Havhesten

Plan for symjeopplæring i Flora kommune

Innhald

§12 i forskrift til opplæringslova

Rundskriv F 30/92
med vedlegg

Ordensreglar Havhesten

Branninstruks Havhesten

Redningsplan ved personskade

Mål for småskuletrinnet

Mål for mellomtrinnet

Mål for ungdomstrinnet

Idébank og øvelsesutval

Leik i vatn

Livberging

 

Innleiing 

Etter opninga av Havhesten i november 2000, har elevane i Floraskulen eit mykje betre utgangspunkt enn tidlegare for å få ei god symjeopplæring.

I L97 er symjeopplæringa ein del av planen for kroppsøving. Under innleiinga for faget kroppsøving, om arbeidsmåtar, står det på side 264: «Ut frå eit livbergingssynspunkt har aktivitetar i naturen og spesielt i vatn ei særstilling i skulen.»

Fagplanen for kroppsøving seier vidare kva som er mål på dei ulike trinna når det gjeld symjeopplæringa.

Dei fyrste åra er leik, vasstilvenning, sangleikar sentralt. Elevane bør lære seg å symje så tidleg som mogleg som ei «livsforsikring». Det er og viktig å merke seg at L97 legg opp til at «elevane skal berge seg sjølve i vatn» allereie i 3. eller 4. klasse.  Vidare oppover i klassetrinna er det mål om livberging og ulike symjeartar.

Måla for dei ulike trinna har Flora kommune tatt utgangspunkt i under arbeidet med å lage ein kommunal plan for symjeopplæringa.

Planen inneheld og ein idébank og øvingsutval, gjeldande lov, forskrift og rundskriv om tryggleik under symjeopplæring og Havhesten sin branninstruks, ordensreglar og redningsplanar.

For å kvalifisere lærarar og assistentar til å ha ansvar for tryggleiken under symjeopplæringa har alle gjennomgått eit kurs med teori og praktisk prøve. For å ha ansvar for tryggleiken må kvar einskild ta prøve ein gong pr. år og få eit kompetansebevis signert av ein godkjend instruktør.

Kommunal plan for symjeopplæring er laga av ei gruppe lærarar. I arbeidet med plan og organisering, har gruppa hatt kontakt med, og fått fagleg støtte frå Havhesten og Svømmegruppa i FSK. Deltakarar i gruppa har vore: Rune Horgen, Truls Petter Kittang, Tor Solheim Olsen, Øyvind Østrem, Ragnar Åmodt og Guri Langaas.

Florø 27.11.2000

Anders J. Moen
skulesjef  

Guri Langaas
pedagogisk rettleiar     

Last ned heile planen her: Plan for symjeopplæring