Forord 

Samandrag 


Bakgrunn
- bystyret er oppdragsgivar
-
forstudie
-
forprosjekt

Flora- samfunnet
- kommunen si rolle i lokalsamfunnet
- Flora har eit godt utgangspunkt
- spesielle utfordringar

Flora kommune sitt tenestetilbod
- utgangspunkt
- langsiktige mål og strategiar
- felles utfordringar i teneste- produksjon
-oppvekstområdet
-omsorgsområdet

Den kommunale organisasjonen
- utgangspunktet
- langsiktige mål og strategiar
- fellesutfordringar
-
Utfordringar og tiltak
- organisasjonen
- tenestetorg
- styring
- administrasjon

Kommunal økonomi
- utgangspunktet
- langsiktige mål og strategiar
- sentrale utfordringar
- hovudgrep
- økonomisk oversikt

Gjennomføring

Høyringsdokument

 Styringsgruppa 04.10.00

FORORD

Styringsgruppa for  OMSTILLING 2000 legg med dette fram høyringsdokumentet.  Dette betyr at prosjektorganisasjonen for omstillinga i Flora kommune sine forslag til endringar i struktur og tenester vert sendt på høyring. 

Nye Flora kommune vil bli ein betre kommune for innbyggjarane ved at det skal ytast betre og raskare service.  Beslutningane skal takast nærare dei det gjeld og kommunen skal bli ein betre stad å arbeide.  Ny informasjonsteknologi skal sikre publikum og tilsette god informasjon og kommunen vil i ny modell framstå som langt meir tilgjengeleg.  Den økonomiske omstillinga vil gjere det mogleg å byggje opp reservar.  Da kan vi oppnå større handlefridom og meir stabil drift - til beste for alle

Styringsgruppa si oppgåve har vore å sjå etter at prosjektet leverer ein rapport som er i samsvar med bystyret si bestilling og mandat.  Eit mandat som bl a seier at ein skal spare 20 millionar kroner i drifta frå og med 2003.  Rapporten viser at dette er mogleg, men ikkje utan å legge ned skular i distrikta eller la vere å byggje ut Aldersheimen etter gjeldande planar.  Som styringsgruppe har ein ikkje gått inn på ei prioritering av dei ulike tiltaka.  Avdi det nettopp har vore styringsgruppa si oppgåve å sjå til at tiltaka vart utgreidd.  Når styringsgruppa no har gjort sin jobb, vil det vere det politiske miljøet som vurderer dei ulike framlegga i tida fram mot bystyret si handsaming 7 november 2000.

Høyringsdokumentet vert sendt dei politiske partia, arbeidstakarorganisasjonane, grendautvala, Flora eldreråd , kommunale tenestestader og gjort tilgjengeleg på internett;           

-            www.floraskulen.com/omstilling.htm

På samme måte kan ein få utlevert dokumentet ved å rette seg til ekspedisjonen på rådhuset. 

Høyringsfristen er mandag 16 oktober 2000.  Eventuelle merknader må vere rådmannen i hende innan denne tid.  Merknader vert å sende:

 

-            Flora kommune, v/rådmannen, Strandgt 30, 6900 FLORØ

Delprosjektrapportane som danner grunnlag for dette høyringsdokumentet kan ein få ved å rette seg til stadene som nemnd ovanfor.  Delprosjektrapportane vert også lagt på ovannemnde webadresse.

Med bakgrunn i denne rapporten og innkomne merknader vil rådmannen fremme sak til bystyret 7 november 2000.

 

Florø 6 oktober 2000

 

Styringsgruppa