Sunnfjordbåten

Sunnfjordbåten må reknast som ein ekte skjergardsbåt, flatbotna som han er og med god form på dei hogne halsane. Med den flate botnen bar sunnfjordbåten mykje, og passa difor godt til sildefiske.
 
 Om vinteren blei det bygd båtar i kvar ein fjord i Sunnfjord frå Nordalsfjorden til Dalsfjorden. Båtbyggjarane for også omkring på gardane og bygde båtar, særleg til dei som hadde trevirke til båtar sjølve.Båtformen er ikkje berre båtbyggjaren sitt verk, fiskaren har vore med og kravd ei fullgod form som høvde for fisket, sjø og vindtilhøvet. Sunnfjordbåten var flatbotna med gode halsar. Han var lett å ro og stø under segl. Dersom vinden var gjorde han god fart. På kryssing og i stor sjø var han ikkje av dei aller beste. Flatbotna som han var, bar han etter storleiken mykje, så han høvde godt i skjærgarden og for sildefiske. Når silda "forsvann" omkring 1870, og dei gjekk over til linefiske på bankane vart Sunnfjordbåten ombytt med Nordfjordbåten.
Det var ein som lukkast med å skape om sunnfjordbåten til ein havbåt. Det var Ole Pedersen Halsnes (1854-1947) frå Sunde i Dalsfjorden. Han endra ein del på halsane og botnen. Og folk byrja å kjøpe desse båtane. I alt bygde han 300 båtar frå færingar til slagkeipingar.
 
Tilbake
Framsida
Framover