som er i galopp vestover, det er akkurat same sorten og forma som dei bort i Vingen. Likeins er det nokon krokar. Dei veit ikkje så sikkert kva dei krokane har vore for noko. Det kan ha vore fangstreiskapar eller noko å slenge eller skrape med. Der bort i Vingen er hundrevis av slike krokar, men her er nokon få. Det er akkurat same sorten.

 

Kva tydde teikningane i berget?

O.S: Men derimot har dykk fått ein del, ikkje så lite av nyare ting her, som du meiner, av teikninga?

 

  Ja, her er då kome ein heil del som ein kallar for solsymbolar. Det er runde sirklar. Vi har og offergroper og dyre-teikningar av eit meir tjukkfallen, sidmaga dyr. Av dyr som kan likne meir på tamme dyr, kyr kanskje. Det finst i alle fall ikkje den sorten bort i Vingen.

Stein frå Stakaldeneset.

O.S: Korleis trur du at desse her figurane har vorte til? Korleis har dei greidd å fått dei ned på berget?

Det trur dei, som skal ha greie på det… Ja, dei veit nokså sikkert at dei har hatt ein hard, litt langstrakt stein, som er god å halde i handa. Dei har hatt ein slik, som ein bor i venstre handa. Den måtte være spiss i neste enden. Dei kunne banke av han betar, slik at han stadig helt seg noko lunde spiss. I høgre handa har dei hatt ein større stein som dei har slege med. På den måten kunne dei få nokså visse slag på teikningane.

O.S: Det måtte være ekstra hardt materiale som denne steinen var av, som dei brukte til dette arbeidet?

Ja, den måtte være hard. Og nå, i det siste har dei arbeida bort i Brandsøya. Dei har funne mange steinar der, som det visar seg fins slike steinar av nede i Ausevika og. Dei har funne mykje der bort i Brandsøya, og seinare har dei funne steinbrotet, som disse steinane har vore tekne frå. Det er i Stakhaldeneset, i neset mellom Eikefjorden og Sandvik. Der er det at dei har funne denne steinen.

Det er nokon steinar som liknar på grønnstein, hard og på ein måte seig og. Kløyver dei han, så vert han kvasse som ein kniv.

 

  O.S: Når Ausevik blei valt som stad for denne biletkunsten her, kvifor trur du nettopp Ausevika?

Det kan være fleire grunnar til det. Mange grunnar har arbeidt saman, til at dei har valt ein plass her. For det fyrste så må det være eit felt som berget er finslipt, helst ikkje altfor hard stein. Her er det mjuk stein og fine slipte berg.

Andre ting kan vi nemne: Det har vore eit nes her tidlegare. Sjøen stod mange meter høgare for ein 4000 år sidan enn nå. Det kan være eit nes som dei såg lagleg til å jage hjorten utpå, få livet av han. Dei jaga han på sjøen kanskje, og sette etter han med skinnbåtar. Ja, dei hadde no pil og boge, handspyd og forskjellig.

Det var vel kanskje rikt med hjort og, som kunne være den vesentlegaste årsakene til at dei valte Ausevik.

Eg kan godt tenkje meg at dei har hatt ein samling stad, her i Ausevika. Dei har samla seg her frå eit større område, i frå ytre Sunnfjord: Tekje hjortejag, gått opp i fjellet og skogen og fått fat i hjorten. Når dei har fått han ned på berget der og fått livet av han, så har dei kokt seg kjøt og sodd, og leva godt nokon dagar. Det var vel ikkje alltid så lett for dei å kose seg?

 

Låg det magi bak?

O.S: Kva ligg eigentleg bak dette her med at dei laga disse her teikningane, disse helleristningane? Kvar var meininga, kvifor gjorde dei det?

Dei rekna med at det ligg mykje magi bak mykje av disse teikningane. Både kvifor dei teikna dei og av sjølve "skape" på teikningane.

Der er ein teori som går ut på det at dei tekna disse hjortane ned på berget, for at dei skulle ha ei magisk kraft til å få villdyra lettare ned, når det var tekna på berget.

Vi kan tenkje oss det at dei hadde slike samlings tider her, som dei seinare hadde i disse hova sine. I kring 1000 års skifte.

O.S: Når det gjelde granskingane her i Ausevik, kven er det utanom dei sjølve som har drevet dette arbeidet?

 

  Ja, bror min var no svært interessert i det og. Så lenge som han levde. Elles så har dei vore frå Bergens Museum i mange år, ein gong for året og fleire gonger. Fleire sortar fagfolk har studert, fotografert og teikna av helleristningane.

O.S: Ja, det er vel professor Hagen som er mest kjende, når det gjeld dei meir vitskaplege granskingane her på Ausevikfeltet?

Ja, det er det. Professor Bø var den første som fant disse teikningane. Han skreiv ei bok om helleristningane her. Dette var før krigen kom. Men då krigen kom blei manuskriptet her i frå Ausevik, og andre i frå Historisk Museum, ført inn i Borgund Stavkyrkje og gøymt der under krigstida.

På vegen tilbake til Bergen så kom det vekk, ikkje så lite av dette som Bø hadde skreve om Ausevik. Og så vart jo Bø så gammal at han slutta no med det. Det vart professor Hagen som samla dette her som var igjen etter Bø, og som var her og studerte dei opp att. Han skreiv til slutt ei bok om helleristningane her i Ausevik: "Studier i Vestnorsk bergkunst. Ausevik i Flora".